211202_HESY_2-10

Minerydder med skarpt funn under øving

Over 80 år har gått sidan slaget om Narvik, men enda er havområdet utanfor byen prega av dei brutale kamphandlingane. Det kunne mineryddaren KNM Hinnøy fastslå då dei skulle rydde ei seglingsrute under øving FLOTEX 21. Blant øvingsobjekta fann dei nemlig ein torpedo frå andre verdskrig.

Mørketida har inntatt Nord-Norge og det har Sjøforsvaret også. I øving FLOTEX 21 trener fleire marinefartøy saman innanfor ei rekkje ulike domener. Før dei segler inn i eit nytt område, er det ei gruppe fartøy som må sikre at «kysten er klar». Dei er små, men ansvaret er stort.

211202_HESY_4784
Mineryddarane søker

etter miner på havbotnen og klarerer området for dei andre fartøya.

211202_HESY_2-7

– Under øving FLOTEX 21 har vi heile tida øvd med utgangspunkt i ein ytre trussel. Både det og dei krevjande vinterforholda har gjort at vi har måtte vore skjerpa og på heile tida, 

fortel skipssjef på mineryddaren KNM Hinnøy, kapteinløytnant Alf Johnsen.

Realistisk øving

I eit øvingsscenario skulle KNM Hinnøy rydde ei seglingsrute og klarere Narvik hamn for miner, for å sikre at det var trygt for andre fartøy å segle inn. Fleire øvingsobjekt var lagt ut, og det var desse mineryddaren leita etter då dei oppdaga torpedoen.

– Vi var midt i øvinga då vi med undervatnfarkosten HUGIN oppdaga noko vi raskt skjønte ikkje var eit øvingsobjekt. Då vi sendte ut ROV for å fotografere og sjå nærmare på objektet, var det ikkje tvil.

Det var ein torpedo frå andre verdskrig.

Eit område prega av historie

For over 80 år sidan segla tyskarane inn den same ruta. Slaget om Narvik var brutale kamphandlingar med sjøslag der fleire skip gjekk tapt. Det er difor ikkje heilt uventa å finne gjenstandar frå andre verdskrig i dette området.

 

Blant skipa som gjekk tapt i slaget om Narvik, var dei to norske panserskipa «Eidsvold» og «Norge». Under øving FLOTEX 21, brukte KNM Hinnøy HUGIN til å fotografere vraka av desse som framleis ligger på havbotnen utanfor Narvik.

Fakta om slaget om Narvik

  • Slaget om Narvik var kamphandlingane som tok stades i Narvik og området rundt, etter den tyske invasjonen av Noreg under andre verdskrig.
  • Kamphandlingane varte frå 9. april til 10.juni i 1940.
  • Narvik var eit strategisk område både for dei allierte og Tyskland, på grunn av utskipinga av jernmalm og tilknytinga til dei svenske jernmalmfelta.
  • I løpet av kampane blei 86 fly skotne ned, 65 skip blei senka og 8500 menneske mista livet.
  • Fleire sjøslag blei utkjempa i Ofotfjorden under slaget om Narvik. Her mista Noreg dei to panserskipa «Eidsvoll» og «Norge», som framleis ligg på botnen av fjorden.

Like mykje kraft i dag

Torpedoen har vore på havbotnen i over 80 år utan å gjere skade, det kan difor vere vanskeleg å tru at han utgjer noko risiko i dag. Det er mange tilfeldigheter som skal treffe for at han skal sprengast. Likevel, er det best å ikkje ta nokon sjanse.

211202_HESY_2-8

– Det er like mykje kraft i torpedoen i dag, som det var i 1940. Med tanke på at vi fann han i eit ankringsområde, kan i verste fall eit av dei mange skipa som seglar inn til Narvik setje ankeret sitt rett på torpedoen. Det vil få store konsekvensar, 

forklarer Johnsen.

Då dei fann torpedoen, tok KNM Hinnøy kontakt med lokalt politi som deretter ga ei bistandsanmodning til Sjøforsvaret om å fjerne han.

Førebur seg til NATO-deployering

Etter funnet av torpedoen bar det vidare på nye øvingar for mineryddaren. Rydding av seglingsruter er berre ein del av programmet KNM Hinnøy har vore gjennom dei siste vekene.

211123_HESY_-2

– FLOTEX 21 har vore ein god arena for å trena både på våre ferdigheter, men også saman med Luftforsvaret og med andre marinefartøy, fortel skipssjefen

Øvinga har vore verdifull med tanke på oppdraget mineryddaren snart skal ut på.

– Neste år skal vi ut i NATOs ståande mineryddarstyrke (SNMCMG1). FLOTEX har vore ein del av oppøvinga og treninga for at fartøyet skal bli klar til å deployere, avsluttar skipssjef, kapteinløytnant Alf Johnsen.