HV-soldater på øvelse

Forsvarets ID-kort

Bestilling av Forsvarets ID-kort for reservister i Heimevernet.

Korleis bestille

Du bestiller FD-ID via applikasjonen: NyttKort, ikkje bestill meir enn ein gong.

Ta med deg gamle FD-ID kort når du stiller på neste trening, desse MÅ samlas inn for at vi skal ha mogligheit til å gi dykk det nye kortet.

kortet.png

Når treng du ikkje bestille kort?

Når du har eit år igjen, treng du ikkje bestille nytt kort.

Om du allereie innehar eit kort treng du heller ikkje bestille nytt, men det må vere korrekt kort; Grønt kort viser at du er styrkedisponert i Forsvaret.

Har du eit gamalt tilsett/befalskort eller vernepliktkort må du bestille nytt FD-ID.

kortet2.png

Kvifor har vi FD-ID?

I fredstid er det til identifisering til militære institusjonar, og slik at militære og sivile institusjonar kan identifisere at du har løyve til å bære norsk uniform.

I krise, og krig er kortet et krigs-ID som skal bærast av alle som er ein del av Noregs væpnede styrke.

I samsvar med Genèvekonvensjonene er alle militærmakter pålagt å ha krigsidentitetskort som tilkjennegir kven man er og kva slags nasjons væpnede styrker man høyrer til. Innehavar av gyldig kort gis da rettigheiter som krigsfange i høve til tredje Genèvekonvensjon og artikkel 4 og 17.

Kortet fungerer som din militære identifikasjon, men kan ikkje nyttas som identifikasjon på sivile institusjonar.
 

Last ned appen «NyttKort»