Avslutta antipirat-oppdrag
Laurdag 7. desember var siste dag for det norske bidraget i operasjon Ocean Shield i Adenbukta.
I eit halvt år har fregatten KNM «Fridtjof Nansen» seglt utanfor Adenbukta og i Det indiske hav for å stogge piratverksemd.
– Det har vore få piratåtak i området så lenge vi har delteke. Dette viser at eit tydeleg militært nærver i kombinasjon med sivile tiltak, fungerer godt og sikrar skipstrafikken, seier kontreadmiral Håkon Tronstad, nestkommanderande ved Forsvarets operative hovudkvarter.
Han omtalar oppdraget som krevjande ettersom få militære fartøy har hatt ansvaret for eit stort område. I tillegg har klimatiske høve, og samarbeid med andre aktørar gjort oppdraget krevjande og spennande.
Stolt over mannskapet
– Oppdraget har vore løyst på ein svært god måte. Eg er stolt over jobben mannskapet om bord har gjort, både dei som har reist heim, og dei som no er i ferd med å fullføre oppdraget. I tillegg til besetninga har vi hatt ein internasjonal stab og fagpersonar om bord. Denne løysinga har fungert godt, seier Tronstad.
Tronstad skal sjølv dele ut medaljar til mannskapet som no er om bord på «Fridtjof Nansen» når dei kjem til Bergen før jul.
Som sjef for Natos maritime fregattstyrke, Standing Nato Maritime Group 1, har flaggkommandør Henning Amundsen leia Natos antipirat-operasjon Ocean Shield frå «Fridtjof Nansen».
– Det har vore ei ære å få vere styrkesjef for SNMG1 med ein norsk fregatt som flaggfartøy, og samstundes få høve til å leie ein maritim Nato-operasjon. Eg har sett pris på tilliten og støtta som er vist, både nasjonalt og frå mine overordna i Nato, seier Amundsen.
Nytt oppdrag
Han tykkjer det har vore meiningsfullt og givande å leie operasjonen.
– Vårt nærvær langs kysten av Somalia gjer det vanskeleg for piratar å operere, men vi ser at nokre framleis slepp gjennom. Då er det godt å sjå at vi maktar å ta dei før dei klarar å kapre. Vårt nærver gjer ein skilnad. Vi tryggjer skipsfarten, seier Amundsen.
Sjølv om det norske bidraget i Ocean Shield nå blir avslutta, held operasjonen fram ut 2014. Standing Nato Maritime Group 2 overtek ansvaret for Ocean Shield.
Noreg skal framleis leie fregattstyrken Standing Nato Maritime Group 1. I januar tek flaggkommandør Nils Andreas Stensønes over som styrkesjef. Fregatten «Thor Heyerdahl» blir det nye flaggskipet i fregattstyrken. Operasjonsområdet for det norske fartøyet vil vere i nordeuropeiske farvatn.