Takka av siste NCC-stab
Sundag avslutta den aller siste norske kontingentstaben, NCC, i Afghanistan sitt oppdrag.
Med dette er Noregs ISAF-bidrag formelt avslutta. Dette blei markert med ein høgtideleg seremoni på Kabul internasjonale flyplass sundag. Sjefen for Forsvarets operative hovudkvarter, generalløytnant Morten Haga Lunde, meiner Forsvaret har lukkast i oppdraget.
– I 13 år har soldatar frå 51 land gitt eit avgjerande bidrag for auka tryggleik og kampen mot terrorisme. Vi minnest dei som har gitt sine liv, og som er blitt såra i tenesta for fred, tryggleik og stabilitet i Afghanistan. Det står stor respekt av Noregs totalt 9 000 soldatar og innsatsen deira, seier Lunde.
Oppdrag utført
Ifølgje generalløytnanten er ikkje Afghanistan lenger utgangspunktet for internasjonal terrorisme.
– Militært kan vi no seie «mission accomplished». Vi har lukkast i å byggje tryggingsstyrkar som er rusta til å ta hand om tryggleiken i eige land, meiner Lunde.
Han seier det er viktig at afghanske styresmakter no tek ansvaret for utviklinga i landet.
– Tryggingssituasjonen i Afghanistan vil fortsatt vere utfordrande. Organisert kriminalitet, gjerne kobla med ulovleg narkotikaproduksjon og maktstrukturar som Taliban, vil fortsatt vere krevjande for styresmaktene i Afghanistan, seier Lunde.
Dyktig stab
Oberst Petter Gjersem, den siste sjefen for den norske kontingentstaben i Afghanistan, meiner dei gode resultata skuldast medarbeidarane. Han meiner dei har sikra gode rapportar og sendt truverdige anbefalingar heim til Forsvaret.
– Vi har ytt service for heile det norske styrkebidraget. Vi har lukkast fordi vi har hatt dyktige, motiverte og serviceinnstilte medarbeidarar som har hjelpt kvarandre med å løyse oppdraget. Eg takkar staben for innsatsen og den gode kameratskapen, seier Gjersem.
Noreg i Afghanistan
Den norske kontingentstaben i Afghanistan (NCC) er det framskotne militære leiingselementet til den norske innsatsen i Afghanistan og ISAF-styrken (International Security Assistance Force).
Avdelinga har vore den forlengja armen til Forsvarets operative hovudkvarter i Afghanistan. Oppgåvene har vore å støtte det norske ISAF-bidraget, følgje med på situasjonen i landet og rapportere heim til Noreg.
ISAF blei avslutta 31. desember 2014, og NCC formelt sundag 11. januar 2015. Noreg er framleis i Afghanistan gjennom deltakinga i den nye operasjonen Resolute Support Mission (RSM) frå 1. januar 2015.
75 norske soldatar deltek i RSM, og kommandørkaptein Tommy Olsen blir Forsvarets framskotne leiing i den nye operasjonen.