Sjøforsvarets musikkorps ombord KNM i forbindelse med en strømmet konsert under korona.

Sjøforsvarets musikkorps

Med base på Bergenhus festning er Sjøforsvarets musikkorps ein tydeleg kultur- og tradisjonsbærar for Forsvaret på vestlandet.

Sjøforsvarets musikkorps (tidligare Forsvarets musikkorps vestlandet) er eitt av Bergens to heilprofesjonelle orkestre. Som eitt av Forsvarets fem profesjonelle musikkorps utgjer Sjøforsvarets musikkorps eit dynamisk ensemble som båe løyser seremonielle og konserterende oppdrag for Forsvaret.

Spesielt innan ny musikk har korpsets gjort seg merka, med ein rekke kritikerroste plateinnspillingar, festivalframsyningar, urfremføringar og ikkje minst kåringa av Årets Utøver av Norsk Komponistforening i 2008. Korpset høyrer til på Bergenhus, men løyser oppdrag og opptrer i heile landsdelen såvel som på nasjonale og internasjonale arenaer.

Konsertar i januar og februar

Me i Forsvarets musikk følgjer styresmaktenes føringar nasjonalt, regionalt og lokalt for smitteavgrensande tiltak. Me ser oss difor nøydd til å avlysa alle arrangement med publikum til stades i januar og februar, i tråd med desse pålegga. Forsvarets musikk ynskjer å vere ein pådrivar for godt smittevern og tar vår del av denne viktige dugnaden. Forsvarets musikk må ivareta beredskap for å kunne løyse prioriterte oppdrag for Forsvaret.

Me tenkjer på dykk og me jobbar med høve til å nå ut til publikum på digitale flater.

Vitja gjerne korpsa sine Facebook-sider for å sjå konsertar det er gjort opptak av den siste tida.