Siste dag på Sjørekruttskolen for rekruttet 1303

Madla

Rekruttskulen KNM Harald Haarfagre ligg i Madlaleiren, 5 kilometer utanfor Stavanger sentrum.

Adresse
Madlaveien 345, 4044 Hafrsfjord
Kontakt
915 03 003

KNM Harald Haarfagre er Forsvarets største rekruttskule. Alle som skal tenestegjere i Sjøforsvaret, og dei fleste som skal tenestegjere i Luftforsvaret, har rekruttida si her. Enkelte lærlingar som skal tenestegjere i Hæren, har også rekruttperioden sin her.

Rekrutten varar i åtte veker, og undervegs får du grunnleggande soldatutdanning. Denne utdanninga består av våpenopplæring, sanitet, stridsteknikk, militær fysisk trening og slutta orden. Omgrepet «slutta orden» (SLO) inneber mellom anna felles oppstilling, taktmarsj og utføring av kommandoar.

Soldatopplæringa er både teoretisk og praktisk, og ho skjer inne og ute. Du må rekne med noko teneste på kveldstid også. Rekruttane må vere i leir dei to første vekene. Resten av rekruttskulen kan du gå i vanlege klede når du har tenestefri. Du kan òg forlate leiren.

Andre avdelingar

I tillegg til rekruttskulen KNM Harald Haarfagre, er det fleire andre einingar i Madlaleiren. Det er fleire administrative avdelingar som støtter andre delar av Forsvaret i Rogaland, som NATOs Joint Warfare Centre på Jåttå, nokre kilometer unna. Forsvarets sanitet, Forsvarsbygg og Forsvarets logistikkorganisasjon Forsyning har einingar i leiren.

Aktivitetstilbod

Idrettskontoret kan setje opp eit treningsprogram for deg. Leiren har også paintballbane som alle kan bruke. Som andre militærleirar har også Madla ei velferdsavdeling (velferda). Velferda tilbyr ein hyggeleg og sosial møteplass for rekruttane, og låner ut syklar, turutstyr og anna utstyr. Velferda arrangerer også dagsturar til Preikestolen og Kjerag. 

Madlaleiren har dessutan eigen kinosal som både rekruttar og tilsette kan nytte seg av. Det er også stand-up og andre show i kinosalen. Stavanger sentrum med alle sine kultur- og underhaldningstilbod, ligg ein kort busstur unna. Det er busstopp rett utanfor hovudporten til leiren.

Bustad

Stavanger er Noregs fjerde største by, og saman med nabobyen Sandnes har regionen ein kvart million innbyggarar. Stavanger er dessutan ein europeisk oljehovudstad og universitetsby. Herfrå er det gode veg- og togsamband sørover og nordover, og Sola lufthamn har ruter til heile landet og fleire stader i Europa. Sjå nettsidene til Stavanger kommune for meir informasjon.

Rekruttane bur på Madla leir under rekruttperioden, men befal og andre tilsette kan søkje om få leige ein av Forsvarets bustader i området. Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om Forsvarets bustader i Stavanger-regionen.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.