No kan du innstille kandidatar til Veteranprisen
Veteranprisrådet ønskjer kandidatar til Veteranprisen. Du kan innstille kandidaten din frå og med i dag.
– Forsvarets veteranpris er ein viktig måte å heidre den eller dei som gjer ein særleg innsats for veteranane våre og familiane deira. Eg håper derfor at vi kan få inn like mange gode kandidatar i år som tidlegare, seier Forsvarets veteraninspektør Morten Henriksen.
Klare for å ta imot kandidatar
Henriksen leiar veteranprisrådet og er ein av dei som har den vanskelege jobben med å vurdere kandidatane som blir lagde fram for forsvarssjefen.
Måndag 12. august opnar skjemaet for innstillingar, og alle kan sende inn forslag.
– Til utdelinga i 2023 fekk vi inn heile 87 innstillingar fordela på 52 kandidatar, seier Henriksen.
Solide vinnarar
Veteranprisrådet plukka ut fire gode finalekandidatar og innstilte Ann Helen Dybwad som vinnar av Veteranprisen 2021. Prisen blei utdelt i 2023 på grunn av pandemien. Dybwad fekk prisen for at ho i fleire tiår har engasjert seg for veteranar frå operasjonane ho sjølv har tenestegjort i. I grunngjevinga står det også at Dybwad har nådd langt utover veteranmiljøet med historia si, og har vore viktig for å ha etablert veteranhistoria i heile samfunnet.
Forsvarets veteranpris blei delt ut første gong i 2013. Prisen blir delt ut annakvart år til personar eller organisasjonar som har gjort ein ekstra innsats for å fremje veteransaka ved å:
- Skape stoltheit blant, eller for, veteranar og/eller veteranfamiliar.
- Ha gjort seg merka gjennom ueigennyttig innsats for veteranane og/eller veteranfamiliane.
Blir delt ut på veterankonferansen
Tradisjonen tru blir veteranprisen delt ut under den nasjonale veterankonferansen. Den blir halden på Oslo Plaza i januar 2025. Nasjonal veterankonferanse blir arrangert for å auke forståinga for veteranar, styrke veteranivaretakinga og betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane i samfunnet.
– Det er alltid utfordrande å vurdere kandidatane som blir innstilte opp mot kvarandre, og det blir gjort veldig mykje godt arbeid for veteranane i samfunnet. Men vi ønskjer oss ei så «vanskeleg» jobb som mogleg, og ønskjer at mange fremjar kandidatar, seier Henriksen.
Skjemaet for innstillingar til Veteranprisen opnar 12. august, og stenger 1. oktober.
Tidlegare vinnarar
- 2013: Terje Sæterbø og Jon Ivar Kjellin. Sæterbø for sitt sterke personlege engasjement for veteranars kår i over 25 år. Kjellin fekk prisen for korleis han, som sjef for Kystjegerkommandoen, følgde opp dei etterlatne etter at fire soldatar vart drepne i Nord-Afghanistan i 2010.
- 2014: Petter Kjendlie for å ha jobba for fullt med veteranivaretaking sidan slutten av 1970-talet.
- 2015: Per Cristian «Pekka» Jacobsen for personleg støtte til mange av sine veterankollegaer, og for arbeidet i samband med etableringa av Norway House i Lommedalen og organisasjonen Veteran møter veteran.
- 2016: Fred Gallefoss for sitt pionerarbeid for veteranar gjennom nettstaden norsk veterannettverk som vart etablert allereie i 1993. Det blei også lagt vekt på hans glød for veteransaka, mellom anna som arrangør av turar tilbake til Libanon for norske veteranar.
- 2017: Knut Østbøll for sitt mangeårige innsats for veteransaka. Han har også spelt ei viktig rolle i etableringa av Bæreia som rekreasjonssenter også for nye generasjonar veteranar, samt at han har hatt ansvaret for NVIOs kameratstøtteordning.
- 2018: Arild Lihaug og Bjørn Dåvøy for å i ei årrekkje ha jobba for veteransaka, særleg i Bergens-området. Særleg vert innsatsen dei gjer for skadde veteranar framheva. Ei gruppe dei sjølv høyrer til, men som dei ofte trosser eigne føresetnader for å hjelpe.
- 2019: Odd Helge Olsen for å ha jobba for å betre oppfølginga og anerkjenninga av veteranar. Då han kom heim frå Libanon på 80-talet såg han at den oppfølginga soldatane fekk etter tenesta ikkje var god nok. Sidan den gong har han jobba med oppfølging og anerkjenning.
- 2020: Kompetansemiljøet for veteransaker hos NAV Elverum. Det blei oppretta i 2011, og bestod i starten av Gunn Strand og Guri Hammervold. Det blei særleg framheva deira viktige rolle i å støtte veteranar i møte med eit komplekst system, og at dei har gått langt utover det som er forventa, og har sett veterananes behov i forsetet.
- 2021 (utdelt i 2023 på grunn av pandemien): Ann Helen Dybwad fekk prisen for at ho i fleire tiår har engasjert seg for veteranar frå operasjonar ho sjølv har tenestegjort i. I grunngjevinga står det også at Dybwad har nådd langt utover veteranmiljøet med si historie, og har vore viktig for å ha etablert veteranhistoria i heile samfunnet.
- 2025-prisen blir delt ut under Nasjonal veterankonferanse i Oslo i januar 2025.