
Vellykka oppskyting av arktiske breibandssatellittar
Natt til måndag norsk tid blei to norske satellittar skotne opp med ein rakett frå SpaceX frå Vandenberg Space Force Base i California i USA. Oppskytinga er ei milepåle for Forsvaret.
Både det amerikanske forsvaret, det norske forsvaret og satellittselskapet Viasat har nyttelast med på satellittane. Oppskytinga av dei to satellittane i Arctic Satellite Broadband Mission (ASBM) frå Space Norway er ei milepåle som sikrar at Forsvaret vil få tilgang til ein svært viktig kommunikasjonskapasitet.
Spektakulær oppleving

– Breiband i Arktis vil få stor verknad for Forsvaret og for kommunikasjonsmoglegheitene våre i nordområda, seier sjef for Cyberforsvaret, brigader Halvor Johansen.
Johansen var sjølv til stades under oppskytinga.
– Det var ei spektakulær oppleving med sterke inntrykk av lys, lyd og trykk. Dedikerte menneske og eit imponerande lagarbeid på tvers av organisasjonar. No er vi endeleg i gong med den operative fasen, seier Johansen.
Gir betre oversikt i nord
ASBM-programmet er ein suksess for sivil-militært og internasjonalt samarbeid.
– Noregs satsing på satellittar og romverksemd har nådd ei viktig milepåle. For Forsvaret betyr det at vi får betre kommunikasjon og oversikt i nord. Det styrkjer evna vår til situasjonsforståing i våre nærområde. Breiband i Arktis opnar endå fleire moglegheiter for å samarbeide på tvers av forsvarsgreiner og med våre allierte, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.
Satellittane skal gi breibandsdekning til mellom anna fly, forskingsfartøy, fiskefartøy, cruiseskip, kystvakt, ekspedisjonar og andre som opererer i Arktis.
