Norsk English
210119_HESY_1229

Lanserer barnebok for småbarnsfamiliar i Sjøforsvaret

«Medan eg ventar her heime» er ei barnebok for dei som har foreldre som tenestegjer på sjøen. Forfattar Martin Krogh håpar boka kan bidra til å auke forståinga til borna, og starta ein samtale rundt det at mamma eller pappa ofte reiser bort. 

Ideen om barneboka kom frå ei bok marineprest Turid A. Reksten fekk av ein britisk kollega. Den boka var spesielt retta mot dei som arbeidde på ubåt, og ho viste den til dåverande sjef for Ubåttenesta Oliver Berdal. Berdal fekk ideen om å lage ein liknande versjon på norsk. Då starta ballen å rulle. 

Martin arbeidde i presse- og informasjonsavdelinga i Sjøforsvaret, og blei difor inkludert i prosjektet. Han har ikkje born sjølv, men såg på det som ei fin utfordring. 

– Eg skjønte at ei slik bok kunne vere til god hjelp for familiar i Sjøforsvaret. Sjølv om det ikkje var noko eg direkte relaterte til sjølv, såg eg på det som ei fin utfordring og ei moglegheit til å bidra til noko viktig, fortel Krogh. 

Berdal som var sjølve motoren i prosjektet, sette Krogh i kontakt med Kristin Arntzen Andersen. Ho hadde erfaring med maritime illustrasjonar, og blei med på laget. 

– Kristin har stått for illustrasjonane i barneboka, og Turid har oversett ho til nynorsk. Begge har også kome med innspel til tekst, og saman har vi prøvd å fortelje ei historie som kan vere med på å starte samtalar om korleis borna taklar det at mamma eller pappa ikkje er heime over lengre periodar, forklarar Krogh.

Bevisst på målgruppa 

Det har vore viktig for Martin å heile vegen tenkje på kven denne boka er meint til. Han har vore i kontakt med barnehagen på Haakonsvern, for å få deira syn på innhaldet. 

– For at boka skal ha den effekten vi ønskjer, har eg heile tida hatt ein god dialog med barnehagen. Dei har vore til god hjelp på det pedagogiske, fortel forfattaren.

Vidare har han snakka med ei venninne med foreldre som har tenestegjort i Afghanistan. 

– Hennar synspunkt har gjort det enklare å sette seg inn i korleis borna som er igjen heime føler seg. Det har vore viktig for å legge til rette for ein samtale om kvifor dei for eksempel kan kjenne seg sinte til tider, eller om saknet som dei også kjenner på, konkluderer Krogh.

Ein enklare kvardag 

Alle småbarnsforeldre som er på jobb på sjøen for Sjøforsvaret vil få tilbod om å få denne barneboka. Målet er at boka skal skape forståing for borna heime, og ei betre ivaretaking av familiane. 

– Om borna heime har ei viss forståing for kvifor foreldra reiser bort, og kva dei gjer på jobb, vil det forhåpentlegvis igjen føre til at småbarnsforeldre kan reise bort med litt lågare skuldrer. Vi håpar denne boka kan bidra til ein litt enklare kvardag, både for dei heime og dei på sjøen, avsluttar Krogh.