Slik forsvarer vi dei arktiske havområda
Det maritime domenet er ein viktig del av både Steadfast Defender 24 og Nordic Response 24. For det var på havet NATOs største øving på fleire tiår starta.
Det er som regel landstyrkane som er dei mest synlege under militærøvingar som Nordic Response. Men den store striden skjer også til havs. I havområda utanfor Noreg har store allierte marinestyrker jobba og trena saman under heile øvinga.
I sjødelen har 15 NATO-land har samarbeida for å vise korleis Alliansens maritime sikrar den transatlantiske lenkja mellom USA og Europa, integrere styrkar utanfor Europas kyst, og deretter vise korleis dei seglar til nordområda for å gjennomføre svært komplekse operasjonar på tvers av domena.
Dei siste vekene har desse operasjonane blitt gjennomført i øving Nordic Response 24. Dei allierte styrkene involvert i maritime operasjoner inkluderar Canada, Danmark, Noreg, Sverige, Frankrike, Spania, Italia, Sverige, Nederland, Tyskland, Storbritannia, Finland, Estland, Belgia og USA.
– I Nordic Response 24 viser vi viktigheten av at alliansen er førebudd på å operere i ulike miljø og under krevande forhold. Saman skal dei allierte nasjonane sikre havområda her i nord og forsyningslinjene til Noreg, seier sjef Sjøforsvaret, kontreadmiral Oliver Berdal.
Dei første som går inn, er dei som skal klarere havområda. Desse styrkane sikrar at det er trygt for allierte og norske fartøy å segle. Blant desse er NATOs ståande mineryddarstyrke som gjennomsøker og ryddar havområdet for miner og eksplosiv.
Steadfast Defender er ein regelmessig øving der NATO øver på å handtere eit artikkel 5-scenario.
Øvinga er delt i to. I den første fasen sikrar NATO den transatlantiske lenkja, og troppar blir flytta frå Nord-Amerika for å forsterke Europa.
Under Nordic Response 2024 øver Noreg, Sverige, Danmark og Finland på å forsvare Norden – og på å ta imot forsterkingar frå NATO.
Vidare skal marinefartøy setje i land styrkar og materiell. Desse operasjonane blir kalla amfibiske operasjonar og er blant dei mest komplekse maritime operasjonane vi utfører. På veg ut frå dei større amfibiefartøya og til land er styrkane ekstra sårbare. Difor har dei styrkevern på vegen.
Medan striden skjer på land, er det fartøy lenger ute på havet som sikrar havområda. Fregattane kan operere og forsvare seg mot truslar i alle domene, både frå lufta, over vatn og under vatn.
I tillegg er både norske og allierte ubåtar på plass for å patruljere under vatn. Ein del av desse operasjonane er også å skaffe seg oversikt over kva som skjer, og kor det skjer.
– Det maritime domenet er heilt avgjerande når vi trenar på å forsvare Norden. Både reint geografisk, men òg strategisk. Vi må saman med allierte sikre at vi er klare for å forsvare oss – og ikkje minst sikre forsyningslinjene inn til denne delen av Europa, seier sjøforsvarssjef Oliver Berdal og legg til:
– Mykje av aktiviteten i øving Nordic Response har skjedd langt ute på havet og ikkje vore synlig for publikum. Men vi har fått trena på det vi skal, og vi er svært nøgde med utbyttet av øvinga.