Norsk English
Forsvarssjef, General Eirik Kristoffersen og Sjef Heimevernet Generalmajor Frode Ommundsen besøker Forsvarets stand i Pride park under Oslo Pride 2024

Slik deltar Forsvaret på Oslo Pride 2025

Oslo Pride blir arrangert denne veka, med den årlege paraden laurdag 28. juni. Forsvaret deltar med stand i Pride Park og i paraden.

Forsvaret har vore ein aktiv deltakar i Oslo Pride sidan 2013, både i paraden, og frå 2015 med stand i Pride Park. Deltakinga vår er eit godt høve til å synleggjere det langsiktige arbeidet vårt for likestilling og like moglegheiter, uavhengig av kjønn, etnisitet, legning, tru eller kjønnsidentitet.

Pride-paraden

20240629tk_A5817.jpg
Sjef Forsvarsmateriell, Gro Jære, og forsvarssjef Eirik Kristoffersen under paraden i Oslo i 2024.

Laurdag 28. juni går den tradisjonsrike Pride-paraden gjennom Oslo sentrum, og Forsvaret er sjølvsagt med. Forsvarstilsette, soldatar, veteranar, ansatte i forsvarssektoren og andre forsvarsfolk er velkomne til å delta under Forsvarets fane. Ta gjerne med familie og vener, og ta gjerne med eige regnbogeflagg. Uniform er valfritt.

Paraden startar ved Helga Helgesens plass på Grønland klokka 12.00, og oppmøtestaden er enden av Grønlandsleiret i vestre køyreretning. Forsvaret har startnummer 84 (etter Speiderne i Noreg og før Rabalder Handball). Møt opp i god tid, seinast klokka 11.30. Dei som vil, kan òg møte på Akershus festning klokka 10.45 for felles avgang til oppstilling på Grønland.

Paraderuta går frå Grønland via Jernbanetorget, Stortorvet, Spikersuppa og til Rådhusplassen.​ 

Pride Park

Forsvaret har i fleire år deltatt på Pride med eigen stand, og det gjer vi også i år.

Standen blir bemanna med frivillige ansatte og soldatar. I år er Pride Park tilbake på Kontraskjæret mellom Akershus festning og Rådhusplassen.

Standen er open frå onsdag 25. juni til og med laurdag 28. juni. Velkomen innom!