4_uttrykk1

Profilelement

Stadig fleire kanalar og format gjer at vi må vere fleksible og ha ein dynamisk profil som òg svarar på behova i framtida.

Det reine, friske nordiske lyset er berande i all visuell kommunikasjon og kjem til uttrykk i samspela mellom store lyse flater, rein typografi, enkle ikon, gode bilete og tydeleg språk. Dette uttrykket skal vi alltid jobbe for i kommunikasjonen vår.

Tilgjorde, unaturlege effektar som slagskygge, graderingar, preg og skråkantar skal vi unngå. 

For å skape god identitetsforståing ønskjer vi å bruke gode døme i kommunikasjonen vår. Då er følgjande prinsipp grunnleggjande:

  • Vi skal kommunisere på ein pedagogisk og lettfatteleg måte.
  • Vi skal få fram dei reelle høva i Forsvaret.
  • Vi skal kome tettare på oppgåvene våre og dei som løyser dei.
  • Vi skal vise kampkrafta og kompetansen vår.
  • Forsvaret er i kontinuerleg endring, og vi skal hadde interessa kring Forsvaret oppe ved å vise meir av kapasitetene våre, korleis vi samhandlar, og korleis Forsvaret løyser oppgåvene sine.
  • Når logo, bilete, tekstar, fargar, typografiar og illustrasjonar har ei felles verdiplattform, har dei gode føresetnader for å spele godt saman.
  1. logo_1

    Forsvarets logo er bygd opp av Forsvarets heraldiske våpen og eit spesialteikna namnetrekk. Logoen er den viktigaste identitetsmarkøren vår og skal alltid vere tydeleg, slik at identiteten til Forsvaret kjem fram i all kommunikasjon. Bruken av logoen skal følgje heraldiske reglar. Desse reglane finn du under sida for heraldikk.


    Logoelementa – våpenskjoldet og namnetrekket – skal plasserast øvst i venstrekanten eller på midten av formatet. Våpenskjoldet skal som hovudregel vere plassert på kvit eller på annan lys bakgrunn, men kan òg leggjast på biletet. For at logoen skal vere tydeleg, er det viktig at bileta ikkje har store kontrastar eller detaljrikdom.


    Slagordet «For alt vi har. Og alt vi er.» blir brukt i verdibasert kommunikasjon og skal berre nyttast på norsk. Det er ikkje høve til å omsetje Forsvarets slagord til engelsk eller andre språk.

  2. typografi_1

    Det er ikkje berre orda vi vel, som påverkar røsten i bodskapen vår. Skrift, vekt, kontrastar og luft er òg viktig for å nyansere og gjere kommunikasjonen tydeleg saman med logo, fargar og bilete.


    Skrifttypen Cera Pro er merkevare-fonten til Forsvaret og skal hovudsakleg nyttast til merkevarekommunikasjon. Tala frå skrifttypen Forsvaret kan nyttast. Til all internkommunikasjon og Office-malverk brukar vi skrifttypen Arial. Skrifttypen Cambria brukar vi når vi treng å nytte skrift med seriffar.


    Ta kontakt med Forsvaret kommunikasjon om du har spørsmål rundt skrifttypar og lisensar.

     

  3. Fotografi og levande bilete er nokre av dei mest effektfulle verkemidla vi har. Bilete spelar ei viktig rolle i kommunikasjonen vår og bidrar til å tydeleggjere Forsvarets samfunnsoppdrag og identitet.


    Dette må du hugse på når du vel bilete:

    • Følg ver varsam-plakaten 
    • Unngå unødige provokasjonar
    • Bileta skal ikkje manipulerast, retusjerast eller endrast utan lov frå Forsvarets mediesenter
    • Unngå krenkande poseringar og uttrykk
    • Ikkje bruk bilete der våpen er «retta» mot sjåaren, viss ein kan unngå det
    • Bruk bilete med oppdatert utstyr
    • Krediter fotografen
    • Rådfør deg med Forsvarets mediesenter om du er i tvil
    • Bileta skal ikkje nyttast i kommersielle eller politiske samanhengar 
    • Bileta i Forsvarets mediebank finn du her.

     

    Om du skal nytte grafiske element i filmprosjekt, kan du bruke malverka som er tilpassa Adobe Premiere og After Effects. Dette krev fonten Cera. Du kan be om malverk og font hos Forsvaret kommunikasjon.

  4. Ein god tekst gir tydeleg kommunikasjon på lik linje med logo, fargar og typografi. Tekstar og bilete med same verdiplattform har gode føresetnader for å spele godt saman.
     

    Struktur, ordval og tekstomfang er viktige element i ein språkprofil som skal hjelpe alle målgrupper til å forstå kva vi seier. Tekstane våre skal vere sannferdige, målgruppetilpassa og bidra til openheit rundt Forsvaret.


    Forsvarets tekstar skal ha godt og normert språk. Mållova pålegg statlege etatar å ha minst 25 prosent nynorskdel i ekstern skriftleg kommunikasjon, og det jobbar Forsvaret for å oppfylle.

  5. ikoner_1

    Ikona brukar vi til å visualisere idear og konsept, gjere strukturen meir tydeleg, forsterke hierarki og skape variasjon i kommunikasjonen. Dei kan nyttast fritt når det trengst. Ikona skal vere einsfarga, men kan brukast i heile fargeskalaen til Forsvaret – inkludert svart og kvitt.


    Det er viktig at ikona blir nytta i små dosar og på rett stad – slik at det totale uttrykket harmoniserer med inntrykket vi ønskjer at publikum skal sitje att med.

     

  6. farger

    Hovudfargane i profilen vår er inspirerte av den norske naturen.
     

    Støttefargane skil seg noko frå hovudfargane og kan nyttast på ikon, tal og grafar som må skilje seg ut og stå tydelegare fram.


    Kommunikasjonen skal vere positiv, og publikum skal oppleve Forsvaret som truverdig, moderne og kompetent. Fargebruken skal vere kontrollert, roleg og diskret. Fargar skal berre nyttast der det er naudsynt for bodskapen og den visuelle balansen.
     

    Fargepaletten kan nokre gonger opplevast som snever, og at han manglar ein nyanse som er naudsynt for å gi bodskapen god nok presisjon. Om bodskapen er tent med det, kan du gå ut av paletten og hente fargenyansar frå fotografi og bruke dei i detaljar som symbol eller tekstelement. Hugs at totaluttrykket skal vere uendra.
     

    Fargar skal ha ei underordna rolle og berre nyttast i små dosar. Fargane skal dessutan nyttast på ein måte som gjer at totaluttrykket harmoniserer med det inntrykket vi ønskjer å etterlate.

Forsvarets profilelement
Les bruksvilkåra før du nyttar profilelementa våre
  1. Forsvarets visuelle profil er verna av opphavsretten. Brot på reglane i åndsverklova kan gi grunnlag for erstatning og straffast med bøter eller fengsel.

    I tillegg til åndsverklova er profilen til Forsvaret òg verna gjennom straffelova, kapittel 19, §165. Forsvarets logo er underlagd resolusjon om Noregs riksvåpen.

    Det er berre leverandørar som har skriftleg avtale med Forsvaret som kan nytte seg av profilen. Alle som utarbeider produkt der Forsvaret er avsendar, plikter å følgje Forsvarets visuelle profil. Elementa i den visuelle profilen skal ikkje nyttast i andre samanhengar enn der Forsvaret er avsendar.

    Eksterne leverandørar plikter å handtere materiale dei får utdelt, slik at ikkje uvedkomande får tilgang til det. 

    Etter bruk må eksterne leverandørar slette filer og liknande som inneheld element frå Forsvarets visuelle profil.

    Visuelle produkt skal berre nyttast innanfor avtalte og godkjente område. Dette vil kome fram gjennom eigenarten eller rettleiinga til produktet.

Kontaktperson

Georg Austad

Teamleder kanaler og design