Kandidater på Forsvarets opptak og seleksjon 2026 får tildelt skoleplasser under en oppstilling på Sessvollmoen.

Forsvarets opptak og seleksjon 2026 er over

Dei siste to vekene har over 1000 kandidatar kjempa om skuleplassane under Forsvarets opptak og seleksjon (FOS). I dag fekk dei svar på om dei kom inn.

I dag, torsdag 9. juli, stod dei attverande kandidatane spente med håp om å få tilbod om skuleplass. Dei har dei siste to vekene gått gjennom psykiske og fysiske testar som gav selektørane innsikt i dei ulike kandidatane og om dei oppfylte krava for å bli tilbod skuleplass i Forsvaret.

No har skuleplassane blitt utdelt, og nye kadetter er klare til at skuleåret starter til høsten.

Kandidat Vebjørn Wigen Mariussen under Forsvarets opptak og seleksjon 2026. Foto: Sigrid Tvedt / Forsvaret

Vurderte aldri å gi seg

Ein av desse var Vebjørn Mariussen (20). Han kom inn på studiet marineingeniør – maskin ved Sjøkrigsskolen i Bergen. Nyleg dimitterte han frå førstegongstenesta, der han var brannvernsoldat ved Forsvarets operative hovudkvarter i Bodø.

– Dei siste to vekene har vore spennande og innhaldsrike. Det har vore mykje pining med gnagsår, men elles har det vore ei god oppleving med gode medsoldatar.

Motivasjonen hans har stort sett vore på topp. Sjølvsagt har han kjent på slitet med lite mat og søvn, men han har aldri vurdert å gje seg.

– Mitt tips til søkjarane neste år er å møte opp. Tren på marsjering med sekk, ta vare på deg sjølv når du er i felt, teip føtene når det er behov, og førebygg så mykje du kan.

René Norman Skistad fungerte som kompanisjef under Forsvarets opptak og seleksjon 2026. Foto: Anette Ask / Forsvaret

Eit utvida jobbintervju

Oberstløytnant René Norman Skistad, personellsjef i Cyberforsvaret, var kompanisjef for Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret under årets FOS. Han skildrar årets gjennomføring som god, strømlinjeforma og godt førebudd. Det som har gjort størst inntrykk på han, er det tydelege fokuset på profesjonen kandidatane søkjer seg til.

– FOS er eit utvida jobbintervju til ein livslang karriere i Forsvaret. I år har det vore ein tydeleg raud tråd gjennom opptaket, med fokus på profesjonen, den endra tryggleikssituasjonen og behovet for handlekraftige og robuste leiarar, seier Skistad.

Han skildrar årets kandidatar som reflekterte, motiverte og målretta.

– Dei har vore godt førebudde, også mentalt, på at prosessen er krevjande. Det handlar om å stå i ubehag over tid, og det har dei handtert på ein svært god måte, seier han.