
Dette foreslår regjeringa for Forsvaret neste år
Måndag presenterte regjeringa forslaget sitt til statsbudsjett for 2025. Dette er nokre av forslaga.
I forslaget til statsbudsjett foreslår regjeringa å auke forsvarsbudsjettet med 19,2 milliardar kroner. Forslaget gir eit forsvarsbudsjett på 110,1 milliardar kroner i 2025.
I budsjettet foreslår regjeringa:
- Ei auke på 7 milliardar kroner til investeringar. Hovuddelen av pengane skal gå til prosjekt som allereie er starta, slik som tilleggsutstyr til F-35 kampfly, nye ubåtar, maritim overvåkingskapasitet, maritim luftromsovervaking, artilleriammunisjon og sensorar for militær luftromsovervaking.
- Ei auke på 5 milliardar kroner til ammunisjon, auka forsyningsberedskap, auka kapasitet til materiellforvaltning, og fleire tilsette.
- Ei auke på 1 milliard kroner til verdibevaring og fornying av eigedom, bygg og anlegg. Dette skal gi betre bustadforhold for tilsette, auka operativ evne for avdelingane og rom for vidare vekst.
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen er nøgd med regjeringa sitt forslag.
– Regjeringa realiserer no det første store løftet i langtidsplanen. Forsvaret har fått ein tolvårsplan, og vi held fram med å tette dei operative gapa vi har. Det er ei viktig satsing på Forsvaret, og det gjer at vi aukar evna vår til å ivareta Noreg og våre allierte si tryggleik, seier general Kristoffersen.
Vidare foreslår regjeringa mellom anna:
- Å styrkje Heimevernet med 277 millionar kroner, slik at Heimevernet kan trene fem dagar for soldatane og sju dagar for befal, tilsette enda eit deltidsløna befal i halvparten av områda og auke områdestrukturen med om lag 500 soldatar og befal.
- Å auke utdanningskapasiteten på grunnleggjande befalsutdanning med om lag 50 elevplassar og styrkje innsatsen for å rekruttere og behalde folk.