220530_HESY_3614

Norske og tyske fartøy har trena saman i årlig ubåt-øving

Dei to siste vekene har norske og tyske fartøy trena saman på ubåtjakt og torpedoskyting i den årlige ubåt-øvinga Grüner Aal. Øvinga har styrka det tette samarbeidet vi har med Tyskland.

Mot slutten av 2020-talet skal Norge og Tyskland saman fase inn ei ny ubåt-klasse. Samarbeidet er unikt, når vi både bygger og skal drifte den felles ubåt-klassa saman. Grüner Aal er ei øving der vi får heva kompetansen vår saman med ein av våre viktigaste allierte.

220530_ALFA_9188
220530_ALFA_9153

Eit høgt treningsnivå

Øvelse Grüner Aal gjennomførast kvart år utanfor Bergen; i Bjørnafjorden og farvatnet utanfor Marsteinen. I fjor var det utfordrande for utanlandske fartøy å delta på grunn av COVID, men i år stilte Tyskland med både ubåt og støttefartøy. Dei har trena saman med blant anna fregatten KNM Thor Heyerdahl og ubåten KNM Utvær.

– Hensikta med øvinga er å trene på ubåtjakt og torpedoskyting saman med tyske fartøy på ulike nivå og i ulike scenario, fortel øvingsleiar Orlogskaptein Andreas Marstrander.

220530_HESY_3585
220530_ALFA_9165
220530_HESY_3670
210601_ALFA_5721

Ubåtane i Ula-klassen er stillegåande og vanskeleg for fregattar å registrere. Dei gir difor gode øvingsmoglegheiter til ubåtjakt for dei utanlandske fartøya.

– Vi tilbyr øving på eit godt nivå for våre allierte, samtidig som vi sjølv får trena hovudvåpenet til ubåten, tungvekts-torpedoen. Slik hever vi kompetansen for alle besetningane som deltar i øvinga, avsluttar øvingsleiar Orlogskaptein Andreas Marstrander.