Oppstilling på Jørstadmoen ifm. Forsvarets minnedag 2019

Jørstadmoen

Jørstadmoen leir ligg like nord for Lillehammer og er hovudkvarteret til Cyberforsvaret.

Adresse
Jørstadmovegen 600, 2625 Fåberg
Kontakt
915 03 003

Digitale truslar mot Noreg og Forsvaret aukar i omfang, og dei blir stadig meir avanserte. Cyberforsvaret skal verne Forsvaret mot hackarar, dataangrep og andre digitale truslar. Dei skal òg ta i bruk teknologi som kan styrke den operative evna til Forsvaret. Jobben Cyberforsvaret gjer, blir derfor stadig viktigare, og avdelinga har hovudkvarter på Jørstadmoen leir.

I tillegg held Cyberingeniørskulen ved Forsvarets høgskule til på Jørstadmoen. Det same gjer Seksjon for dokumentasjonsforvaltning og arkiv (DA), som driftar Forsvarets arkiv og sorterer, digitaliserer og fordeler post til avdelingane i Forsvaret.

Forsvarets logistikkorganisasjon har ei eining på Jørstadmoen som leverer forsyningstenester.

Aktivitetstilbod

Leiren ligg 8 kilometer frå Lillehammer by i Innlandet, og kommunen har 28 000 innbyggarar. Byen er naturlegvis kjent som vertsby for Vinter-OL 1994, noko som har gjort Lillehammer til ein levande by med gode kommunikasjonssamband og svært gode høve til å drive vintersport, jakt og fiske.

Kommunen har golfbane, langrennsløyper og gode alpinanlegg på Hafjell i Øyer, på Skeikampen i Gausdal og på Kvitfjell i Ringebu. Alt ligg i direkte nærleik til Lillehammer. Byen er òg årleg arrangør av ulike idrettsarrangement, mellom anna noregsmeisterskap i friidrett og Birkebeiner-arrangementa.

Høgskolen i Innlandet har studiestad på Lillehammer, og tilbyr fleire fagutdanningar.

Togturen til Oslo tar berre eit par timar, og innan 2025 skal det vere motorveg heile vegen til Oslo. Det er også gode veg- og togsamband nordover til Trondheim. Sjå Lillehammer kommunes nettsider for meir informasjon.

Bustad

Forsvaret har 34 bustader til disposisjon for forsvarstilsette i Lillehammer kommune. Det er både einebustader og leilegheiter i burettslag som ligg i området rundt Lillehammer sentrum og på Fåberg, nær Jørstadmoen. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.