Soldater fra de tre forsvarsgrenene Hær, Sjø og Luft sammen ifm innføringen av allmennverneplikt
Norwegian conscripts from the Navy, Army and the Air Force

Uniformer

Uniformer er ein naturleg og tradisjonsrik del av Forsvaret. Ber du uniform, har du både rettar og pliktar.

Militære uniformer blei første gong innført i England av kong Henrik VII i 1385. Då den norske hæren blei etablert i 1628, var det kong Christian IV som kledde han opp. Frå der kjem uttrykket «kongens klede». Framleis er kongen øvste krigsherre i Forsvaret, og det er altså «hans klede» norske soldatar ber.​​

Forsvaret har uniformer til ulike arbeidssituasjonar, som feltuniform, messeantrekk og paradeuniform. Uniformene er òg tilpassa vêr og klima, med til dømes ørkenuniform og sommarantrekk.

Det er greinsjefane som bestemmer korleis uniforma skal sjå ut, korleis soldatane skal bruke ho, og kva slags tilbehøyr ein kan ha på.

Uniforma er mykje meir enn kamuflasje og fysisk vern. Ho gir òg formelt vern i tråd med internasjonale lover og konvensjonar. Uniformskledde krigsfangar skal til dømes bli handtert humant og med respekt.

Norsk lov gir òg vern til offentleg tenestepersonell. Om nokon angrip ein tenesteperson i militær uniform, vil dette kunne gjere straffa enda strengare.

Uniformsutsal

Forsvarets uniformsutsal er blitt digitale. Bestilling og sal skjer no via Forsvarets intranett. Les meir her.

Pil til høyre
Kvinnelig soldat fra Hans Majestet Kongens Garde under parade foran ledelsesbygget på Akershus festning i Oslo / Female soldier from His Majesty The Kings Guard during a parade at Akershus fortress in Oslo

Vil du levere inn uniformer?

Aspirantene er ferdige i felt og leverer alt militært utstyr tilbake på depot.

//

The aspirants delivering their military equipment.

Har du ei uniform som du ikkje lenger ønskjer? Då skal du levere uniforma inn, eller makulere ho. 

Personlege militære klede (PBU) som du har fått av Forsvaret, skal du levere inn på næraste depot. Andre uniformer kan du klippe i sund eller øydeleggje på andre måtar, slik at andre ikkje kan bruke ho. Hugs å sprette av flagg, knappar og distinksjonar.

Du kan òg sende inn uniformer og militære klede til Forsvaret, som har eigne makuleringsmaskiner for uniformer. Adressa er:

FLO RLL
Returmottak Bygg 2
Skrytehagen 24
2055 Nordkisa
v/Atle Eriksen

Har du spørsmål, kan du kontakte Atle Eriksen på telefon 23 09 80 00.