Forsvarets mediebank og personvernet ditt
Forsvaret kommunikasjon (FKOM) har ansvar for mediebanken.
Mediebanken dokumenterer Forsvarets verksemd her heime og ute, og han inneheld foto og video i høg oppløysing. Banken er open for alle, anten du er journalist, forskar, bibliotekar eller student.
Vi har portrettfoto og bilete av mange menneske og tilsette, og publisering i banken er basert på samtykke i tråd med personvernregelverket. Ønskjer du å trekkje tilbake samtykke for bilete og filmklipp av deg i mediebanken, send ein e-post til mediebankansvarleg Sissel Amundsen.
Sei frå kva bilete og filmklipp det gjeld, så slettar vi dei.
For meir informasjon om personvernet ditt, sjå Forsvarets personvernerklæring.