Frå operatør til oppdragsleiar
Å leie oppdrag er ikkje noko du kan lære på kurs. Det handlar i stor grad om å setje saman det du allereie har av ferdigheiter og stole på dine eigne avgjerder. I haust har «Iver» i Minedykkarkommandoen fått testa om han meistra nettopp dette.
Ein viktig del av den årlege marineøvinga Flotex, er å sikre god kompetanse og mønstre personell om bord på fartøy og i avdelingar. Minedykkarkommandoen har nytta årets øving som ein arena for å klarere oppdragsleiarar for nasjonale eksplosivryddeoppdrag.
– Vi trenger desse oppdragsleiarane til å leie oppdrag med eksterne oppdragsgivarar, som for eksempel bistandsoppdrag til politiet. Før klareringa har «Iver» den kompetansen han treng for å klare det, men no må han kunne setje alt saman og gjere gode vurderingar, forklarar sjefsmester i Minedykkarkommandoen Aril Strøm.
Må få sjekka alle boksane
Etter tre år som minedykkaroperatør har «Iver» opparbeida seg mykje erfaring gjennom både øvingar og skarpe oppdrag, og han har forutsetningane for å kunne bli oppdragsleiar for nasjonale eksplosivryddeoppdrag.
– For å bli klarert er det nokre boksar han må få sjekka av. Han må leie et skarpt oppdrag, og oppdraget må vere i eit maritimt domene og eigd av ein ekstern oppdragsgivar, forklarar sjefsmester Aril Strøm.
Tidlegare i haust fekk «Iver» leie eit oppdrag utanfor Evje. Her kunne han potensielt fått sjekka av dei fleste boksane. Ein eldre mann hadde rapportert om handgranatar frå andre verdskrig i eit tjern, og Minedykkarkommandoen fekk oppdrag om å finne og fjerne desse granatane.
– Eg leia oppdraget utanfor Evje, men det blei ingen funn og eg fekk difor ikkje gått gjennom alle punkta som eg må for å bli klarert,
For å bli klarert må oppdraget mellom anna innehalde UXO (Unexploded Ordnance), og det gjorde ikkje oppdraget utanfor Evje. Men under Flotex 22 fekk «Iver» ein ny sjanse.
Ein tilfeldigheit
«Iver» hadde ikkje planlagt å søke opptak til Minedykkarkommandoen, men blei freista då han høyrde om opptaket i rekrutten. Han ville gjerne bruke førstegongstenesta på noko litt meir krevjande og synast Minedykkarkommandoen verka spennande.
– Etter rekrutten starta opptaket og eit år seinare hadde eg fullført utdanninga for å bli minedykkaroperatør. Eg trivst godt frå starten av, og har blitt verande sidan. Sjølv om det var tilfeldig, angrar eg ikkje på valet mitt, fortel han.
Ein sjeldan moglegheit
Sportsdykkarar oppdaga tidlegare i år ammunisjon i sjøen utanfor Oksøy fyr i Kristiansand. Under Flotex 22 bistod Minedykkarkommandoen politiet i Agder med å fjerne denne ammunisjonen.
– Som oppdragsleiar her måtte eg koordinere med mellom anna politiet i Agder som eigde oppdraget, og KNM Magnus Lagabøte som støtta oss. Det er gjerne den største forskjellen frå å vere operatør til å bli oppdragsleiar. Du kan ikkje berre fokusere på di oppgåve, men du må sjå heilheita og det er mykje koordinering for å få sydd saman alt, forklarar «Iver».
Etter ei veke med søk og kartlegging, opna det seg ein moglegheit for å sprenge. Lenge hadde veret vore eit hinder, men no kunne Minedykkarkommandoen endeleg både fullføre oppdraget og «Iver» kunne fullføre klareringa.
– Det var bra både for «Iver» og for oss som avdeling at han blei klarert under dette oppdraget. For å kunne gjennomføre ei slik sprenging som vi gjorde utanfor Kristiansand må både miljøomsyn og sikkerheit bli ivaretatt. I tillegg må veret tillate at vi kan sprenge. Det er ikkje ofte alt klaffar, og difor ikkje ofte vi får moglegheita til å klarere oppdragsleiarar, forklarar sjefsmester Aril Strøm.
Finns ingen mal
I tillegg til å få sjekka av alle boksane, må dei under klareringa få bekrefta at «Iver» er klar for å ta på seg ansvaret det inneberer å vere oppdragsleiar.
– Ein viktig del av rolla er å kunne takle det ytre presset. Som oppdragsleiar må du kunne stole på eigne vurderingar og vere trygg på deg sjølv. Om du for eksempel må setje ned foten for å ivareta sikkerheita under eit oppdrag, så må du gjere det og ikkje la deg stresse av dei rundt som ventar på at oppdraget skal bli fullført, seier Strøm.
Sjølv om du har eit lag med deg, er det til slutt du som står aleine med avgjerda. Det som ofte gjer det ekstra utfordrande er at alle oppdrag er forskjellige.
– Du har ingen mal å følgje for å sjekke at du har gjort alt du skal. Alle oppdrag er forskjellige med ulike faktorar som spelar inn. Det gjer det meir krevjande, men bidrar også til at du alltid er på og at det er ekstra gøy å fullføre eit vellukka oppdrag, seier «Iver».
No som han er klarert som oppdragsleiar for nasjonale eksplosivryddeoppdrag skal han også snart inn i stilling som patruljeførar.
– Eg starta med å vere operatør, og etter kvart fekk eg meir ansvar og ikkje minst tillit til å utføre og leie oppdrag. Det er eit stort ansvar å vere patruljeførar, men det er nettopp det ansvaret som motiverer og gjer jobben meir givande, avsluttar «Iver».