F-35 – Forsvarets nye kampfly

F-35 har heilt unike eigenskapar som gjer det til eit av verdas beste kampfly.

F-35 tar av fra Keflavik International Airport under IAP 2020.

Noreg har no tatt imot fleire F-35, og vi vil på sikt få inntil 52 kampfly. Hovudbasen til dei norske kampflya er Ørland flystasjon, med ein framskoten base på Evenes.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Kampfly er ein av dei viktigaste kapasitetane i ​eit moderne og effektivt forsvar.​ Flya sikrar at vi kan hevde norsk suverenitet og halde enda betre kontroll med områda våre på land, til havs og i lufta.​

Med F-35 blir Noreg tøffare og raskare ved utrykkingar og avskjeringsoppdrag i nordområda. Sensorane gjer at F-35 vil finne, følgje og identifisere andre fly frå langt større avstandar enn i dag. F-35 kan dessutan gjere denne jobben utan å bli oppdaga av andre fly.

I verdsklasse

Kampflya har avanserte system som samlar og fordøyer alle data og målingar frå sensorane. Flyet lagar dermed eit ferdigtygga bilete som gir flygaren ei overlegen forståing og oversikt over situasjonen. Dette kan flygaren bruke til eigen fordel for å vinne ein luftkamp.

Fleire av dei viktigaste allierte og partnarane våre har òg kjøpt F-35. Eit felles kampflysystem vil difor gjere fleirnasjonale luftoperasjonar og anna militært samarbeid langt enklare og meir effektivt i framtida.​​

  • Dei første F-35 landa i Noreg 3. november 2017. Då starta ein omfattande test- og evalueringsfase av dei nye kampflya.
  • Hausten 2019 starta F-35 gradvis å ta over oppgåvene til F-16. Den norske F-35-flåten blir fullt operativ frå 2025.
  • Dagens F-16 løyser QRA-oppdraget frå Bodø ut 2021. Frå 2022 tar F-35 over QRA-beredskapen frå Evenes, og samstundes blir dei norske F-16-flya pensjonerte.

Mykje meir enn ein ny F-16

​Sidan 1980 har F-16 vore ein avgjerande kapasitet for det norske forsvaret, og i 2025 blir dei avløyste av F-35. Men dei nye kampflya er langt meir enn ei erstatning for dagens jagarfly – dei er eit heilt nytt system som tar Forsvaret inn i ei ny tid. Samanlikna med F-16, er F-35 langt betre eigna til å bidra i det framtidige forsvaret av Noreg. 

F-35 har alt av drivstofftankar, våpen og sensorar inne i flyet. Dette gir flyet overlegne egenskapar til å skjule seg for radarar og andre fly. F-35 har dessutan system og sensorar som gjer flyet overlegen i luftkamp.