Paraden på vei nedover Karl Johan og forbi slottet.

Sjå bilete frå årets Oslo Pride

Med stand i Pride Park og deltaking i den store paraden, fekk Forsvaret vist at vi forsvarer mangfaldet og retten til å vere den ein er.

Forsvarsvilje handlar om meir enn våpen og beredskap. Forsvarsvilje handlar òg om fellesskap, tillit og viljen til å stille opp for kvarandre og verdiane samfunnet vårt er bygd på. Nett difor er Pride ein god arena for Forsvaret til å vise at vi tek dette på alvor.

Forsvaret har delteke i Oslo Pride-paraden kvart år sidan 2015, og i år stilte vi for første gong òg med ein lastebil. Rundt 90 000 menneske deltok i den store paraden i strålande, steikjande sommarvêr.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen var til stades saman med mellom andre sjefen for Forsvarets fellestenester og direktørane for Forsvarsbygg og Forsvarsmateriell. I tillegg deltok sivile og militære, veteranar, familiar og vener frå heile forsvarssektoren i paraden.

Som tidlegare år hadde Forsvaret òg ein stand i Pride Park på Kontraskjæret. Her var det mange som ville prøve Forsvarets fysiske testar og få vite meir om Forsvaret og moglegheitene hos oss.

Forsvaret har òg vore tydeleg til stades digitalt under Pride. Vi har publisert ei rekkje innlegg om Pride i dei sosiale mediene våre, og tilsette i Avdeling for strategisk kommunikasjon har følgt opp kommentarfelta og svara på spørsmål og kommentarar frå lesarane.