Norsk English
20250310kronprins_jv25-4

Kongeleg treff i felt

Det vart eit spesielt møte for H.K.H. Kronprinsen under øvinga Joint Viking 2025 måndag. Blant soldatane han fekk møte, var hans eigen dotter, Prinsesse Ingrid Alexandra.

Rundt 10 000 soldatar frå ni land øver no under vinterøvinga Joint Viking i Nord-Noreg. Søndag kom H.K.H. Kronprinsen for å inspisere øvinga. Han har sjølv lang erfaring frå Forsvaret og er general og admiral av rang. I Nord-Noreg har han fått møte styrkar frå USA og Storbritannia – i tillegg til norske avdelingar frå Heimevernet og elles i Forsvaret.

– Det er fint å få kjenne litt på feltlivet att, og her er det mange som gjer ein veldig god innsats. Det er fint å sjå at øvinga blir gjennomført på eit så høgt nivå, sa Kronprinsen då han møtte pressa måndag.

Møte i felt

På Setermoen i indre Troms møtte Kronprinsen styrkar frå Ingeniørbataljonen. Der fekk han studere ein broleggjar, ein ingeniørpanservogn og ein CV90 stormingeniørvogn. Blant soldatane på sistnemnde stod hans eigen dotter, Prinsesse Ingrid Alexandra, som er skyttar på vogna. Han fekk ein god klem av Prinsessa då dei møttest.

– Det var veldig hyggeleg å treffe henne òg i felt. Det er flott med alle desse menneska som gjer ein skikkeleg innsats for å forsvare landet vårt, både dei i førstegongsteneste og alle andre i Forsvaret, sa Kronprinsen.

Prinsessa, eller berre «Alexandra» som ho blir omtalt som i Forsvaret, starta rekruttutdanninga si på Skjold i januar i fjor, før ho fortsette i teneste hos Ingeniørbataljonen. Prinsessa har sidan utvida førstegongstenesta frå 12 til 15 månader og blir dimittert i april.

Viktige øvingar

Kronprinsen besøkte òg eit feltsjukehus hos Sanitetsbataljonen før han seinare møtte skredgruppa til Forsvarets vinterskule. Han er imponert over det han såg, særleg med tanke på dagens tryggingssituasjon.

– Det er eit alvorleg bakteppe, og vi skal ta tryggingssituasjonen på alvor. Då er det bra at vi øver, slik at vi får opp nivået, passar på at kompetansen blir ivareteken og held fram med å vere dyktige på å løyse oppdraga. Folka i Forsvaret gjer ein jobb det står respekt av, og som eg tenkjer vi skal vere takksame for, sa Kronprinsen, som har gode minne frå si eiga militærteneste.

– Det er ei oppleving og kompetanse eg tek med meg vidare. Både faget mitt, navigasjon på sjøen og missiltorpedobåt, og aspektet med leiing er erfaringar som har vore viktige for meg.