Norsk English
Fra avdukingen av Partisaner monumentet i leieren til Forsvarets spesialkommando, Sjef Forsvarets Spesialstyrker Generalmajor Torgeir Gråtrud legger ned krans

Spesialstyrkane heidrar partisanane

Måndag avduka forsvarsministeren ein minnestein i Rena leir. Monumentet heidrar innsatsen til partisanane i Finnmark og Nord-Troms under andre verdskrigen.

Steinen blei avduka i Minnelunden til Forsvarets spesialkommando 6. september. I Minnelunden er det monument over eigne falne, Kompani Linge, Fallskjermkompaniet og kommandotroppane frå andre verdskrigen. Minnelunden skal løfte historia til spesialstyrkane fram i lyset og heidre minnet til dei som har gått føre.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og sjef Forsvarets spesialstyrkar, Torgeir Gråtrud, var til stades under avdukinga.

– Partisanane i Finnmark og Nord-Troms tenestegjorde som radioagentar i hòler langs Finnmarkskysten. Tenesta var blant dei hardaste nokon nordmenn deltok i under andre verdskrigen. Som med andre radioagentar var dei heilt avhengige av sivile hjelparar for å lukkast med oppdraget. Mange tok stor risiko, sa Bakke-Jensen då han avduka steinen måndag.

Han tykker det riktig og viktig at norske spesialstyrkar innlemmar partisanane i Minnelunden.

– Innsatsen deira fortener å bli heidra. Særleg sidan etterkrigstidas Noreg i liten grad anerkjente det dei hadde bidratt til – frigjeringa av Finnmark – og dermed frigjeringa av Noreg, sa forsvarsministeren.

Gråtrud seier markeringa er viktig for spesialstyrkane:

– Vi ønskjer å heidre dei krevjande operasjonane som blei gjennomførte i eit okkupert Noreg. Og vi ønskjer å heidre menneska bak operasjonane og innsatsen til kvar enkelt partisan for frigjeringa av Noreg, seier sjef for Forsvarets spesialstyrkar, generalmajor Torgeir Gråtrud.

Forsvarets spesialstyrkar har ein levande og sterk minnekultur. Historia til avdelinga blir mellom anna løfta fram gjennom markeringar i Minnelunden til Forsvarets spesialkommando i Rena leir.

– Vi har allereie ei rekkje minnesteinar her for med respekt å heidre minnet til dei som har gått føre oss. Ein minnestein for partisanane kunne ikkje stått på ein meir verdig stad enn i dette selskapet akkurat her på Rena, seier sjef for Forsvarets spesialkommando, oberst Lars W. Lilleby.

Minnelunden har ein sirkelforma grusgang med ein bauta for kvar avdeling. Omkransa av ranke furutre og lyngbotn er Minnelunden ein verdig stad for heider og respekt. I år er det ti år sidan Minnelunden blei innvia og tatt i bruk.

Partisan

  • I Noreg omfattar «partisan» dei rundt 45 nordmennene som under andre verdskrigen tenestegjorde som etterretningsagentar i den sovjetiske Nordflåten.
  • Partisanane blei stort sett rekrutterte blant folk frå Aust-Finnmark som flykta til Sovjetunionen etter den tyske invasjonen av Noreg i 1940.
  • Nokre få hadde blitt bortførte av sovjetiske styrkar i samband med spesialoperasjonar.
  • Med stor personleg risiko blei partisanane sende til Aust-Finnmark for å skaffe informasjon om tyske styrkar og rapportere over radio om skipstrafikk og troppe-forflyttingar.
  • Tyskarane avdekka partisan-verksemda, og mange partisanar blei tatt og mista livet.

Kjelde: Store norske leksikon (https://snl.no/partisan)