Centre of Excellence – Cold Weather Operations
NATO Centre of Excellence Cold Weather Operations styrkjer alliansen si evne i nord.
For at NATO skal kunne støtte oss i framtida, må alliansen vere i stand til å handtere dei krevjande vêr- og klimaforholda i nord, inkludert stummande mørke i desember og januar. NATO Centre of Excellence Cold Weather Operations (COE-CWO) har som oppdrag å styrkje NATOs evne til å gjennomføre militære operasjonar i kalde vêrforhold på tvers av alle domene og kommandonivå.
COE-CWO støttar NATOs kommando- og styrkestruktur gjennom fire hovudområde:
- Konseptutvikling og eksperimentering
- Doktrineutvikling og standardisering
- Erfaringshandtering og analyse
- Utdanning, trening, øving og evaluering
Senteret tek imot NATO-allierte frå andre land som kjem til Noreg for å delta på øvingar, og førebur dei på korleis dei best kan operere i det nordiske klimaet.
I samband med vinterøvingar som Joint Viking og Cold Response, bidrar COE-CWO med kunnskap, kompetanse og erfaring til deltakarlanda. Dei tilbyr mellom anna Academics, Battle Staff Training og Key Leader Training, samt støtte i planlegging, førebuingar, deployering og gjennomføring av øvingane.
Christian B. Markussen har vore seksjonssjef ved COE-CWO sidan 2020. Han fortel at senteret ofte blir forveksla med Forsvarets vinterskule. Vinterskulen, som feira 100-årsjubileum i 2023, har eit nasjonalt ansvar for vinterteneste og ferdsel i bratt lende, samt personnel recovery (PR) og Survival, Evasion, Resistance and Extraction (SERE) i Hæren.
COE-CWO, derimot, blei oppretta i 2004 for å støtte NATO Joint Warfare Centre i Stavanger med utviklinga av NATO Response Force.
COE-CWO får støttebehov frå NATO og føringar frå ein styringskomité leia av Forsvarsstaben. Senteret støttar NATO på taktisk, operasjonelt og strategisk nivå, og bidrar med ekspertise til strategiske prosessar som analyse av framtidas operasjonsmiljø og styrkebehov, NATOs forsvarsplanleggingsprosess, og utvikling av kapabilitetskrav til medlemslanda.
Eit nytt initiativ frå COE-CWO er ein innovasjonsarena som skal styrkje samarbeidet mellom forsking, industri og forsvar. Dette skal akselerere utviklinga av ny teknologi for alle domene i Arktis. Prosjektet blir testa i 2026 og vil bli utvida i omfang dei kommande åra.
For å styrkje senteret ytterlegare, blei det i 2024 vedteke å gjere COE-CWO multinasjonalt. Storbritannia og Italia er i prosess for å bli sponsornasjonar. Dei nordiske landa, med sin kompetanse om vinterkrigføring, vil sjølvsagt også vere sentrale i dette samarbeidet. Sverige og Finland, som nyleg blei NATO-medlemmar, jobbar med å få representasjon ved senteret, medan Danmark allereie har blitt ein bidragsnasjon. I tillegg blir det jobba opp mot USA, Canada og Tyskland, og målet er å inkludere totalt åtte nasjonar innan 2029.
I mars 2025 skal COE-CWO vere vertskap for observatørar frå den italienske hæren under øvinga Joint Viking. Italia ønskjer å utvikle sin kompetanse innan vinterkrigføring og bli sponsornasjon i COE-CWO.