Norsk English
230203_HESY_2

Samtrening i krevande forhold

Sola byr på fleire og fleire timar med dagslys i Nord-Norge. Likevel er det enda ei stund igjen til ho varmar her oppe. Gradestokken er stabilt på minus og det meldes at eit kraftig uvêr er på veg. Det er under desse forholda vi må trene for å kunne operere langs heile norske-kysten.

Arctic Hawk er ei årleg øving som blir leia av 1. Korvettskvadron. Ho legg til rette for at dei som deltar skal blir gode på å beherske forholda, ikkje berre aleine – men saman.

– Vi har dei siste vekene trena i hav- og kystområda nord for Harstad. Her har vi trena saman med blant anna Kystjegerkommandoen, soldatar frå Artilleribataljonen og Ingeniørbataljonen og fly frå Luftforsvaret som F-35 og P8, fortel skvadronssjef i 1. Korvettskvadron kommandørkaptein Ernst Bøe.

230202_HESY_6355

Må kunne operere i alle slags forhold

Midt i øvinga blei det eit kraftig uvêr i nord. Fleire ferjeavgangar blei kansellerte og bruer blei stengt. Forsvaret må vere førebudd på å operere uansett forhold, og då må dei også trene på det.

– Vi kan ikkje forvente at vi skal kunne prestere når det trengs, om vi ikkje trenar på det. Difor er det viktig at vi trenar også under slike krevande forhold. Men det er forutsetning at det ikkje går på kostnad av sikkerheita til personell og materiell, seier skvadronssjefen.

Soldatane frå Artilleribataljonen og Ingeniørbataljonen trena på å vere spottarar for korvetten. Dei finner målet og gir posisjonen til korvetten – som skal ta ut målet med eldkraft. Korvetten trena og på å skyte luftmål, som blei simulerte frå Luftforsvarets droneteam på Andøya. Denne samtreninga er viktig for å oppretthalde ein god beredskap.

230202_HESY_6269
230202_HESY_6294
230202_HESY_6383
230202_HESY_6424

Kva skal til for å bli skipssjef?

Dei siste vekene under øving Arctic Hawk har 1. Korvettskvadron køyrt den avsluttande delen av sjefskurset sitt. Sjefselevane må gjennom ein intensiv periode med øvingar og scenario som dei må handtere, før dei endeleg får svaret på om dei er klare for å bli skipssjef.

Marinens korvettar er spesiallaga for å operere langs kysten, og har vore ein viktig ressurs for Sjøforsvaret sidan MTB-våpenet blei oppretta for 150 år sidan. Arva og kulturen, i tillegg til lokalkjennskapen langs kysten – har vore essensiell for å kunne utnytte Skjoldklassa sitt potensiale. Noko som må vidareførast inn i Sjøforsvaret sin nye struktur uavhengig av kva for plattformer som blir nytta langs kysten.

For å bli skipssjef på desse kystgåande fartøya må du klare å halde hovudet klart og prioritere riktig i stressande situasjonar. Du må kunne stole på egne vurderingar, og få mannskapet ditt til å stole på deg og dine avgjersler.

– Skipssjefen er bindeleddet mellom fartøyet og alt rundt. I tillegg til å følgje opp det som skjer om bord, må dei koordinere alt frå søk- og redningsoperasjonar til samtrening med allierte. Arctic Hawk er ei øving med fokus på samtrening og beredskap, og derfor ein god arena for den avsluttande delen av sjefskurset, forklarar skvadronssjef i 1. Korvettskvadron kommandørkaptein Ernst Bøe.