
Eit hav av moglegheiter
Då Emilie fekk stillinga som forsyningsgast om bord på KV Andenes, opna det seg eit hav av moglegheiter. I tillegg til stillinga si, er ho no både røykdykkar, flydekksmannskap, båt- assistent og tillitsvald.
– Som forsyningsgast arbeider du med personellet og logistikken om bord. Det kan vere alt frå å klargjere gjestelugarar til å vaske klutar, fortel Emilie.
Stillinga som forsyningsgast blir også kalla "skrivar". Skrivarane tilhøyrar ei avdeling om bord som sjeldan blir røykdykkarar. Emilie meiner at den uvanlege kombinasjonen av oppgåver, er til hennar fordel. Som røykdykkar har du ansvar for å hjelpe personell som blir ramma om det oppstår ein brann.
– Eg har betre oversikt over lugarane og personellet enn til dømes ein som arbeider på dekk. Det er heilt klart ein fordel som røykdykkar, fortel ho ivrig.
Høge krav
Før ho starta førstegongstenesta hadde Emilie tenkt tanken om å bli røykdykkar, men ut i rekrutten slo ho tanken frå seg. Krava for å bli røykdykkar er høge. Du må vere i god fysisk form, og det er svært få kvinner som klarer å nå desse krava.
– Eg trudde ikkje eg nådde opp, men der tok eg altså feil, fortel Emilie.
Ho er den einaste jenta om bord på KV Andenes som er røykdykkar. Det har bydd på uventa utfordringar.
– Sidan dei siste røykdykkarane har vore gutar, hadde dei berre store drakter. I starten måtte eg difor bruke ei drakt med nesten ti nummer for store sko. Heldigvis har vi fått inn nye drakter no. Det gjer det litt lettare når vi skal kle på oss raskt for å rykke ut, fortel Emilie og ler.
Varierte dagar
Oppgåvene som flydekksmannskap og båtassistent har ho når dette trengst. Når det er helikopter om bord må ho hjelpe til på helikopterdekk, og om sjøbjørnen skal ut må ho av og til bli med. Desse oppgåvene gir ho moglegheita til å få arbeide andre stader på fartøyet enn ho vanlegvis gjer.
– Eg hadde aldri blitt så godt kjent med fartøyet utan alle oppgåvene eg har om bord, fortel ho.

I tillegg har ho blitt vald som tillitsvald av pulja si. Som tillitsvald er du stemma til dei menige, og tar sakene deira vidare til befal og til avdelingstillitsvald for Kystvakta.
– Det er fint å kunne ta opp saker som er viktige for dei menige om bord, og bidra til betre trivsel, seier Emilie om oppgåva som tillitsvald.
Meirsmak
Livet på sjøen har gitt meirsmak. Til hausten har ho søkt Sjøkrigsskulen, med fordjuping i logistikk. Sjølv om ho har blitt allsidig og lært mykje av dei ekstra oppgåvene ho har fått, er det oppgåva som skrivar ho verkeleg brenn for.
– Vi er assistentane til den personellansvarlege om bord. Etter å ha sett kva han arbeider med, har eg skjønt at det verkeleg er noko for meg, avsluttar Emilie som håpar på ei vidare karriere i Kystvakta.