Emneside for MILM1301 Sjømaktens grunnlag

Hva lærer du

Emnet bygger på fellesemna i fyrste semester og har som føremål å tilføre kadettane kunnskapar og ferdigheitar for å kunne forstå den sjømilitære profesjon og utvise skjønn i sjømilitære problemstillingar. Kjernen i den militære profesjonen er eins evne til å utvise godt skjønn i dei mellommenneskelege, etiske, taktiske og strategiske domena, og dette under kaotiske tilhøve med tidspress og potensielt stor fare. I emne 5 skal kadettane bli tilført kunnskapar og ferdigheitar som utgjer felles byggjesteinar i slik utøving av skjønn.

Emnet er tverrfagleg og mykje av undervisinga vil integrere dei ulike fagemna i kvarandre. Emnet vil i all hovudsak bli gjennomført på tokt med KNM Statsraad Lehmkuhl. Å være om bord er særs viktig for å få kunnskap om ein av dei mest særeigne tilhøva med den sjømilitære profesjonen, å være på havet. Det fysiske miljøet vil prega fagleg-, individuell- og gruppeutvikling. Det vil også påverke undervisingsformar og pedagogisk tilnærming. Fellesnemnaren er orlogsskipet (KNM Statsraad Lehmkuhl) og korleis få eit «happy ship»?.

(«Happy ship» er eit marineomgrep som betyr eit skip kvar mannskapet arbeidar harmonisk saman, ein organisasjon prega av lagånd, samspel og høg moral. Omgrepet «happy» har i seg sjølv ei spesifikk tyding i marinen. Å vere happy betyr at ein har forstått sine oppgåver, at ein ikkje har trong for vidare instruksar og føringar. Eit «happy ship» er med andre ord også eit skip kvar den einskilde løyser sine oppgåver aleine og i samarbeid, utan å måtte få føringar og instruksar. Mannskapet er sjølvdrive, den einskilde ser seg som ein del av ein heilskap og skipet blir drifta effektivt.)

Me vil løfte fram havdomenet, teori og historie (sjømakt og sjøkrig), samt setje dette inn i kulturelle og internasjonale omgjevnader (internasjonal politikk). Emnet tar utgangspunkt ein modell kvar me fokuserer på å skape eit felles narrativ, ei felles forteljing, som alle delemna tek utgangspunkt i.

Etter gjennomgått emne skal kadettane ha forståing for mogelegheiter og avgrensingar i bruk av sjømakt. Ein skal også ha eit overordna perspektiv på Noreg som maritim nasjon med omfattande maritime interesser og kva rolle Sjøforsvaret har i handsaming og trygging av desse. Samla skal dette gje kadetten eit klårt bilde av konteksten ein marineoffiser arbeidar i og kva for krav og forventingar som setjast til marineoffiseren og vedkommande sitt leiarskap. Samla skal undervisinga og utviklinga av individuell- og teamorientert leiarskap gi kadetten eit menneskeleg, fagleg og yrkesetisk grunnlag for å utvikle og utøve godt sjømilitær leiarskap.

Følgjande delemnar vil inngå i emnet:

  • Sjømakt og tryggleiksstudier (ST): Emnet er eit profesjonsspesifikt kjernefag som skal gi kadetten forståing for bruk av sjømakt som eit tryggingspolitisk verkemiddel, nasjonalt og internasjonalt, i fred, krise og krig, i notid, framtid og fortid.
  • Sjømilitært leiarskap (SL): skal gi kadetten eit menneskeleg, fagleg og yrkesetisk grunnlag for å utøve sjømilitært leiarskap.
  • Sjømilitær engelsk (SE): skal gi skriftleg og munnleg kommunikasjonskompetanse i generell og sjømilitær engelsk.

Dei ulike delemna som inngår i emnet vil bli undervist parallelt, men også dels tverrfagleg. Særleg vil delemna sjømilitær engelsk og sjømilitært leiarskap bli trekt inn i dei andre delemna. 

  1. Kunnskap

    Etter fullført emne kan kadetten:

    • skildre sjømaktsteori og sentrale sjømaktsomgrep.
    • forklare grunntrekka i sjøkrigshistoria og forståing for den historiske utviklinga av sjømakt, samt kunne grunnleggande vurdere denne opp mot teknologiske, økonomiske og geopolitiske endringar (sjømakt i internasjonal konfliktteori).
    • skildre grunnleggande sjømilitær leiing med fokus på ulike leiingsteoriar, leiingsfunksjonar, etisk refleksjon og praktisk bruk av leiingsteoriar i ein sjømilitær kontekst.
    • vise grunnleggande forståing for korleis einskildindivid og grupper handlar og tenker innanfor rammene av ein militær organisasjon.
    • gi døme på betydinga av engelsk kommunikasjon og tverrkulturell tilnærming generelt og i militære operasjonar spesielt.
    • demonstrere eit godt ordforråd for både profesjonell og sosial bruk, med fokus på sjømilitær og maritim engelsk.

    Ferdigheter

    Etter fullført emne kan kadetten:

    • nyttegjere kunnskap om sjømakt, tryggingspolitikk og internasjonal politikk til å vurdere, karakterisera, skildre og forstå væpna konfliktar og sjømakta si rolle i dei.
    • nyttegjere teori for å skape eit målretta, problemløysande og språkskapande samspel med andre relevante.
    • bidra til å skape eit læringsmiljø som set avdelinga/teamet i stand til å førebu og gjennomføre maritime operasjonar som eit «happy ship».
    • mestre tydeleg og korrekt engelsk uttale, samt kunne lese og forstå relevant engelskspråkleg sjømilitær og maritim faglitteratur.
    • reflektere over praksis om bord på engelsk.

    Generell kompetanse

    Etter fullført emne kan kadetten:

    • vise grunnleggande kompetanse om å tenestegjere om bord på eit fartøy, vere del av eit skipsmannskap og korleis sjømakt nyttegjerast innanfor ei tryggingspolitisk ramme.
    • forstå fagdebattar i Forsvaret og det offentlege ordskiftet om norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk innanfor det maritime domenet.
    • oppsummere grunnleggande innsikt i sjømilitære fag- og yrkesetiske problemstillingar.
    • formidle sentralt fagstoff i leiing (teoriar, problemstillingar og løysingar) skriftleg, munnleg og gjennom andre uttrykksformer.
    • vise innsikt i betydinga av engelsk kommunikasjon som ein grunnleggande ferdigheit i den sjømilitære profesjonen.
    • utveksle synspunkt og erfaringar på engelsk med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling effektive kommunikasjonsformar og betre felles medvit.
  2. Organisering og koordinering

    Delemna er vekta slik: Sjømakt og tryggleiksstudier 35%, sjømilitærleiarskap 35% og sjømilitær engelsk 30%. Dei tre delemna skal sjåast på som ein heilskap med stor grad av vekselverknad og tverrfagleg tilnærming. Skriftlege arbeider og presentasjonar skal t.d. gjerast på engelsk, alle øvingsoppgåver og øvingar skal likeeins brukast inn i leiarskapsfaget. All undervising skal ta utgangspunkt i eit felles narrativ som skildra ovanfor.

    Arbeidsmåtar

    Emnet vil i all hovudsak finne stad om bord på KNM Statsraad Lehmkuhl med det føremål å gjere kadetten kjent med å være om bord på et fartøy. Undervisninga skal difor nyttegjere det at ein er om bord. Det skal fokuserast på arenaer kvar dei einskilde kadettar og kadettlag skal utarbeide presentasjonar og legge fram synspunkt, og ei tilnærming kvar ein arbeidar langsiktig med arbeidskrav. Dette inneber at den einskilde kadett både skal laga eigne arbeider og gje tilbakemeldingar på dei andre kadettane under kvalifisert rettleiing. Utover dette, så skal sjølvstudium under rettleiing ligge til grunn som felles metodisk tilnærming i emnet. Dette betyr mellomanna at lærekreftene i periodar skal fokusere på tilgjenge og tilbakemelding, framfor tradisjonell undervising (føredrag). Praktisk sjømannsskap skal utgjere bakgrunnen ein hentar dømer frå og skal nyttast for å fremje utvikling innan leiarskapsfaget.

    Kadettane skal i løpet av toktet med KNM Statsraad Lehmkuhl skrive to arbeid på engelsk. Eit i sjømakt (spesifisert emne) og eit i leiarskap (spesifisert emne). Desse arbeidskrava skal delevaluerast undervegs gjennom aktiv bruk av seminar (kollokvia).

  3. Sjømilitær ledelse 

    Johnsen, E., Busch, T. & Vanebo, J. O. (1995). Ledelse av ledelsesprosessen. Oslo: Tano. (s. 9- 52, 71-83).

    Lavery, B. (2017). The Royal Navy officer's pocket-book 1944. Oxford: Osprey. (s. 14-26).

    Martinsen,  Ø. L. & Lai, L. (2017). Problemløsning , beslutninger og kreativitet i organisasjoner. I S. Einarsen, Ø. L. Martinsen & A. Skogstad (Red.), Organisasjon og ledelse (s. 199-224)Oslo: Gyldendal Akademiske.

    Sjøvold, E. (2014). Resultater gjennom team. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 13-145, 225-272).

    SMP-17(B) Håndbok for brann og havariverntjenesten i Sjøforsvaret. (2018). Bergen: Sjef Marinen. (kap 3-14 og 32).

    Vandergriff, D. & Webber, S. (Red.) (2017). Mission command. Seattle: Amazon. (s. 36-38).

    Waaler, G., Nilsson, S., Larsson, G. & Espevik, R. (2013). Ars vitam tollendi - kunsten å slå i hjel. Pacem, (1&2), 5-26.

     

    Norsk sjømakt og sjøkrigshistorie 

    Forsvarets doktrine for maritime operasjoner. (2015). Bergen: Sjøforsvarsstaben. (s. 24-47, 48-70, 84-120, 122-131, 170-187).   

    Hobson, R. & Kristiansen, T. (2001). 62 dager: Felttoget. I R. Hobson, T. Kristiansen & O. G. Engdal (Red.), Total krig, nøytralitet og politisk splittelse 1905-1940​: Norsk forsvarshistorie, (bd. 3, s. 260-283, 296-318). Bergen: Eide forlag.

    Joint Doctrine Publication 0-10: UK Maritime Power. (2011) (3. utg.). London: Ministry of Defence. (s. 3-1 - 3-12).

    Kristiansen, T. (2010). 1940-1945: Sjøforsvaret i krig. I B. Terjesen, T. Kristiansen & R. Gjelsten (Red.), Sjøforsvaret i krig og fred: langs kysten og på havet i 200 år. (s. 307-339). Bergen: Fagbokforlaget. 

    Kristiansen, T. (2017). Sjøforsvarets rolle hjemme og ute gjennom 200 år. I B. Terjesen & R. Gjelsten (Red.), Sjømilitær kompetanse og lederutvikling i 200 år: Sjøkrigsskolen 1817-2017. (s. 33-45). Bergen: Bodoni forlag.

    Lindbäck-Larsen, O. (1965). Krigen i Norge 1940. Oslo: Gyldendal. (s. 13-18).

    Rahn, W. (2001). Operation Weseruebung April 1940: German and allied strategy and operational approach in Northern Europe 1939-40. Upublisert.

    Riste, O. (1990). Weserübung: Det perfekte strategiske overfall? Oslo: Institutt for Forsvarsstudier, Oslo. (s. 4-21).

    Ruge, O. (1989). Felttoget: general Otto Ruges erindringer fra kampene april-juni 1940. Oslo: Aschehoug. (s. 7-10, 203-216). 

    Tamnes, R. (2004). Major coastal state, small naval power: Norway’s cold war policy and strategy. I R. Hobson & T. Kristiansen (Red.), Navies in northern waters : 1721-2000 (s. 222-248). London: Frank Cass. 

    Tamnes, R. (2018). The high north: a call for a competitive strategy. I J.A. Olsen (Red.), Security in Northern Europe: deterrence, defence and dialogue (s. 8-22). Abingdon: RUSI. 

    Terjesen, B., Kristiansen, T. & Gjelsten, R. (2010). Introduksjon. I B. Terjesen, T. Kristiansen & R. Gjelsten, Sjøforsvaret i krig og fred: langs kysten og på havet i 200 år. (s. 15-21). Bergen: Fagbokforlaget.

     

    Internasjonal sjømakt og sjøkrigshistorie 

    Freedman, L. (2007). The official history of the Falklands campaign: Vol. II. War and diplomacy. London: Routledge. (kap. 5, 21-22, 29-30, 48) 

    Grove, P. D. ( 2005). Falklands conflict 1982: the air war: a new appraisal. I S. Badsey, R. Havers & M. Grove (Red.) The Falklands conflict twenty years on: lessons for the future. (s. 265-281). London: Frank Cass. 

    Hughes, W. P. (2013). A tactical model of carrier warfare. I T. C. Hone (Red.), The battle of Midway: the Naval Institute guide to the U.S. Navy’s greatest victory. (s. 300-304). Annapolis: Naval Institute Press. 

    O’Brien, P. P. (2015). How the war was won: air-sea power and allied victory in World War II. Cambridge: Cambridge University Press. (s. 228-265).

    Potter, E. B. (1986). Seapower: a naval history. Annapolis: Naval Institute Press. (s. 257- 269).

    Symonds, C. L. (2005). Decision at sea:  five naval battles that shaped American history. Oxford: Oxford University Press. (s. 197-262, 263-320). 

    Till, G. (1994). The battle of the Atlantic as history. I S. Howarth & D. Law (Red.), The battle of the Atlantic 1939-1945: the 50th anniversary International Naval Conference. (s. 584-595). Annapolis: Naval Institute Press.

    Till, G. (2013). Midway: the decisive battle. I T. C. Hone (Red.), The battle of Midway: the Naval Institute guide to the U.S. Navy’s greatest victory. (s. 305-311). Annapolis: Naval Institute Press.

     

    Sjømilitær engelsk  

    Beech, H. & Haag, M. (2017, 20. august). 10 missing after US Navy ship and oil tanker collide off Singapore. NY Times.  

    Faram, M. D. (2017, 17. august). Maybe today's Navy is just not very good at driving ships. navytimes.com

    Norwegian armed forces joint operational doctrine. (2014) Oslo: Forsvarsstaben. ( s. 112-116).

    Marquet, L. D. (2012). Turn the ship around. New York: Portfolio . (s. xix-xxvi). 

    Joint Doctrine Publication 0-10: UK Maritime Power. (2011) (3. utg.). London: Ministry of Defence. (s. 42-47).

    Moss, S. (2012, 21. august). Life onboard a British nuclear submarine. The Guardian

    Shane, S. (2017, 23. juni). Maritime mystery: why a US destroyer failed to dodge a cargo ship. NY Times.

    US Government (tekst og henvisning kommer senere). 

    I tillegg blir det utdelt kompendium i grammatikk, English Grammar.

  4. Obligatorisk arbeidskrav:VeiledningssamtalerAntall arbeidskrav:Påkrevde arbeidskrav:Fremmøteplikt:RequiredKommentar:

    Vurderinger:

    Vurderingsform: Mappevurdering, individuell. Delemne Sjømilitær engelsk, skriftlig; første del av toktet.

    Karakterskala: A-F

    Andel: 10 %

     

    Vurderingsform: Mappevurdering, individuell. Delemne Sjømilitær engelsk, skriftlig; andre del av toktet.

    Karakterskala: A-F

    Andel: 10 %

     

    Vurderingsform: Mappevurdering, individuell. Delemne Sjømilitær engelsk, muntlig.

    Karakterskala: A-F

    Andel: 10 %

     

    Vurderingsform: Mappevurdering, individuell.Delemne Sjømilitært lederskap, skriftlig.

    Karakterskala: A-F

    Andel: 10 %

     

    Vurderingsform: Hjemmeeksamen, individuell.Delemne Sjømilitært lederskap.

    Karakterskala: A-F

    Andel: 25 %

     

    Vurderingsform: Mappevurdering, individuell. Delemne Sjømakt og sikkerhetsstudier, skriftlig.

    Karakterskala: A-F

    Andel: 10 %

     

    Vurderingsform: Hjemmeeksamen, individuell. Delemne Sjømakt og sikkerhetsstudier.

    Karakterskala: A-F

    Andel: 25 %