Fysisk test på sesjon

På sesjon skal du gjennomføre styrketestar og ein løpetest på ei tredemølle.

Møt på sesjon utkvilt og godt førebudd. Resultata på testen kan påverke kva for ei teneste du kan få i Forsvaret.

Styrketesten består av:

  1. Medisinballstøyt (10 kg, sittande)
  2. Stille lengde
  3. Kroppsheving i bom (hengande eller liggande)

I tillegg måler vi kondisjonen din gjennom ein løpetest på tredemølle

01 Sittande medisinballstøyt

Illustrasjon sittande medisinballstøt

På sesjon måler du styrke i overkroppen med sittande medisinballstøyt. Du gjer testen ved å kaste ein 10 kilo tung medisinball. Det stiller krav til styrke i armar og bryst.

  1. Sittande medisinballstøyt (meter)
    Karakter Mann Kvinne
    9 3,5 3,5
    8 3,4 2,6
    7 3,3 2,5
    6 3,2 2,4
    5 3,1 2,3
    4 3,0 2,2
    3 2,8 2,1
    2 2,7 2,0
    1 2,6 1,8

02 Stille lengde

Illustrasjon stille lengde

I stille lengde testar vi den eksplosive styrken i beina dine. Utgangsstillinga er parallelle bein bak satsstreken. Her måler vi hovudsakeleg beinstyrke, men heile kroppen er aktivt med i kraftutviklinga.

  1. Stille lengde (meter)
    Karakter Mann Kvinne
    9 2,45 2,45
    8 2,35 2,15
    7 2,30 2,05
    6 2,25 1,95
    5 2,20 1,90
    4 2,15 1,80
    3 2,10 1,70
    2 2,00 1,60
    1 1,85 1,45

03 Kroppsheving i bom

Illustrasjon kroppsheving i bom

Kroppsheving gjer du i bom. Haka skal over den øvre kanten av bommen.

Om du ikkje klarer nokre repetisjonar på hengande kroppsheving, skal du gjennomføre liggande kroppsheving. Kroppen skal vere strak, og brystet skal opp til nedre del av bommen.

  1. Kroppsheving i bom (repetisjonar, * betyr liggande)
    Karakter Mann Kvinne
    9 12 12
    8 10 3
    7 8 1
    6 6 10*
    5 4 8*
    4 2 6*
    3 1 4*
    2 6* 2*
    1 3* 1*

04 Løpetest på tredemølle

Illustrasjon fysisk test på sesjon, tredemølle

Løpetesten gjer du på ei tredemølle. Dei første 6 minutta (4–6 km/t) skjer i gangfart og fungerer som oppvarming. Tredemølla har ei stigning på 10 prosent, med unntak av dei første 2 minutta, kor ho er på 5 prosent.

Farten aukar med 1 km/t kvart minutt. På det sjuande minuttet er tempoet 7 km/t, det tiande minuttet 10 km/t, trettande minuttet 13 km/t, osv.

Prinsippet er enkelt: Du skal halde ut så lenge du orkar.

  1. Løpetest (tid)
    Karakter Mann Kvinne
    9 13:30 13:30
    8 13:00 12:00
    7 12:30 11:30
    6 12:00 11:00
    5 11:30 10:30
    4 11:00 10:00
    3 10:30 09:30
    2 10:00 08:30
    1 09:00 07:30

Løpetest på sesjon