familyphotobaltops

Demonstrerer samarbeidsevne i Østersjøen

I femti år har NATO arrangert øving BALTOPS, for å demonstrere forplikting til alliansen og sikre at dei har eit styrketeam som kan reagere raskt. No trener allierte- og partnernasjonar igjen i Østersjøen, og fleire av Sjøforsvaret sine fartøy er viktige deltakarar.

Når kalenderen viste starten på første sommarmånad, viste kalenderen til Sjøforsvaret starten på storøvinga «BALTOPS 50». Dei to minerydderane KNM Rauma og KNM Måløy, korvettane KNM Storm og KNM Gnist, logistikkfartøyet KNM Magnus Lagabøte, Marinens logistikkommando og operatørar frå Minedykkarkommandoen har sett kursen mot Østersjøen for å trene med sytten andre allierte og partnernasjonar på eit vidt spekter av maritim krigføring.

– Det er viktig for Sjøforsvaret å delta i denne øvinga for å få gjennomført variert trening på høgt nivå, innanfor fleire ulike felt i maritim krigføring. Dette hever kompetansen til besetningane våre. Gjennom å integrere våre fartøyer i NATO sine ståande flåtestyrker bevarer vi også vår evne til å samarbeide med våre allierte og partnerar,  seier sjef Marinen flaggkommandør Trond Gimmingsrud.

210115_DF_9118.jpg
Sjef Marinen, flaggkommandør Trond Gimmingsrud. Foto: Daniel Fatnes.

Etterspurt av NATO

Nesten halvparten av fartøya som deltek, er minerydderar, i tillegg til at sju av nasjonane stiller med minedykkerar. Ein viktig del av øvinga er difor søk og rydding av miner.

KNMRauma_OR-7J.Eenling_SNMCMG1
Kapasiteten

til dei norske mineryddarane er ei etterspurt vare av NATO

Foto: SNMCMG1

Dei gråmåla fartøya frå 90-tallet er fulle av ny teknologi som gjer at besetninga om bord hevder seg heilt i toppen blant NATOs dyktigaste innanfor minneryddar-fagfeltet. Når besetninga held eit så høgt nivå, er vi godt førebudd på å delta på øvingar som BALTOPS50. KNM Rauma er i tillegg for tida del av NATOs ståande minerydderstyrke, SNMCMG1, som skal kunne rykke ut på kort varsel.

– Når Sjøforsvaret har besetninger med høgt nivå, og minerydderar som deltek i den ståande minerydderstyrka viser vi vår forplikting til NATO. Vi er del av ein forsvarsallianse, og då er det viktig at vi også sjølv kan bidra. Under tidlegare øvinger i Østersjøen har vi også fjerna sjøminer fra 2. verdenskrig frå havbotnen, men det er for tidlig å seie om vi finner - og må fjerne slike miner denne gongen, seier sjef Marinen.

Variert trening på høgt nivå

Dei norske fartøya skal no trene med 43 fartøy og 63 fly og helikopter frå Belgia, Canada, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Tyskland, Italia, Latvia, Litauen, Nederland, Polen, Spania, Sverige, Tyrkia, Storbritannia og USA.

Frå 6. til 18.juni skal dei trene på alt frå integrering av luftforsvar til anti-ubåt krigføring. Målet er å gi variert trening på eit høgt nivå, som skal demonstrere samarbeidsevna mellom NATO-allierte og partnernasjonar. I tillegg bidrar øvinga til sikkerheit og stabilitet i det baltiske området.