Norsk English
2025-05-28_NOST_OLA_SVARSTAD-8

Krigsveteran Ola Svarstad fyller 100 år

Ola Svarstad er ein av dei siste gjenlevande frå den norske marinen under andre verdskrig. Onsdag 28.mai fylte krigsveteranen frå Bremanger 100 år, og i den anledning sendte Sjøforsvaret ei høgtideleg helsing til jubilanten.

Markeringa blei heldt i det stille, etter Ola sitt eige ynskje – i nær krets av familie og kjente frå bygda. Men sjølv utan eit stort oppstyr, var det viktig for Sjøforsvaret å gje uttrykk for takksemd og respekt for innsatsen han gjorde for landet i ei mørk tid.

Som hundreåring har Ola hatt eit langt liv og opplevd mykje - både på godt og vondt. For Ola sin del har ikkje historia frå krigsåra vore noko han har likt å prate om så alt for mange gongar - verken med dei som har hatt ynskje om å intervjue han for å ta vare på historia, eller familie som berre ynskjer å høyre rørande og tunge forteljingar. Det er av stor forståing - for ein stadig påminning om det du opplevde under krigen tek nattesøvnen din i årevis etter.

– Når eg får besøk av dei herrane med striper på, er eg heime eg og, sa Ola til dei som besøkte han frå Sjøforsvaret på den store dagen.

 

Heime i stova møtte Sjøforsvarets sjefsmester Arild Lango Edinsen, sjefsmester korvettskvadronen Christer Hovland og skipssjef KNM Skjold Henrik Bergmann. Dei hadde saman med resten av besetninga reist med korvetten KNM Skjold frå Haakonsvern Orlogstasjon onsdags morgon. Til Ola si heimbygd, Bremanger la dei til kai for å symbolsk vise si takksemd til krigsveteranen og hundreåringen. Det er av stor betydning, då det var eit tilsvarande fartøy frå dåtida Ola kjempa frå under andre verdskrig. I tillegg la dei til på same kai som han forlét for over 80 år sidan – for å kjempe for landet. Familie og bekjente fekk omvisning om bord. 

 

 

Heime i stova hadde Ola mykje å fortelje over ein kaffikopp til dei frå Sjøforsvaret som besøkte han på 100årsdagen. Med eitt vart små glimt av den store historia utveksla med dei menneska som i dag representerer hans område i Marinen og Sjøforsvaret. Sjølv midt i feiringa lét han seg rive med og ynskte å fortelje dei tøffe historiene han har bore på heilt sidan han var ungdom. Ola viste ei tilhøyrsle og ei forteljarevne, noko familien aldri har sett før.

– Ja, tenk det er 80 år sidan krigen tok slutt, starta Ola med å seie og såg tomt ut i lufta då han fekk Sjøforsvaret heim i stova på 100-årsdagen.

 

Eg var berre 16 år då eg valte å reise heimafrå. Vi hadde prata lenge om vi var interessert i å reisa eller ikkje. Det hadde jo vore moglegheit å reise mange gonger tidlegare. Eg var heime då det skulle skje. Brått kom naboguten, Henrik Svarstad og sa eg måtte komme, for båten var klar. Vi våga ikkje fortelje dei heime at vi drog. Seint på kvelden 10.september 1941 reiste eg frå Iglandsvik i Bremanger. Vi var totalt 13 frå Bremanger og ein bergensar på flukt som reiste over til Storbritannia i kutteren (fiskebåt) «Veten». I forkant av avreisa hadde dei som organiserte overfarten arbeida kvar natt i to veker for å skaffe motordeler og bunkersolje. I tillegg tok dei med fiskereiskapar. Vi hadde likevel med oss rikeleg med klippfisk til middagsmat, tross rasjoneringane i dei dagar. Om kvelden segla vi av garde frå heimehamn, Iglandsvik i Bremanger. Vi gjekk så langt ut frå land som fiskebåtar hadde lov til å gå, heilt til det lysna. Her la vi oss til å vente mens vi lét som vi fiska. Vi heldt skipsråd og blei samde om å halde fram vestover. I 10-tida på føremiddagen dagen etter, sette vi full fart mot vest. Heldigvis hadde vi berre godvêr på overfarten, og etter 22 timar nådde vi Shetland.

Då vi kom til Shetland fekk vi lov til å gå vidare til Buckie i Skottland, så blei vi sendt direkte til London. Her måtte vi klarerast – ein prosess alle måtte igjennom. Eg var den nest yngste i flokken som drog frå Bremanger. Han yngste var to månadar yngre enn meg – men vi blei fort vaksne.
 

Rekruttskule og rett i kamp

I Storbritannia gjekk Ola inn i den norske Marinen. Han gjennomførte fyst rekruttskule og deretter eit signalkurs kor han lærte å morse med flagg og lys, noko som var svært viktig for kommunikasjonen i mellom konvoiane. Deretter gjekk han om bord på korvetten «Potentilla» og arbeidde som menig signalmann. Dei var rundt 70 mann om bord på korvettane. Alle var nordmenn, utanom fire engelskmenn. «Potentilla» var med på å eskortere konvoiar over Atlanteren. Som regel var dei mellom 40-50 skip i konvoiane, med fem rekker – så dei utgjorde eit stort område på sjøen. Britane fekk radar på den tida, noko tyskarane ikkje skjønte. Dei tyske ubåtane kom ofte opp til overflata om natta, og då vart dei oppdaga av oss. Når vi såg ubåtane på radar, skaut vi lysrakettar over dei – då gjekk dei i djupet og forsvann. Konvoiane vart ofte angrepet av flokkar av tyske ubåtar, då vart det torpederingar og store øydeleggingar.

 

Under ein konvoifart i 1942 skulle Ola vere med å eskortere den vestgåande konvoien ONS 144, som skulle frå Storbritannia til New York med 33 handelsskip. Då mista vi korvetten «Montbretia», etter at den blei torpedert av ein tysk ubåt. 47 av mannskapet omkom, mens 29 vart berga. Ola kjempa ofte mot tyske ubåtar og var med på å ta opp sjøfolk frå fleire torpederte skip – mange forkomne og skadde. Etter torpederinga av «Montbretia» var han med å hente opp ein overlevande kjenning frå Solund – ein mann han hadde gått signalkurs saman med. To dagar seinare senka «Potentilla» ein av dei tyske ubåtane. 

Under ein anna overfart var Ola med å eskortere ein austgåande konvoi som talde 33 skip då den gjekk frå New York. To allierte skip i konvoien blei senka, etter at eskorten hadde gjennomført heile 22 motangrep mot angripande, tyske ubåtar.

Ola var i konvoifarten i nær to år, og hadde to-tre turar over Atlanteren med «Potentilla». Ein av turane var også med korvetten «Acanthus». Det var turar som kravde mot, då det var risikable turar. Ingen visste om dei ville overleve turen eller neste time.

 

Vinteren 1943 kom eg tilbake til Shetland og rett om bord i eit anna fartøy, ein motortorpedobåt kalla, MTB 619. Her hadde eg rolle som signalmann og maskingeværskyttar. Totalt sett hadde eg mellom 15 til 18 turar med MTB-fartøy. Vi hadde ulike oppdrag. Fleire gonger sette vi i land agentar og motstandsfolk som vi tok om bord på Shetland. Vi skulle ikkje vite kva dei heitte eller ha kontakt med dei under overfarten. Dei såg likevel ut til å vere heilt normale karar og var sivilt kledde. Nokon hadde masse utstyr og ein liten båt med seg, så vi såg at dei var telegrafistar som skulle overvake skipstrafikken. Vi henta også folk som var i søkelyset. 

To gongar var eg med på å sove over på norskekysten. Den eine gongen var i Solund og den andre gongen var sør for Bergen. Då tok vi ned masta på båten og la nett over heile fartøyet, for då kunne ingen sjå oss. Den eine gongen kom det roande to karar rett mot oss – men det var heldigvis lokale og pålitelege folk.

Vi hadde også fleire turar for å hente folk, som regel rundt Bergensområdet. Ein gong skulle vi hente fem folk som måtte flykte, då tyskarane skulle ta dei neste morgon. Vi låg på kvar vår side av ei øy saman med tyskarane. Det verste var at du ikkje alltid kunne vere sikker på at folk var der dei skulle vere når dei skulle hentast – men det gjekk som regel bra. 

 

Fartøyet Ola var om bord vart sterkt skadd i kamp 5.februar 1944. Saman med ein anna motortorpedobåt, MTB 618, var dei på patrulje i Sognesjøen. Ein lokal fiskar hadde opplyst at det låg eit stort tysk patruljefartøy i ytre Steinsundet i Solund. Dei to MTB-fartøya møtte det tyske fartøyet «Flamingo» ved Nåra. På den tida hadde tyskarane mange fiskebåtar som oppsynsbåtar, og det var vanskeleg å vite kvar dei var. Dei hadde i tillegg mitraljøser, så brått kunne dei skyte på deg. «Flamingo» opna eld med kanonar og mitraljøser, så fartøyet til Ola fekk mange granattreff. Sju mann vart såra, mellom anna skipssjef. Fire av dei fem som stod på brua vart slått ut og fall saman. Ola var uskadd og kasta seg over rattet og fekk retta opp båten, slik at den ikkje rende på land. Etterkvart kom skipssjefen seg på beina og tok over. Begge MTB-fartøya gjekk til motangrep, og «Flamingo» blei dermed sterk skadd. To tyskarar blei drepen og fleire såra av mannskapet om bord det tyske patruljefartøyet.

Granatsplintar gjorde stor skade i maskinrommet på fartøyet til Ola. Dei klarte å reparere skadane provisorisk, så båten kom seg til havs saman med det uskadde søsterfartøyet, MTB 618. I Nordsjøen møtte dei storm og uvêr. Fartøyet til Ola brotna før dei nådde Shetland. Det fekk likevel eit langt verkstadopphald, men kom ikkje attende i norsk teneste. Mannskapet og Ola blei då delt på to båtar, og Ola fortsette kampen for fridom og Noreg om bord MTB 711.

 

 

Heile MTB-flotiljen på Shetland var med på invasjonen i Normandie 6.juni 1944, også kalla D-dagen. Vi visste ikkje tidspunktet for invasjonen før den dagen, men vi såg rundt oss at noko var i ferd med å skje. Vi var i England, og alt vi skulle gjere var allereie planlagt. Den nordlege invasjonsflåten segla heile vegen til Normandie. Vår oppgåve var å forsvare dei mot tyske E-båtar, det er ein engelsk nemning for tyske MTB-fartøy. Vi såg ikkje noko til desse, men følgde flåta heilt til fjørsteinane i Normandie. Der var det lite motstand, for alt var nedbomba. Fyst skulle vi plukke opp nedskotne flygarar noko som ikkje vart noko av – men vi plukka opp soldatar i staden for.

 

«Eg var med på to torpederingar»

Ola var med på to torpederingar, og var i skotveksling mange gonger. Då var han mitraljøseskyttar på eine bruvengen i kamp.

Den fyste torpederinga skjedde i Sognesjøen 9.januar 1945. Då torpederte dei det tyske malmskipet «Nikolaifleet» på 5158 bruttotonn. 

Den andre var torpederinga av konvoieskortefartøyet MRS 4 (tidlegare norske «Paris) utanfor Karmøy 4.mars 1945 – ikkje så lenge etter den fyste. 

 

Forbrente hender

Rett før krigens slutt, 26.april 1945, låg vi ved Karmøy då vi møtte ein tysk ubåt som tok oss for å vere eit tysk fartøy. Ubåten dukka brått opp av sjøen nær oss og eit anna søsterfartøy, MTB 723. Då var eg med å nedkjempe den tyske ubåten. Begge MTB-fartøya skaut ut begge torpedoane, men den tyske ubåten klarte å vri seg vekk frå alle fire torpedoane. Då gjekk vi heilt nær ubåten, så eg stod omlag 3 meter i frå. Vi skaut med alt vi hadde, og det blei ein intens skuddveksling. Det var då eg forbrente hendene mine, for eg skulle skifte løp på maskingeværet. To gonger prøvde ubåten å køyre inn i oss, men vi klarte heldigvis å manøvrere oss vekk. Kampen enda med at ubåten dreiv mot land som eit rykande vrak. Vi mista ein person i denne kampen, heilt på tampen av krigen. Både vi om bord MTB 711 og søsterfartøyet MTB 723 hadde brukt opp så godt som all ammunisjonen vi hadde, og trekte seg vestover. 

Då freden kom låg vi i Lerwick i Skottland.

 

Etter at krigen endeleg var over og freden var komen til Noreg, fekk eg permisjon og var heime i Bremanger ei vekes tid. Deretter blei vi omplassert på fartøy som skulle eskortere tyskarar attende til Tyskland. I den perioden var eg på ein kvalbåt. Vi samla tyske soldatar og gjekk frå ulike stader sør for Bergen, som regel til Kiel. Dette heldt vi på med lenge, den kommande vinteren òg – så om lag eit år etter krigens slutt. Det var ikkje ei lett oppgåve - å frakte dei som hadde fjerna fridommen i mitt eige land. Eg hugsar det godt, sjølv på 100-årsdagen min – 80 år etter krigens slutt. Eg vart dermed ikkje dimmitert før på våren eller sommaren 1946.

Så var eg heime eit års tid, og etterpå reiste eg til sjøs igjen og var vekke i to år. Eg hadde tenkt å ta styrmannsskule, men det vart ikkje. Dei heime ville eg ikkje skulle fare att no når eg var komen heim – så eg vart fiskebonde i Bremanger.

Sjølv i høg alder er Ola fortsatt klår i hovudet og “ved sine fulle fem”. Framleis er han levande opptatt av det som skjer rundt han.

 

Gratulerer så mykje med 100-årsdagen Ola!

Sjøforsvaret hadde æra av å tildele han Regjeringa sin Minnesmedalje og Sjef Sjøforsvarets crest på 100-årsdagen. Det var ei ære å kunne sende ei helsing til ein mann som har bidratt så sterkt til Noreg sin fridom og tryggleik. I tillegg nytter vi anledninga til å røyse ei stor takk for din innsats under krigen – du sørgde for å bringe fred heim til oss. Det er av stor respekt, både dine oppleveingar og byrdene som har følgt deg i over 80 år. Vi vil aldri gløyme – og vi skal aldri gløyme di historie.