20260616-TMØ_9982

Første kull uteksaminert frå Heimevernets lagførarskole

Det første kullet ved Heimevernets lagførarskole vart uteksaminert med høgtideleg oppstilling på Porsangmoen. Utdanninga markerer eit viktig steg i arbeidet med å styrkje lagførarrolla i Heimevernet.

Til stades under seremonien var mellom andre sjef Heimevernet, generalmajor Frode Ommundsen, sjefsersjant i Heimevernet, Morten Fosland, sjef Finnmark heimevernsdistrikt, oberst Tomas Bakke, og føresette til elevane.

Lagføraren har ei sentral rolle i Heimevernet. Det er lagføraren som leier soldatane tettast på oppdraget, sørgjer for samhandling i laget og omset ordre til praktisk handling i felt. Med ei eiga lagførarskole får Heimevernet ei meir strukturert utdanning av personell som skal ta dette ansvaret.

– Heimevernets lagførarskole i Finnmark har vore eit viktig steg for styrkinga av Forsvaret, men spesielt for beredskapen i nord, fortel Bakke.

– Elevane har gjennomført utdanninga si i verdas beste, men og mest utilgjevande klasserom her i Arktis, fortsetje han.

– Eg er stolt av elevane som uteksaminerast i dag med det fokuset dei har på læring og å utvikle seg som leiarar til det beste for soldatane sine og oppdraget dei skal løyse.

– Leiarutdanninga ved Heimevernets lagførerskole i Finnmark er viktig fordi Forsvaret har behov for fagleg dyktige, robuste og handlekraftige leiarar som kan lede soldatar under krevjande arktiske forhold. Gjennom utdanninga får elevane erfaring som leiing i praksis og utviklar ferdighetene som krevst for å løyse oppdrag under realistiske forhold, seier Kjartan Malnes, kompanisjef for utdanningskompaniet.

Under uteksamineringa vart det også kåra beste elev og dyktigste elev-bærende ferdigheter . Beste elev vart heidra med sabel, medandyktigste elev-bærende ferdigheter fekk øks. Prisane løftar fram både fagleg dyktigheit og evna til å bidra positivt til laget rundt seg.

– Elevane er trygge, fagleg sterke og har vist at dei leiar ved eksempelets makt, seier Bakke.

– Vi utdanner leiarer som kan ta ansvar, fatte avgjerd og lede soldatar under krevjande arktiske forhold. Målet er ikkje å skape teoretikere, men trygge og kompetente lagførarar som mestrer det grunnleggjande når det verkeleg gjeld, avsluttar Malnes.

For elevane markerer uteksamineringa slutten på ei krevjande utdanning og starten på eit større ansvar ute i avdelingane. Kunnskapen og erfaringane dei tek med seg vidare, skal bidra til å styrkje leiing, samhald og operativ evne i Heimevernet.