20221014tk_I9524

Sjefane samla for å styrke nordisk samarbeid

Denne veka har dei nordiske forsvarssjefane vore i Oslo for å styrke det nordiske militære samarbeidet ytterlegare.

Forsvarssjefane frå Danmark, Finland, Noreg og Sverige møttest denne veka i Oslo for å leggje rammene for eit forsterka framtidig nordisk militært samarbeid. Dei har òg jobba fram eit felles nordisk råd til den politiske leiarskapen. Dette er basert på den nordiske modellen med felles prioriteringar og ei felles tilnærming til NATO, særleg med tanke på at Finland og Sverige no er på veg inn i forsvarsalliansen.

– Gode diskusjonar

Forsvarssjef general Eirik Kristoffersen trekkjer fram kor viktig det nordiske samarbeidet er.

– Dette møtet i ei nordisk ramme har gjort det mogleg å fortsetje planlegginga av eit framtidig nordisk samarbeid. Vi hadde gode diskusjonar rundt felles prioriteringar og tilnærminga vi skal ha framover, seier generalen.

20221014tk_I9495.jpg
Samla i Oslo. Frå venstre: generalmajor og plansjef Anders Rex (Danmark); generalmajor og plansjef Janne Jaakkola (Finland); sjef for den svenske forsvarsstaben, viseadmiral Jonas Haggren; Danmarks forsvarssjef, general Flemming Lentfer: Noregs forsvarssjef, general Eirik Kristoffersen; Finlands forsvarsssjef, general Timo Kivinen; kontreadmiral Solevig Krey, nestkommanderande for operasjonsavdelinga i norske Forsvarsstaben; og generalmajor Lena Persson Herlitz, plansjef i det svenske forsvaret.

Lang tradisjon for samarbeid

Nordisk samarbeid har lange historiske røter – også politisk og militært. Samarbeidet er viktig for Norden og har blitt ekstra aktuelt no i lys av krigen i Ukraina og situasjonen i Austersjøen. Krigen i Ukraina var naturleg nok eit sentral tema under møtet. Det same var den planlagde fellesnordiske vinterøvinga Nordic Response som etter planen skal finne stad i 2024.

– Vi står føre ein alvorleg situasjon som vi alle følgjer svært tett. Alle styrkane våre opererer no saman i nærområda våre, noko som illustrerer det tette og gode samarbeidet vi har med våre allierte og partnarar, seier forsvarssjef Kristoffersen.

Heile Norden i NATO

I 2009 blei det nordiske militære samarbeidet formalisert gjennom opprettinga av samarbeidsforumet Nordic Defence Cooperation (Nordefco). Hovudføremålet til Nordefco har vore å bevare og vidareutvikle dei nordiske landa sine militære kapasitetar og operative evne til ein lågare kostnad.

Svensk og finsk NATO-medlemskap vil sameine Norden i alliansen og gjere det nordiske samarbeidet enda sterkare.