Vilkår for bruk av profilen

Forsvarets visuelle profil er verna av opphavsretten. Brot på reglane i åndsverklova kan gi grunnlag for erstatning og straffast med bøter eller fengsel.

I tillegg til åndsverklova er profilen til Forsvaret òg verna gjennom straffelova, kapittel 19, §165. Forsvarets logo er underlagd resolusjon om Noregs riksvåpen.

Det er berre leverandørar som har skriftleg avtale med Forsvaret som kan nytte seg av profilen. Alle som utarbeider produkt der Forsvaret er avsendar, plikter å følgje Forsvarets visuelle profil. Elementa i den visuelle profilen skal ikkje nyttast i andre samanhengar enn der Forsvaret er avsendar.

Eksterne leverandørar plikter å handtere materiale dei får utdelt, slik at ikkje uvedkomande får tilgang til det. 

Etter bruk må eksterne leverandørar slette filer og liknande som inneheld element frå Forsvarets visuelle profil.

Visuelle produkt skal berre nyttast innanfor avtalte og godkjente område. Dette vil kome fram gjennom eigenarten eller rettleiinga til produktet.

Kontaktperson

Claus Andreas Østby

Seniorrådgivar
Forsvarssjefens heraldiske rådgivar og profilforvaltar
Telefon: 915 03 003