
Pressemelding: Viktig øving før oppdrag med britisk hangarskipsstyrke
Dei neste tre vekene vil britiske Wildcat-helikopter trene saman med norske marinefartøy i fjordane på Vestlandet, for å sikre god integrering før dei skal operere side om side under deployering med Storbritannia sitt flaggskip, hangarskipet HMS Prince of Wales.
Hangarskipsstyrka skal ut på eit åtte månadars langt oppdrag, saman med norske fartøy og andre allierte fartøy. Fregatten KNM Roald Amundsen er det einaste fartøyet som skal vere med på heile oppdraget, og KNM Maud skal støtte gruppa på delar av deployeringa. Under oppdraget skal den norske fregatten ha eit britisk Wildcat-helikopter om bord.
Ein viktig del av årets Tamber Shield-øving blir difor å sikre god integrering av Wildcat- helikopter med norsk fregatt. Tamber Shield har blitt gjennomført to gongar tidlegare, med fokus på å utvikle taktikk for kystnære operasjonar i tronge fjordar utanfor Bergen. Dette blir eit fokus i år også, men i tillegg vil dei trene på å handtere torpedo- og missilangrep - og på alle område sikre ei tett integrering mellom Royal Navy og Sjøforsvaret.
Frå Sjøforsvaret vil fregatten KNM Otto Sverdrup og forsyningsfartøyet KNM Maud delta, og frå Royal Navy vil fire P2000 patruljefartøy og fire Wildcat-helikopter delta.
– Tamber Shield er ein utmerka arena for å vidareføre den tette integrasjonen mellom Royal Navy og Sjøforsvaret. Øvinga gir oss også moglegheita til å gjere dei siste førebuingane før den kommande deployeringa med hangarskipsstyrken. Tamber Shield demonstrerer tydeleg det unike forholdet mellom den britiske og den norske Marinen, seier sjef Marinen, flaggkommandør Kyrre Haugen.
Kontaktpersoner

