Norsk English
20250117tk_A4491

Finnmark først inn i Forsvarets nye uniformer

Norske soldatar får no ny utsjånad. Førre veke starta utdelinga av M23 – Nordic Combat Uniform i Finnmark.

Det er soldatane som vaktar grensa mot Russland, som først har fått utdelt dei nye uniformene. Utdelinga starta 15. januar 2025 hos Garnisonen i Sør-Varanger og Vardøhus, før turen går sørover – leir for leir.

– Folka våre er det viktigaste vi har, og dei fortener godt utstyr. Då treng vi å utruste soldatane med gode uniformer for alle dei forskjellige klimatiske utfordringane vi har i Noreg, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Startar i nord

Saman med forsvarsminister Bjørn Arild Gram delte generalen ut uniformer til dei nye rekruttane i GSV fredag 17. januar.

– Vi begynner her lengst nord, fordi her er bruksfrekvensen størst. Herfrå kjem vi til å få gode erfaringar. Ein annan årsak til at vi begynner i nord, er for å få tømt depota våre, slik at depota berre har eitt uniformsystem å forhalde seg til. Det gjer at heile styrkestrukturen i Finnmark har den same uniforma, både dei som er inne til vanleg, og Heimevernet, forklarer Kristoffersen.

Innfasinga er eit stort prosjekt, og det vil ta fleire år før alle norske soldatar har fått den nye uniforma.

Same uniform – nasjonale mønster

Nordic Combat Uniform System, forkorta NCU, er eit prosjekt mellom Noreg, Sverige, Finland og Danmark. Designet på uniforma er likt i alle land, men kvar nasjon har sitt eige kamuflasjemønster. Den norske versjonen er heilt ny frå den uniforma vi er vande til å sjå, som har vore lik sidan 1970-talet.

Forsvarets forskingsinstitutt har forska og utvikla fram det nye mønsteret. Det er betre tilpassa norsk natur, og vanskelegare for ein fiende å få auge på.

Det er eit meir heilskapleg og gjennomtenkt system soldatane no kan kle på seg. Den nye uniforma er laga for å fungere saman som eit fullstendig lag-på-lag-system. Det gir betre komfort for soldatane, som også blir betre rusta mot ver og vind.

20250117tk_A3766.jpg
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen er godt nøgd med dei nye uniformene.

Berekraft står sentralt

Berekraft har vore ein viktig del ved utforminga av dei nye uniformene. Blir det ein rift eller eit hol, må soldatane no ta nåla i eiga hand, eller lime på ein lapp som følgjer med uniforma. Større skadar er det systuer som skal ta seg av. Det vil auke levetida på uniformene.

– Eg er godt nøgd med at brukarane har fått vere med å utvikle uniforma. Også er eg nøgd med at det er eit nordisk samarbeid, slik at vi har fått gjort dette i ein større samanheng enn berre i Noreg, og dermed pressa prisen ned, seier general Eirik Kristoffersen.

– Også er eg jo veldig nøgd med at vi endeleg, etter 25 år, no kan rulle ut uniforma.

Fleire fasongar og storleikar

Tidlegare har det vore utfordringar med at forskjellige lag blei kjøpt frå forskjellige leverandørar. Denne blandinga gjorde at ikkje alle plagg fungerte like bra saman. Uniforma er også flammehemmande, og har beskyttelse på kne og ved olbogar.

Og ikkje minst kjem uniforma i fleire storleikar og fasongar, for betre å kunne vere tilpassa den enkelte, og med versjonar betre tilpassa kvinner.