Norsk English
GRUNER AAL PHOTEX-20210602-4623

Trena på torpedotruslar med britisk fregatt

Dei siste vekene har den årlege ubåtøvinga Grüner Aal pågått i området sør for Bergen. Øvinga er ei bilateral torpedo-skyteøving, med fokus på realistiske og varierte scenario.

På grunn av COVID har det vore utfordrande for utanlandske fartøy å delta. I år var det ubåten KNM Uredd, logisitkkfartøyet KNM Magnus Lagabøte, slepefartøyet HS4 Mjølner og den britiske fregatten HMS Northumberland som trena saman på anti-ubåt og overflatekrigføring.

Eit viktig mål med øving Grüner Aal var å trene på torpedoskyting frå Ubåt på ulike nivå og i ulike scenario. Det har også vore unike moglegheiter for overflateeiningar til å øve på reelle torpedotruslar og trene på mottiltak.

Godt utbytte av treninga 

KNM Uredd har fått godt utbytte av å trene saman med den britiske fregatten HMS Northumberland.

– HMS Northumberland er ein stillegåande fregatt som er designa for anti-ubåtkrigføring. Den har eit høgt øvingsnivå, noko som skapar eit utgangspunkt for god trening for KNM Uredd, seier skvadronssjef i 1. Ubåtskvadron orlogskaptein Bård Hess.

Norske ubåtar er også ettertrakta samarbeidspartnerar for utanlandske fartøy. Ula-klassen er stillegåande og vanskeleg for fregattar å registrere.

– Ei øving på slikt nivå hever kompetansen både for den enkelte, men og for heile organisasjonen som må handtere ein eventuell trussel, avsluttar Hess.

Bilete frå øvinga er tilgjengelig på Forsvarets mediearkiv.