Økonomi

Få støtte under øvingar, kurs og ekstraordinær teneste i Heimevernet samt repetisjonsteneste.

Dette har du krav på

  1. OR 1 ​Meinig/flysoldat tenestetillegg per dag: 198,– kr

    OR 1+ Ledande meinig / vingsoldat får i tillegg per dag: 27,50 kr

    Kjem som «7700 HV/REP Tjenestetillegg» og «7723 Led menig/vingsold» på godtgjeringsslippen.

    Tillegg om du mistar lønn

    Du kan få eit skattepliktig tillegg på 555,50 kr per dag om du kan dokumentere at du mistar lønn frå arbeidsgivar, eiget føretak/firma eller eit offentleg kontor under øvinga. Det utbetalast òg for reisedagar til og frå tenesta. Tillegget blir òg gjeve til dei som tek imot arbeidsløysetrygd før dei møter til teneste. Er du i arbeid, bruk dette skjemaet:

    Orientering til arbeidsgiver, bokmål (pdf)

    Kjem som «7727 HV/REP Kompensasjonstill» på godtgjeringsslippen.

    Barnetillegg

    201,30 kr per dag for det første barnet, deretter 82,90 kr per dag for kvart barn om du har fleire. Tillegget er skattefritt.

    Kjem som «7709 HV Barnetill 1 barn/særk» for første barn og «7710 HV Barnetillegg Øvr barn» for fleire barn.

    Ektefelletillegg

    177,60 kr per dag for deg som er gift eller sambuar m/felles barn. Tillegget er skattefritt.

    Kjem som «7708 HV Ektefelletillegg» på godtgjeringsslippen.

  2. Sats per dag:

    OR 2 Visekorporal, visespesialist, visekonstabel: 1249,20 kr

    OR 3 Visekorporal 1. klasse, spesialist, ledende visekonstabel: 1280,70 kr

    OR 4 Korporal*, ledende spesialist, konstabel: 1328,– kr

    OR 4+ Korporal 1. klasse, seniorspesialist, ledende konstabel: 1419,20 kr

    ​*MERK! OR 4 må ikkje forvekslast med korporal etter gammal ordning, der meinig personell kunne få mellombels (midlertidig) grad som korporal. Dei får no sats som OR 1+.

    Kjem som «1005 Repøv. og HV-tjeneste» på godtgjeringsslippen. Er du tilsett i Forsvaret står satsen som «1014 Tilleggslønn HV REP».

  3. Sats per dag:

    OR 5 Sersjant, kvartermester: 1358,– kr
    *Tillegg 200,– kr

    OR 5+ Sersjant 1. klasse, vingsersjant, senior kvartermester: 1371,90 kr
    *Tillegg 200,–

    OR 6 Oversersjant, skvadronmester: 1419,20 kr
    *Tillegg 300,– kr

    OR 7 Stabssersjant, flotiljemester: 1488,80 kr
    *Tillegg 400,– kr

    OR 8 Kommandersersjant, orlogsmester: 1801,10 kr
    *Tillegg 500,– kr

    OR 9 Sersjantmajor, flaggmester: 1921,10 kr
    *Tillegg 600,– kr

    *Kun for deg som ikkje er omfatta av hovedtariffavtalen i staten. Utbetalast kun på øving og årleg trening, IKKJE for administrative dagar, møte, kurs eller ekstraordinær teneste (§ 17).

    Kjem som «1005 Repøv. og HV-tjeneste» på godtgjeringsslippen din. Er du tilsett i Forsvaret står satsen som «1014 Tilleggslønn HV REP». Eventuelt tillegg kjem som «3105 Omforent till. HV/REP-øv».

  4. Sats per dag:

    OF 1 Fenrik: 1371,90 kr
    *Tillegg 200,– kr

    OF 1+ Løytnant: 1419,20 kr
    *Tillegg 300,– kr

    OF 2 Kaptein, kapteinløytnant: 1488,80 kr
    *Tillegg 400,– kr

    OF 3 Major, orlogskaptein: 1801,10 kr
    *Tillegg 500,– kr

    OF 4 Oberstløytnant, kommandørkaptein: 1921,10 kr
    *Tillegg 600,– kr

    *Kun for deg som ikkje er omfatta av hovedtariffavtalen i staten. Utbetalast kun på øving og årleg trening, IKKJE for administrative dagar, møte, kurs eller ekstraordinær teneste (§ 17).

    Kjem som «1005 Repøv. og HV-tjeneste» på godtgjeringsslippen din. Er du tilsett i Forsvaret, områdesjef eller troppssjef i innsatsstyrkane i Heimevernet, står satsen som «1014 Tilleggslønn HV REP». Eventuelt tillegg kjem som «3105 Omforent till. HV/REP-øv».

  5. Ekstraordinær teneste (§ 17)

    SATS: 1475,– kr per dag

    OMHANDLAR: Ekstraordinær teneste etter forsvarsloven § 17 som skarpe operasjonar, leiteaksjonar m.m. Satsen er lik for alt personell. Kjem i tillegg til tenestetillegg og godtgjersler.

    VILKÅR: Følgande tillegg forsvinn når du får tillegg for ekstraordinær teneste: innsatsstyrketillegg og tillegg for spesialistbefal/offiserar som ikkje er tilsette i staten. Tillegget er skattepliktig.

    Kjem som «7702 HV Ekstraordinær tjeneste» på godtgjeringsslippen.

    Godtgjersle ved kurs i heimevernet

    SATS: 1450,– kr per dag

    OMHANDLAR: Gjeld alle som deltek på kurs i Heimevernet, uavhengig av grad.

    VILKÅR: Godtgjersla er skattepliktig og utbetalast utan andre tillegg eller godtgjersler.

    Kjem som «7712 Kurstillegg (S)» på godtgjeringsslippen.

  6. Signeringsbonus

    SATS: 5000,– kr totalt

    OMHANDLAR: For å signere avtale med innsatsstyrke.

    VILKÅR: Bonusen er skattepliktig.

    Kjem som «3121 Startbonus HV innsatsst» på godtgjeringsslippen.

    Sluttbonus

    SATS: 31 000,– kr totalt

    OMHANDLAR: Avtaleperiode med innsatsstyrke på 3 år.

    VILKÅR: Bonusen er skattepliktig.

    Kjem som «3122 Sluttbonus HV innsatsst» på godtgjeringsslippen.

    Innsatstillegg

    SATS: 1067,50 kr per dag

    OMHANDLAR: Gjeld berre personell med kontrakt i innsatsstyrkane. Kjem som tillegg frå og med dag 7 for meinige som OR 1 og OR 1+ og frå og med dag 10 for spesialistar/befal/offiserar.

    VILKÅR: Utbetalast for maksimalt 30 dagar per år. Du får ikkje innsatstillegg på nivåhevande kurs eller under ekstraordinær teneste (§ 17). Tillegget er skattepliktig.

    Kjem som «7705 Innsatstillegg Menig» eller «3120 Innsatstillegg Befal» på godtgjeringsslippen.

  7. Kompensasjon for administrative utgifter skal mellom anna dekkje elektronisk eller digitalt kommunikasjonsutstyr, kontormateriell eller bruk av heimekontor. Kompensasjonen er skattepliktig.

    Områdesjef i Heimevernet, troppssjef i innsatsstyrke eller distriktslotte

    Får høg sats på 1600,– kr.

    Kjem som «7790 – Adm kompensasjon HØY sats» på godtgjeringsslippen.

    Ungdomsleiar i heimevernsungdom

    Får lav sats på 400,– kr.

    Kjem som «7791 – Adm kompensasjon LAV sats» på godtgjeringsslippen.

  8. Berre for områdesjef og innsatsstyrke

    Forsvaret utbetalar feriepengar for aktivitet til områdesjefar i Heimevernet og soldatar som har tenestegjort i innsatsstyrkane.

    Feriepengane er berekna til 10,2 % av grunnlaget og blir utbetala på juni lønn.

    Berekningsgrunnlag innsatsstyrke

    • Innsatstillegget
    • Godtgjøresle etter grad (OR/OF) knytta til innsatstillegget, utover tenestepliktige dagar. Dei lovpålagde tenestepliktige dagane for Heimevernet er inntil 6 dager for soldater med meinig grad og 9 dagar for offiser, befal og spesialist
    • Risikotillegg knytt til teneste i innsatsstyrken

    Berekningsgrunnlag områdesjef

    • Fast månadleg godtgjersle
    • Variabel godtgjersle for arbeid som ikkje er dekt i den faste godtgjersla, utover tenestepliktige dagar. Dei lovpålagde tenestepliktige dagane for Heimevernet er inntil 6 dager for soldater med meinig grad og 9 dagar for offiser, befal og spesialist
  9. Om du må ettersende dokumentasjon angåande godtgjersle og tillegg, last det opp i kontaktskjema:

    Logg inn

    Hugs: Skriv frammøtedato for øvinga.

Til arbeidsgivar (PDF)

Skjema til deg som er i arbeid og er innkalla til teneste. Ekstra viktig om du ikkje får lønn under tenesta.

Pil til høyre
Illustrasjon arbeidsgiver
Utbetaling
Utbetaling i Forsvaret skjer den 12. i kvar månad.
Refusjonar
Refusjonar på reise utbetalast oftare enn ein gong i månaden.

Søk støtte

  1. Du kan få økomisk støtte om inntekta i husstanden i tenesteperioden er mindre enn dei faste bu- og levekostnader i same tidsrom. Minimumsbeløpet er på netto 450,– kr per dag. Det er inga øvre grense for bidraget.

    Krav til dokumentasjon er opplyst i søknadsskjema.

    Du kan søke om støtte om du kjem i ein urimeleg økonomisk situasjon på grunn av tenesta. Søknadsfrist er seinast 3 månader etter avslutta teneste.
  2. Du kan søke om økonomisk støtte dersom tenesta påfører din husstand ekstrautgifter til barnepass. I søknaden må du forklare, og dokumentere der det er mogleg, kva slags ekstrautgifter du får.

    • Alternativ 1: Du leiger ei barnevakt. Lønn til barnevakt kan bli dekt med 150,– kr per time eller 1800,– kr per døgn. Døgnsats blir normalt berre gitt når barnevakta aleine har ansvaret for barn i 11 timar eller meir per døgn.
    • Alternativ 2: Din ektefelle/sambuar kan ta permisjon utan lønn frå jobb for å passe barna. Du kan etter søknad få dekt heile eller delar av inntektstapet.

    I tillegg kan du søke om støtte til reiseutgifter du eller barnepassar har i forbindelse med pass av barn under tenesta. Her dekkast normalt ein tur-retur.

    Du kan òg søke om støtte til ekstrautgifter til barnepass og andre forhold. Søknadsfrist er seinast 3 månader etter avslutta teneste.
  3. For deg som ikkje har vikar (nedlagt drift)

    Du som eig og driv eiga bedrift, aksjeselskap, andelslag eller tilsvarande kan søke om støtte. Støtta vurderast etter bedrifta sin økonomi. Du må ha hovudinntekt frå bedrifta. Bedrifta kan ikkje ha fleire enn 5 årsverk.

    For deg som vel å stille bedrifta i ro, kan det gis støtte til faste, laupande kostnader medan du er i Forsvarets teneste. Støtta delast på antall årsverk i bedrifta. Maksimalbeløpet er 2000,– kr per dag. Minimumsbeløpet er 500,– kr per dag. Krav til dokumentasjon er opplyst i søknadsskjema.

    For deg som leiger vikar

    Gjeld deg som eig og driv eiga bedrift, aksjeselskap, andelslag eller tilsvarande. Støtte til leige av vikar er behovsprøvd i forhold til bedrifta sitt overskot. Det betyr at bedrifta sitt overskot skal dekke delar av lønskostnadane. Maksimalbeløpet er 2000,– kr per dag. Minimumsbeløpet er 500,– kr per dag.

    Du må ha hovudinntekt frå bedrifta. Bedrifta kan ikkje ha fleire enn 5 årsverk. Krav til dokumentasjon er opplyst i søknadsskjema.

    Forenkla søknad

    Du kan få minimumsbeløpet på 500,– kr per dag. Dokumentasjon ikkje nødvendig, men du må bekrefte om du mottar lønn frå annan arbeidsgivar (og ev. kor mykje lønn).

    Søknadsfrist er seinast 3 månader etter avslutta teneste.

Reiserekning

Om du har gjennomført ein aktivitet i Heimevernet eller i styrkestrukturen må du fylle ut reiserekning.

Fyll ut reiserekning så snart som mogleg etter aktiviteten.

For attestasjonsansvarleg: Rettleiar for attestasjon (pdf)

Fyll ut reiserekning
Registrer både reisa til aktiviteten og heim igjen. Om du har utgifter som krev dokumentasjon, må dei lastast opp som PDF.
Attestasjon
Attestasjon er berre for dei som skal saksbehandle reiserekningar (attestasjonsansvarleg).
Fredsregulativet
Pil til høyre
Etterbetaling av feriepengar