20220325tk_I1875

Forsvarets mediearkiv

Forsvaret jobbar no med ei ny og varig mediearkiv-teneste. Inntil vidare kan du nytte den førebelse løysinga vår.

Vinteren 2022–23 jobbar vi med å utvikle ei ny løysing for foto og video frå Forsvaret. Vi håpar løysinga er klar i løpet av vinteren 2023.

Vilkår for bruk av mediearkiv

Bell 412 SP er også tilstede under øvelsen Falcon Respons på Luftforsvarets base Rygge.
  • Innhaldet i Forsvarets mediearkiv er Forsvarets eigedom.
  • Når du nyttar våre bilete og videoar, skal du kreditere Forsvaret (Foto: fotografnamn/ Forsvaret). 
  • Du kan ikkje nytte Forsvarets bilete og videoar i kommersiell eller politisk samanheng. Du kan heller ikkje føre over Forsvarets foto og videoar til tredjepart, eller lagre dei i eigne databasar.
  • Du kan ikkje endre eller manipulere foto og videoar utan samtykke frå Forsvarets mediesenter.
  • Du skal heile tida følgje reglane i Ver Varsam​-plakaten.

Innhaldet i mediearkivet er opphavsrettsleg verna materiale. Brot på reglane om opphavsrett etter åndsverklova kan føre til erstatningsplikt, eller bli straffa med bøter eller fengsel.

Forsvarets mediearkiv og personvernet ditt

Anten du er journalist, forskar, bibliotekar eller student, kan du nytte mediearkivet vårt. Forsvaret kommunikasjon (FKOM) har ansvar for mediearkivet. Mediearkivet dokumenterer Forsvarets verksemd her heime og ute. Arkivet inneheld foto og video i høg oppløysing og er opent for alle.

Publisering i Forsvarets mediearkiv er basert på samtykke i tråd med personvernregelverket.

Vi har portrettfoto og bilete av mange menneske og tilsette i arkivet vårt. Ønskjer du å trekkje tilbake samtykke for bilete og filmklipp av deg i mediearkivet, send ein e-post til bilderedaktør Sissel Amundsen.

Sei frå kva bilete og filmklipp det gjeld, så slettar vi dei frå mediearkivet. 

For meir informasjon om personvernet ditt, sjå Forsvarets personvernerklæring.

Forsvarets foto
Les bruksvilkåra før du nyttar bileta våre.
Forsvarets videoar
Les bruksvilkåra før du nyttar videoane våre.

Kontakt Bilderedaktør

Sissel Amundsen

Telefon: +47 95 74 15 12