
Fire nordiske luftforsvar som kjempar no som eitt
I januar blei den nordiske divisjonen etablert ved Joint Air Operations Centre (JAOC) i Bodø.
Divisjonen blir leia av oberst Carl-Fredrik Edström frå Sverige og består av 13 offiserar frå Danmark, Finland, Noreg og Sverige. Divisjonen skal leie utviklinga og operasjonaliseringa av det nordiske luftmaktkonseptet (NAPC). NAPC har som mål å kunne operere som ei eining innan felles fullskala luftoperasjonar med «dag 0»-beredskap.
– Vi har ei svært spennande og viktig oppgåve framfor oss. Tryggingssituasjonen betyr at vi må røre oss raskt frå starten av. Vi har allereie byrja å utforske felles nordiske aktivitetar som vil bidra til å etablere eit delt virtuelt miljø for datautveksling, felles briefingar og koordinert planlegging, seier oberst Edström.
Representantar frå dei nordiske luftforsvara samla ved jAOC i Bodø. Fire nordiske luftforsvar som kjempar no som eitt. Frå venstre: oberst Carl-Fredrik Edström fra Sverige; brigader Tron Strand, sjef JAOC; og Jani Knuuti, Finland.
Divisjonen vil delvis arbeide saman i Bodø og elles operere eksternt frå sine respektive luftforsvarshovudkvarter.
– Den nordiske divisjonen representerer ein viktig milepåle i nordisk samarbeid innan luftdomenet. Eg er svært nøgd med at den nordiske divisjonen har hatt sitt første møte i Bodø og etablert eit offensiv vegkart for nordisk integrasjon og samarbeid i høgt tempo framover, seier brigader Tron Strand, sjef JAOC.
Nordisk luftmaktkonsept (NAPC)
- Dei nordiske luftforsvarssjefane har utvikla eit felles konsept for auka samarbeid mellom luftforsvara i dei nordiske landa.
- Konseptet er bygd på fire søyler: felles planlegging og kommando av luftoperasjonar, koordinert utvikling og bruk av nordiske flybasar, styrka felles situasjonsforståing, og felles utdanning, trening og øvingar.
- Konseptet vil styrke den samla nordiske evna til luftoperasjonar og danne grunnlag for ein effektiv og saumlaus overgang til kollektivt forsvar innanfor ramma av NATO.