Øvinga som legg grunnlaget for arktiske operasjonar
Korvettane i Skjold-klassa er skreddarsydde for operasjonar langs Norskekysten, og kan løyse mange ulike oppdrag. I vinterøvinga Arctic Hawk 22 trenar dei på å operere saman med einingar frå dei andre forsvarsgreinene, og med allierte.
Dei skal ikkje berre utføre krevjande operasjonar, dei skal òg kunne løyse dei i alle slags forhold. Difor trenar både Sjøforsvaret, einingar frå Luftforsvaret og Hæren og soldatar frå Royal Marines i Nord-Noreg i februar – når det som regel er fleire minusgrader der enn timar med dagslys i døgnet.
For å kunne operere saman om det skulle bli nødvendig, er det avgjerande å trene i realistiske omgjevnader.
– Fellesoperativ og alliert samøving er viktig for Sjøforsvaret. Noreg er NATO i nord, og difor er det viktig at vi trenar her saman med våre allierte, seier sjef for 1. korvettskvadron, kommandørkaptein Ernst Bøe.
Verdifull trening for britane
Vintertrening i Noreg har lenge vore ein verdifull del av programmet til operatørane frå Royal Marines. Dei skal meistre alle typar klima, også det dei beskriv som noko av dei mest krevjande forholda vi veit om.
I år er også treninga deira er ein del av førebuinga til storøvinga Cold Response 22, som skal gjennomførast i Noreg i slutten av mars.
Ein av operatørane, 19 år gamle Mark Clarke, understrekar kor viktig det er å ta gode val under vintertrening.

– Det er eit tøft klima å trene i, men med riktige val og gode, grunnleggjande ferdighetar, er det enklare å halde ut og operere her.
Ein arena for sjefskurs
Korvettane KNM «Steil» og KNM «Storm» som har delteke på Arctic Hawk 22, har i løpet av øvinga gjennomført sjefskurs.
– Øvingane vi er på no, er skreddarsydde for å gi sjefselevane eit solid grunnlag før sluttmodulen som gjennomførast seinare i år, forklarar kommandørkaptein Ernst Bøe.
Sjefselevane har fått god trening i å samarbeide både med allierte, og også med F-35 og dei maritime patruljeflya P-3 Orion frå Luftforsvaret. Flya har identifisert fiendtlige mål på bakken og på sjøen, og samarbeida med korvettane på å koordinere angrep på utvalde mål.
Utviklar samarbeid
Øving Arctc Hawk 22 har utvikla samarbeidet mellom dei taktiske einingane og kommandoane, og gitt god trening i kommunikasjonen mellom einingane.
Saman med Royal Marines og einingar frå Luftforsvaret og Hæren har korvettane fått godt utbytte av treninga og lagt grunnlaget både for siste del av sjefskurset sitt, og for storøvinga Cold Response 22.
– Det er bra at allierte og andre forsvarsgreiner ønskjer å delta på øving saman med oss. Vi er svært nøgde med det gode samarbeidet, understrekar Bøe.