Aspirantene til Luftforsvarets Befalsskole lager leir // The aspirants of the Royal Norwegian Airforce officer candidate school are building a camp

Sessvollmoen

Sessvollmoen leir er ein sentral militærbase og ligg like ved Oslo lufthamn i Ullensaker kommune.

Adresse
Forsvarsvegen 75, 2058 Sessvollmoen
Kontakt
915 03 003

Sessvollmoen er ein stor militærleir like nord for Gardermoen. Plasseringa gjer Sessvollmoen til ein viktig logistikkbase for Forsvaret. Det er store øvings- og skytefelt i området rundt leiren, og Forsvarets opptak og seleksjon (FOS) blir arrangert her kvar sommar og vinter.

Basen husar fleire avdelingar. Dei største er Forsvarets sanitet og Forsvarets logistikkorganisasjon med ei forsyningsavdeling og Forsvarets kompetansesenter for logistikk og operativ støtte. Forsvarets ABC-skule held også til på Sessvollmoen. Skulen underviser i beredskap og handtering av atomtruslar og biologiske og kjemiske truslar.

I tillegg har Forsvarsbygg og fleire mindre avdelingar i Forsvaret tilhald på Sessvollmoen.

Aktivitetstilbod

Sessvollmoen er ein av fem militære tenestestader i Ullensaker kommune. Dei andre er Luftforsvarets base Gardermoen, Hauerseter, Nordkisa og Trandum.

Ullensaker har rundt 40 000 innbyggarar og eit variert idrettstilbod med over 40 idrettslag. Det er kommunale idrettsanlegg som Idrettsparken på Jessheim, Bakkedalen kunstgrasbane, Kløftahallen, Alfhallen på Borgen, Jessheimhallen og fleirbrukshallen til Gystadmarka skule.

Forsvaret har òg ei idrettsavdeling ved hovudkvarteret på Gardermoen flystasjon. Idrettsavdelinga gjennomfører faste treningar, personleg oppfølging og turneringar. 

Bustad

Forsvaret har fleire bustader til leige i Ullensaker, mellom anna på Østli, Jessheim og Kløfta. Sjå Forsvarsbygg Basen for detaljar.

Ullensaker ligg heilt nord i Osloregionen med kort veg til både Oslo lufthamn og Oslo. Motorvegar og jernbane knyter området effektivt til andre sentrale delar av Austlandet. Sjå nettstaden til Ullensaker kommune for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.