Forsvarets profil

Profilen vår skal bidra til å styrkje Forsvarets legitimitet og tilliten befolkninga har til oss.

1_omslag2
Vilkår for bruk av profilen
Forsvarets visuelle profil er materiale som er verna av opphavsrett. Brot på desse reglane kan ende med krav om erstatning og straffast med bøter eller fengsel.
Kva betyr verdiane for profilen?
Forsvarets verdigrunnlag skal kome fram i kommunikasjonen vår. Vi må kommunisere tydeleg og truverdig for å lykkast med oppgåveløysing, rekruttering og å skape tillit hos befolkninga.

Etterlatte inntrykk

Publikumet vårt skal sitje att med eit inntrykk av ein organisasjon med fleire gode eigenskapar. Etterlatte inntrykk er:

Tillitsvekkjande

Forsvaret er ein open og kommuniserandre organisasjon. Vi fortel om oppdrag, om kvardagsliv, arbeidsliv og tilsette ved å nytte gode bilete og tekstar.

Truverdig

Forsvaret formidlar med ei roleg og kontrollert stemme, eit reint og tydeleg visuelt uttrykk.

Moderne

Forsvaret møter befolkninga gjennom aktuelle historier og verkemiddel i dei kanalane dei held til.

Kompetent

Forsvaret viser fram godt kvalifisert personell med rette holdningar og god dømekraft.

Uredd

Forsvaret utfordrar aksepterte sanningar. Det som fungerte i går, er ikkje utan vidare riktig i morgon.

Profilelement
Heraldikk

Kontaktperson

Claus Andreas Østby

Seniorrådgivar
Forsvarssjefens heraldiske rådgivar og profilforvaltar
Telefon: 915 03 003