Emneside for MILM1301 Sjømaktens grunnlag

Hva lærer du

Emnet bygger på fellesemna i fyrste semester og har som føremål å tilføre kadettane kunnskapar og ferdigheitar for å kunne forstå den sjømilitære profesjon og utvise skjønn i sjømilitære problemstillingar. Kjernen i den militære profesjonen er eins evne til å utvise godt skjønn i dei mellommenneskelege, etiske, taktiske og strategiske domena, og dette under kaotiske tilhøve med tidspress og potensielt stor fare. I emne 5 skal kadettane bli tilført kunnskapar og ferdigheitar som utgjer felles byggjesteinar i slik utøving av skjønn.

Emnet er tverrfagleg og mykje av undervisinga vil integrere dei ulike fagemna i kvarandre. Emnet vil i all hovudsak bli gjennomført på tokt med KNM Statsraad Lehmkuhl.Dette vil gi en integrert praksis som gir den enkelte kadett fartstid. Å være om bord er særs viktig for å få kunnskap og forståing om ein av dei mest særeigne tilhøva med den sjømilitære profesjonen, å være på havet. Det fysiske miljøet vil prega fagleg-, individuell- og gruppeutvikling. Det vil også påverke undervisingsformar og pedagogisk tilnærming. Fellesnemnaren er orlogsskipet (KNM Statsraad Lehmkuhl) og korleis få eit «happy ship»?.

(«Happy ship» er eit marineomgrep som betyr eit skip kvar mannskapet arbeidar harmonisk saman, ein organisasjon prega av lagånd, samspel og høg moral. Omgrepet «happy» har i seg sjølv ei spesifikk tyding i marinen. Å vere happy betyr at ein har forstått sine oppgåver, at ein ikkje har trong for vidare instruksar og føringar. Eit «happy ship» er med andre ord også eit skip kvar den einskilde løyser sine oppgåver aleine og i samarbeid, utan å måtte få føringar og instruksar. Mannskapet er sjølvdrive, den einskilde ser seg som ein del av ein heilskap og skipet blir drifta effektivt.)

Me vil løfte fram havdomenet, teori og historie (sjømakt og sjøkrig), samt setje dette inn i kulturelle og internasjonale omgjevnader (internasjonal politikk). Emnet tar utgangspunkt ein modell kvar me fokuserer på å skape eit felles narrativ, ei felles forteljing, som alle delemna tek utgangspunkt i.

Etter gjennomgått emne skal kadettane ha forståing for mogelegheiter og avgrensingar i bruk av sjømakt. Ein skal også ha eit overordna perspektiv på Noreg som maritim nasjon med omfattande maritime interesser og kva rolle Sjøforsvaret har i handsaming og trygging av desse. Samla skal dette gje kadetten eit klårt bilde av konteksten ein marineoffiser arbeidar i og kva for krav og forventingar som setjast til marineoffiseren og vedkommande sitt leiarskap. Samla skal undervisinga og utviklinga av individuell- og teamorientert leiarskap gi kadetten eit menneskeleg, fagleg og yrkesetisk grunnlag for å utvikle og utøve godt sjømilitær leiarskap.

Følgjande delemnar vil inngå i emnet:

  • Sjømakt og tryggleiksstudier (ST): Emnet er eit profesjonsspesifikt kjernefag som skal gi kadetten forståing for bruk av sjømakt som eit tryggingspolitisk verkemiddel, nasjonalt og internasjonalt, i fred, krise og krig, i notid, framtid og fortid.
  • Sjømilitært leiarskap (SL): skal gi kadetten eit menneskeleg, fagleg og yrkesetisk grunnlag for å utøve sjømilitært leiarskap.
  • Sjømilitær engelsk (SE): skal gi skriftleg og munnleg kommunikasjonskompetanse i generell og sjømilitær engelsk.

Dei ulike delemna som inngår i emnet vil bli undervist parallelt, men også dels tverrfagleg. 

  1. Kunnskap

    Etter fullført emne kan kadetten på engelsk og norsk:

    • skildre sjømaktsteori og sentrale sjømaktsomgrep.
    • forklare grunntrekka i sjøkrigshistoria og forståing for den historiske utviklinga av sjømakt, samt kunne grunnleggande vurdere denne opp mot teknologiske, økonomiske og geopolitiske endringar (sjømakt i internasjonal konfliktteori).
    • skildre sjømilitær leiing med fokus på ulike leiingsteoriar, leiingsfunksjonar, etisk refleksjon, tverrkulturell tilnærming, og praktisk bruk av leiingsteoriar i ein sjømilitær kontekst.
    • vise forståing for korleis einskildindivid og grupper handlar og tenker innanfor rammene av ein militær organisasjon.

    Ferdigheter

    Etter fullført emne kan kadetten på engelsk og norsk:

    • nyttegjere kunnskap om sjømakt, tryggingspolitikk og internasjonal politikk til å vurdere, karakterisera, skildre og forstå væpna konfliktar og sjømakta si rolle i dei.
    • nyttegjere teori for å skape eit målretta, problemløysande og språkskapande samspel med andre relevante.
    • bidra til å skape eit læringsmiljø som set avdelinga/teamet i stand til å førebu og gjennomføre maritime operasjonar som eit «happy ship».

    Generell kompetanse

    Etter fullført emne kan kadetten på engelsk og norsk:

    • vise kompetanse om å tenestegjere om bord på eit fartøy, vere del av eit skipsmannskap og korleis sjømakt nyttegjerast innanfor ei tryggingspolitisk ramme.
    • forstå fagdebattar i Forsvaret og det offentlege ordskiftet om norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk innanfor det maritime domenet.
    • oppsummere innsikt i sjømilitære fag- og yrkesetiske problemstillingar.
    • formidle sentralt fagstoff i leiing (teoriar, problemstillingar og løysingar) skriftleg, munnleg og gjennom andre uttrykksformer.
  2. Dei tre delemna skal sjåast på som ein heilskap med stor grad av vekselverknad og tverrfagleg tilnærming. Skriftlege arbeider og presentasjonar skal t.d. gjerast på engelsk, alle øvingsoppgåver og øvingar skal likeeins brukast inn i leiarskapsfaget og/eller Sjømakt og tryggleikleikstudier. All undervising skal ta utgangspunkt i eit felles narrativ som skildra ovanfor.

    Arbeidsmåtar

    Emnet vil i all hovudsak finne stad om bord på KNM Statsraad Lehmkuhl med det føremål å gjere kadetten kjent med å være om bord på et fartøy. Undervisninga skal difor nyttegjere det at ein er om bord. Det skal fokuserast på arenaer kvar dei einskilde kadettar og kadettlag skal utarbeide presentasjonar og legge fram synspunkt, og ei tilnærming kvar ein arbeidar langsiktig med arbeidskrav. Dette inneber at den einskilde kadett både skal laga eigne arbeider og gje tilbakemeldingar på dei andre kadettane under kvalifisert rettleiing. Utover dette, så skal sjølvstudium under rettleiing ligge til grunn som felles metodisk tilnærming i emnet. Dette betyr mellomanna at lærekreftene i periodar skal fokusere på tilgjenge og tilbakemelding, framfor tradisjonell undervising (føredrag). Praktisk sjømannsskap skal utgjere bakgrunnen ein hentar dømer frå og skal nyttast for å fremje utvikling innan leiarskapsfaget.

    Kadettane skal i løpet av toktet med KNM Statsraad Lehmkuhl gjennomføre 5 obligatoriske arbeidskrav.Samtlege obligatoriske arbeidskrav  må gjennomførast og godkjennast til bestått for å kunne gå opp til eksamen i Sjømilitær Leiarskap eller Sjømakt og tryggleiksstudier.

  3. Johnsen, E., Busch, T. & Vanebo, J. O. (1995). Ledelse av ledelsesprosessen. Oslo: Tano. (s. 9- 52, 71-83).

    Lavery, B. (2017). The Royal Navy officer's pocket-book 1944. Oxford: Osprey. (s. 14-26).

    Sjøvold, E. (2014). Resultater gjennom team. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 13-145, 225-272).

    Eidhamar, Are. 2007. "Etisk tenkning" i Lunde og Mæland. Militæretikk. Trondheim 2007, Tapir Akademisk Forlag. s. 31-47

    SMP-17(B) Håndbok for brann og havariverntjenesten i Sjøforsvaret. (2018). Bergen: Sjef Marinen. (kap 3-14 og 32). 

    Vandergriff, D. & Webber, S. (Red.) (2017). Mission command. Seattle: Amazon. (s. 36-38). 

    Waaler, G., Nilsson, S., Larsson, G. & Espevik, R. (2013). Ars vitam tollendi - kunsten å slå i hjel. Pacem, (1&2), 5-26.

    Espevik, R. & Olsen, O. K. (2009). Alle mann til brasene. Sjøkrigsskolen.Espevik, R., Saus, E. R., Eid, J. (2010). Situational Awareness and Shared Mental Models:  Implications for Training in Security Operations- In Bartone, P. T., Johnsen, B. H., & Eid, J. (Eds). Enhancing human performance in security operations: International and law enforcement perspectives. Charles C Thomas Publisher. p161-17

    Johnsen, B. H. & Eid, J. (2018) Operativ psykologi- 3.utgave. Fagbokforlaget. Bergen

    Forsdahl, S. H.. (2020 Korona - Ledelse i liminalsonen. Necesse, Vol 5 (2). Sjøkrigsskolen.

    Espedal, V. (2020). Verdenen vi ikke forlot - Overgangen fra KNM Statsraad Lehmkuhl til «Korona-Norge» Necesse vol 5 (2), s . Sjøkrigsskolen.

    Espevik, R. (2018). Team og moralsk handlekraft. . Necesse 2018, Vol 3, Issue 1, 72-82. 

    Johnsen, B. H., Brattebø, G., Nordstrand, A. E., Espevik, R., & Eid, J. Hva skjer rundt oss? Belastninger og konsekvenser

    Richards, C. (2020) Boyds OODA loop. Necesse.Vol 5 (1). S 142.165. Sjøkrigsskolen

    Forsdahl, S. & Sjøvold, E. (2020). Two teams - the power of group dynamics Necesse. Vol 5 (1) s 166-180. Sjøkrigsskolen

    Olsen, O. K. (2005) Mellom svik og moral - den vanskelege danninga. Pacem no 2 , 2015. Feltprestkorpset.Waaler, Gudmund.2011. «`Det flerstemte´ - en hjørnestein i klokt lederskap.» Pacem 14:   

    Bandura, Albert. 1999. «Moral Disengagement in the Perpetration of inhumanities." Personality and social Psychology RewiewVol. 3. Nr. 3, s 193-209)  

    Olsen, Olav KjellevoldHystad, SigurdHarris, Anette. «God under press? En operasjonalisering av moralsk robusthet i krevende operative situasjoner» Necesse 2018, Vol 3, Issue 1, 72-82. 

     Kirkehaug, Rudi. 2013. "Verdibasert ledelse" Universitetsforlaget 2018, s. 77-137. 

    Aadland, Einar og Askeland, Harald. «Verdibevisst ledelse». Oslo, Cappelen Damm akademiske, 2017, s. 13-25; 113-136. 

    Løhre, A. L. og T. Krabberød: "Mission-based leadership and choice of teaching methods", i Vandergriff, D. og Webber, S (red). Mission Command: The Who, What, Where, When and Why 2019, s. 183-199. Objective Zero Foundation.

     

    Norsk sjømakt og sjøkrigshistorie 

    Forsvarets doktrine for maritime operasjoner. (2015). Bergen: Sjøforsvarsstaben. (s. 24-47, 48-70, 84-120, 122-131, 170-187).   

    Hobson, R. & Kristiansen, T. (2001). 62 dager: Felttoget. I R. Hobson, T. Kristiansen & O. G. Engdal (Red.), Total krig, nøytralitet og politisk splittelse 1905-1940​: Norsk forsvarshistorie, (bd. 3, s. 260-283, 296-318). Bergen: Eide forlag.

    Joint Doctrine Publication 0-10: UK Maritime Power. (2011) (3. utg.). London: Ministry of Defence. (s. 3-1 - 3-12).

    Kristiansen, T. (2010). 1940-1945: Sjøforsvaret i krig. I B. Terjesen, T. Kristiansen & R. Gjelsten (Red.), Sjøforsvaret i krig og fred: langs kysten og på havet i 200 år. (s. 307-339). Bergen: Fagbokforlaget. 

    Kristiansen, T. (2017). Sjøforsvarets rolle hjemme og ute gjennom 200 år. I B. Terjesen & R. Gjelsten (Red.), Sjømilitær kompetanse og lederutvikling i 200 år: Sjøkrigsskolen 1817-2017. (s. 33-45). Bergen: Bodoni forlag.

    Lindbäck-Larsen, O. (1965). Krigen i Norge 1940. Oslo: Gyldendal. (s. 13-18).

    Rahn, W. (2001). Operation Weseruebung April 1940: German and allied strategy and operational approach in Northern Europe 1939-40. Upublisert.

    Riste, O. (1990). Weserübung: Det perfekte strategiske overfall? Oslo: Institutt for Forsvarsstudier, Oslo. (s. 4-21).

    Ruge, O. (1989). Felttoget: general Otto Ruges erindringer fra kampene april-juni 1940. Oslo: Aschehoug. (s. 7-10, 203-216). 

    Tamnes, R. (2018). The high north: a call for a competitive strategy. I J.A. Olsen (Red.), Security in Northern Europe: deterrence, defence and dialogue (s. 8-22). Abingdon: RUSI. 

    Tamnes, R. (2004). Major coastal state, small naval power: Norway’s cold war policy and strategy. I R. Hobson & T. Kristiansen (Red.), Navies in northern waters : 1721-2000 (s. 222-248). London: Frank Cass. 

    Terjesen, B., Kristiansen, T. & Gjelsten, R. (2010). Introduksjon. I B. Terjesen, T. Kristiansen & R. Gjelsten, Sjøforsvaret i krig og fred: langs kysten og på havet i 200 år. (s. 15-21). Bergen: Fagbokforlaget.

    Andersen, S,. Hærem, T. & Kost, D. (2019). Kognitive og organisatoriske utfordringer i et navigasjonsteam. I Statens Havarikommisjon for transport, rapport sjø 2019/18. Delrapport 1 om kollisjonen mellom fregatten KNM Helge Ingstad og tankbåten Sola TS utenfor Stureterminalen i Hjeltefjorden, Hordaland, 8. november 2018.

     

    Internasjonal sjømakt og sjøkrigshistorie 

    Freedman, L. (2007). The official history of the Falklands campaign: Vol. II. War and diplomacy. London: Routledge. (kap. 5, 21-22, 29-30, 48) 

    Grove, P. D. ( 2005). Falklands conflict 1982: the air war: a new appraisal. I S. Badsey, R. Havers & M. Grove (Red.) The Falklands conflict twenty years on: lessons for the future. (s. 265-281). London: Frank Cass. 

    Hughes, W. P. (2013). A tactical model of carrier warfare. I T. C. Hone (Red.), The battle of Midway: the Naval Institute guide to the U.S. Navy’s greatest victory.

    (s. 300-304). Annapolis: Naval Institute Press. 

    O’Brien, P. P. (2015). How the war was won: air-sea power and allied victory in World War II. Cambridge: Cambridge University Press. (s. 228-265).

    Potter, E. B. (1986). Seapower: a naval history. Annapolis: Naval Institute Press. (s. 257- 269).

    Symonds, C. L. (2005). Decision at sea:  five naval battles that shaped American history. Oxford: Oxford University Press. (s. 197-262, 263-320). 

    Till, G. (1994). The battle of the Atlantic as history. I S. Howarth & D. Law (Red.), The battle of the Atlantic 1939-1945: the 50th anniversary International Naval Conference. (s. 584-595). Annapolis: Naval Institute Press.

    Till, G. (2013). Midway: the decisive battle. I T. C. Hone (Red.), The battle of Midway: the Naval Institute guide to the U.S. Navy’s greatest victory. (s. 305-311). Annapolis: Naval Institute Press.

    Sjømilitær engelsk

    Kompendium med tekster og terminologi i sjømilitær og maritim engelsk Kompendium i engelsk grammatikk

    Sjømannskap

    Kadettloggboka

  4. Obligatoriske arbeidskrav:

    1 Kunnskapstest i Sjømakt og tryggleiksstudier

    2 Skriftleg og munnleg, i lagsforband evaluere eiga lagsarbeid

    3 Essay i leiarskap

    4 Essay i Sjømakt og tryggleiksstudier.

    5 Kadettene skal ivareta dokumentert integrert praksis ved å fylle ut og få godkjent kadettloggboka

     

    Vurderingsform: Praksis

    Gruppering: Individuell

    Karakterskala: Bestått / ikke bestått

    Offisersvurdering

     

    Vurderingsform: Hjemmeeksamen i sjømilitær ledelse , individuell

    Varighet:2 dager

    Karakterskala:   A-F

    Vekting 50%

     

    Vurderingsform: Hjemmeeksamen i sjømakt og sikkerhetsstudier, individuell

    Varighet: 3 dager

    Karakterskala:   A-F

    Vekting 50%