Er du ny i Heime­vernet?

Kvart år fullfører om lag 9000 kvinner og menn førstegongstenesta. Om lag halvparten må rekne med at dei etter førstegongstenesta blir overført til Heimevernet.

Rekruttene i Heimevernets førstegangstjeneste er på sin første øvelse på Porsangmoen.
Har du fått innkalling?
Finn pakkeliste, reiseinformasjon, reiserekning, søk om utsetjing eller fritak og sjå annan praktisk informasjon på Min side.
  1. Hovudoppgåva til Heimevernet er å forsvare Noreg og verne menneske og viktige samfunnsfunksjonar. HV er Forsvaret si største avdeling med 40 000 soldatar. I så å seie alle bygder og byar i Noreg bur det heimevernssoldatar. Felles for dei aller fleste er at dei har gjennomført førstegongsteneste. Nokon blir kalla inn i Heimevernet rett etter at dei er ferdig i førstegongstenesta, nokon etter få år og nokon etter litt lengre tid.

    Som heimevernssoldat er du ein del av eit heimevernsområde i nærleiken av der du har folkeregisteret adresse. I området er det soldatar som bur i det same geografiske område som deg sjølv.

    Området ditt er ein del av eit heimevernsdistrikt. Heimevernet består av 11 distrikt fordelt over heile landet. Desse 11 distrikta har ansvaret for militær aktivitet i sitt ansvarsområde. Det betyr at du som HV-soldat kan bli kalla ut på oppdrag om Noreg treng det. I både fred, krise og krig.

    Heimevernet forklart av "fenriken".

    CY3A1885.jpg_210602_THG

    Når allierte fartøy kjem til Noreg, bidreg Heimevernet med vakthald.

    HV05_SA_0114_SA909402(1)

    Under koronapandemien har Heimevernet bistått politiet med grensekontroll.

    tkBL9C4291

    Heimevernet bisto politiet med vakthald 22. juli 2011 i Oslo sentrum.

    20201231tk_I4448

    Etter raset i Gjerdrum i Viken jula 2020 dirigerte Heimevernet trafikk og hjelpte til.

  2. Du blir overført til Heimevernet fordi du har kompetanse som Forsvaret treng. Mennesket er vår aller viktigaste ressurs, soldatkompetansen din kombinert med den sivile kompetansen din er unik og noko Forsvaret har behov for i forsvaret av Noreg.

    Norsk verneplikt er totalt 19 månadar eller 575 dagar. Heimevernet består hovudsakleg av personell som er overført etter 12 månadars førstegongsteneste.

    Dei siste 7 månadane vert fordelte på inntil 6 dagar øving per år for meinige soldatar, eller inntil 9 dagar øving per år for spesialistar, befal og offiserar. Dette gjer at eit stort antal soldatar står i militær beredskap for samfunnet til og med det året dei fyller 44 år.

  3. Når du er ny i Heimevernet vert du kalla inn på nytilføring. Dei 11 distrikta til Heimevernet har litt ulike måtar å gjennomføre ho på. Du får informasjon om Heimevernet og du har moglegheit til å stille spørsmål om det er noko du lurer på.

  4. Dei fleste i Heimevernet trenar éin gong i året. Meinige soldatar vert kalla inn opp til 6 dagar i året medan spesialistar, befal og offiserar øver inntil 9 dagar i året.

    Innhaldet på treningane og øvingane varierer. Det er stort fokus på å halde vedlike grunnleggjande soldatferdigheiter som du lærte i førstegongstenesta. Nokre år er treninga lokalt i området, andre år kan det vere på ei lita øving i regi av distriktet du høyrer til og nokre gonga kan det vere som deltakarar i NATO-øvingar i Noreg.

    201809060369JVE-(2)

    Områdetrening.

    20181103SA_17

    Øvelse Trident Juncture 2018.

    Heimevernet har 37 000 soldatar i områdestrukturen og 3000 soldatar i Heimevernet sine 12 innsatsstyrkar. Innsatsstyrkane vert kallast Heimevernet sin spydspiss, fordi dei trenar oftare og meir og har litt anna utstyr. Innsatsstyrkane vert kalla inn opptil 30 dagar i året.

    20210509HST_9447

    Soldatar fra multitroppen i Innsatstyrke Claymore i Nord-Hålogaland heimevernsdistrikt 16.

  5. Du har mange mogelegheiter i HV. Du kan vere meinig soldat så lenge du tenestegjer i HV, eller du kan gå kurs å bli til dømes lagførar, spesialist, troppssjef eller områdesjef. Les meir om kurs i Heimevernet.

    Har du utdanning frå førstegongstenesta som lastebilsjåfør, MG-skyttar, lagførar eller innanfor sanitet er det svært sannsynleg at du får liknande stilling i HV. Den sivile utdanninga di og arbeidserfaring kan i nokre tilfelle brukast i Heimevernet òg. Dette gjeld spesielt prestar, juristar, journalistar og sjukepleiarar.

    Er du ekstra motivert for teneste og ønskjer eit tettare band med Forsvaret, kan Heimevernets innsatsstyrkar vera noko for deg. Innsatsstyrkane vidareutviklar den militære kompetansen din jamleg i løpet av fleire treningar og øvingar årleg. Soldatane i dei ulike innsatsstyrkane er frå same geografiske område, men avdelinga er ein nasjonal ressurs som kan setjast inn der det trengst.

Økonomi og godtgjering
Under tenesta og øvingar i Heimevernet får du økonomisk tillegg eller godtgjering. Du kan òg søkje om økonomisk stønad.
Orientering til arbeidsgivar
Du må melde ifrå til arbeidsgivar at du er innkalla til Heimevernet.

Det du lurer på om Heimevernet

Kan eg ta utdanning og kurs i Heimevernet? Får ein same stilling som i førstegongstenesta? Må eg ta fri frå jobb for å væra med på HV-øvelse? Her finner du kanskje svaret på det du ikkje visste om Heimevernet.

Pil til høyre
Befal fra Østfold UTR trener grunnleggende soldatferdigheter i Horten. ​

Heimevernet - ein del av verneplikta

God stemning i HV-16208 under øvelse Bifrost 2019

I Heimevernet er den årlege ordinære tenesteplikta inntil 6 dagar for meinige og inntil 9 dagar for befal/spesialistar fram til ein​ fyller 44 eller 55 år. Om du inngår kontrakt med ein av Heimevernets innsatsstyrkar, får du i tillegg inntil 30 dagar pliktig teneste per år. Det reknast som frivillig teneste, og dei ekstra 30 dagane per år reknast ikkje inn i dei 19 månadene ordinær tenesteplikt. Heimevernet får tilført om lag 4500 nye soldatar kvart år.

Pil til høyre
Kva er verneplikt?
Fant du det du lette etter?
Ja, jeg fant det jeg lette etter
Nei. Jeg fant ikke det jeg lette etter.
0/500 TEGN
Kryss av Ja eller Nei for å sende inn skjemaet
Ops! Her gikk noe galt