Forsvaret_etatsvåpen_front

Heraldikk

Heraldikk er kunnskapen og vitskapen om våpenmerke og våpenskjold.

Ingen etat eller organisasjon i landet vårt har ein så levande heraldikk som Forsvaret. Merke, faner og andre symbol har alltid vore – og er framleis – ein naturleg del av det militære. 

Militær heraldikk byggjer på dei same grunnleggjande reglane som vanleg heraldikk, men han er likevel meir omfattande. Den korte innføringa under legg vekt på korleis militærmakta nyttar teikn og symbol. Ho fortel òg om andre merke som identifiserer avdelingar og einingar i Forsvaret, og ho tar føre seg høve av meir generell heraldisk karakter.

Heraldikk kan verke krevjande og strengt, og det er riktig at nokre føresetnader må vere innfridde for å få gode heraldiske løysingar og utformingar. Tradisjonar og historisk utvikling har gjort at heraldiske normer i dag blir praktiserte ulikt frå land til land. Men grunnlaget er framleis det same. Normene og reglane i denne innføringa gir ei grunnleggjande forståing av kva heraldikk er, og kva han inneber.

Forsvarets heraldiske våpen er hovudelementet i Forsvarets logo. Våpenet er eit markant visuelt kjenneteikn som understrekar myndigheita og mandatet Forsvaret har i det norske samfunnet.

Våpenet er sett saman av det norske riksvåpenet og to forgylte sverd som er lagde i kross. Riksvåpenet ligg oppå dei to sverda.

Utanriksdepartementets regelverk om bruk av riksvåpenet gjeld òg for Forsvarets heraldiske våpen:

  • Tekst og andre grafiske element skal alltid vere plasserte under det lågaste punktet til krona, eller lågare. Dette gjeld for alle våpen med rikskrone.
  • Ein kan ikkje modifisere eller justere på Forsvarets heraldiske våpen. Fargane i våpenet ligg fast og kan ikkje endrast.
  • Riksvåpenet og rikskrona skal berre brukast statlege myndigheiter, og då i kraft av den offentlege verksemda til desse myndigheitene. Dette er regulert gjennom resolusjon om Noregs riksvåpen.