Norsk English

Opererer i polfararane sine fotspor

Besetninga om bord på KV «Svalbard» er vår tids Amundsen og Nansen.

I fjor vart KV «Svalbard» første norske fartøy på Nordpolen, og i november kom ho tilbake til Noreg etter å ha segla den transpolare sjøruta. Det krev mykje planlegging og kompetanse for å gjennomføre operasjonar under ekstreme høve som dette.

– Eit uhell her me opererer, kan få store konsekvensar. Hadde det oppstått ein skade om bord, måtte me gått i fleire dagar for å komme nært nok land til at eit helikopter kunne ha henta den skadde. Om bord har vi alltid stort fokus på sikkerheit, men på tokt som dette har me eit ekstra stort fokus, seier løytnant Anders Christensen.

Christensen er operasjonsoffiser om bord på KV «Svalbard». Han har ansvaret for å planlegge og sjå til at operasjonane med eksterne etatar, som til dømes forsking, blir gjennomførte på ein sikker og best mogleg måte.

– Dersom nokon er usikker, då er me sikre. Då skal me avbryte. Før Alaska-toktet brukte me god tid på å lage prosedyrar som sikrar at alle som er involvert i operasjonen, forstår kva dei skal gjere, og når dei skal gjere det, seier operasjonsoffiseren.

Is så langt lyskastaren lyser

Å operere i område der det er is så langt auget kan sjå, krev gode navigatørar. Om bord på KV «Svalbard» er det senior kvartermester Simen Strand som har funne rutene der det er lettast å bryte seg gjennom isen. Både til Nordpolen og på det siste toktet deira til Beauforthavet.

– Den aller største utfordringa er utan tvil isen. Så enkelt er det. Ein skal navigere gjennom ein masse som er i konstant rørsle, og som i tillegg veks og endrar seg heile tida. Då er det veldig viktig at me finn ruta der isen er lettast, fortel Strand.

Mørket speler også ei stor rolle seier Strand:

– På denne tida av året er det mørkt så å seie heile tida i områda me navigerer gjennom. Det gjer det enda vanskelegare, sidan me ikkje klarar å sjå lenger enn lyskastaren lyser.

Brukar satellittbilete

For å finne dei beste rutene, bruker dei bilete frå radarsatellittar. Dei viser is-overflata, og gjer det blant anna mogleg å skilje store flak. Ein kan òg seie noko om isens alder, om det er gammal og hard is, eller nyare.

– Me klarar òg å sjå om det er råkdanning i isen. I ope vatn klarar me å halde høgast fart. Den beste isbrytaren er han som bryt minst is, seier senior kvartemester Strand.

KV Svalbard på Nordpolen

I fjor vart KV «Svalbard» første norske fartøy på Nordpolen.

Foto: NORCE

Men vi kan ikkje laste ned ubegrensa med satellittbilete, seier Strand og legg til:

– Bileta me lastar ned, krev store datamengder, så me må ha ein plan. Me kan ikkje velje å laste ned bilete overalt. Me må begrense oss, for me har ei lita datamengd, og ingen satellittdekning.

Å vere over ein månad i pol-isen er ikkje for alle. På lugarane ristar og bråkar det når isbrytaren trengjer seg gjennom hard is.

Påkjenning for personellet

For å skåne personellet for støy og sjå til at alle er utkvilte og klare til å gjennomføre sikre operasjonar, har dei gjort fleire tiltak.

– At vi går i isen heile tida, er ei belastning for mannskapet. For at det ikkje skal gå på kostnad av tryggleiken, har me lagt oss til ro i periodar. Dette for å sikre at alle får nok kvile, seier løytnant Christensen.

I områda der dei har tatt opp forskingsriggar, har det blåse godt. Det har ført til temperaturar på opptil 40 effektive kuldegradar.

– For å ha god personelltryggleik, har me rullert på personellet med ulike postar. Me har òg lagt til rette for at folk skal vere opplagte, varme og vite kva dei ska gjere når dei først står på akterdekk eller manøvrerer fartøyet frå styrhuset, seier operasjonsoffiseren.

Kaldt på dekk

Ein av dei som var på dekk då mannskapet henta opp riggar 4000 meter under is-overflata i Beauforthavet, er kapteinløytnant Thomas Andersen. Han fortel at kulda byr på utfordringar.

201102_DF_3930

– Stikkordet er kulde. Det gjer alt meir utfordrande. Fingerferdigheiter vert dårlegare, som gjer det utfordrande å gjere jobben.

Kapteinløytnant Thomas Andersen

Då dei tok opp forskingsriggane i Beauforthavet, måtte dei rullere på personellet som arbeidde på dekk.

– Me hadde laga ei fordeling på førehand. Det gjorde at ein fekk komme inn og varme kroppen sin etter å ha arbeidd ute i kulda. Det blir langvarige oppdrag under slike opptak, då ein gjerne held på i 6–7 timar. Då er det godt å byte litt på det, fortel Andersen.

«Ice management»

For å klare å ta opp forskingsriggar som ligg skjult under tjukk is, er ein nøydd til å gjere det dei kallar for «ice management».

– Aller først må me monitorere isdrifta over tid. Me må ha ei formeining om kor isen vil drifte dei neste timane, og me må observere han heile tida for å sjå etter eventuelle endringar, fortel Christensen.

Ice management

Før dei kunne løyse ut riggane, måtte fartøyet observere isdrifta. Dei knuste deretter opp eit stort område med is som skulle drifte over riggen. 

Ice management 2

Då den knuste isen drifta over toppunktet på riggen, kunne mannskapet løyse ut riggen. Toppunktet på riggen flyt opp, og kjem til syne. 

– Riggen som i det store ishavet er ganske liten og skjør, har så lita oppdrift at han ikkje vil komme igjennom tjukk is. Når me skal ta opp ein rigg, er det derfor snakk om fleire timar der vi berre ligg stille og monitorerer drifta. Det ligg mykje planlegging bak før me kan trykke på knappen og utløyse riggen, seier operasjonsoffiseren.

Ein unik arbeidsplass

Dei opererer i område få andre gjer. Likevel føler dei seg trygge.

– Det me gjer, er jo ikkje normale operasjonar. Me kastar oss ut i noko det er stor usikkerheit rundt. Likevel føler eg me har verktøyet og kompetansen om bord til å gjennomføre det. Alle har følt seg veldig trygge på personelltryggleiken, men òg sikkerheita på båten, og at vi klarer å komme oss fram og heim igjen utan å skade verken personellet eller fartøyet, seier Strand.

Operasjonsoffiser Christensen er stolt over arbeidet og korleis dei gjorde siste operasjon:

– Eg vil påstå at den her type riggar aldri har vore tatt opp i sånn her type is, og i alle fall ikkje av eit fartøy som ikkje er konstruert for føremålet. Det trur eg er historisk. Her kan isdrifta vere om lag 20 meter i minuttet. Og når man då skal lage eit område på 100x100 meter, der det er forhold for at riggen kan komme opp, krev det presisjon i jobben me gjer. På 1,5 år har me no berga Northguider, vore på Nordpolen og segla den transpolare sjøruta. Det opplev du ingen andre stader.

201023_DF_2739

Kva neste store oppgåve blir for besetninga, er ikkje sikkert, men er det nokon som kan klare det, så er det KV «Svalbard».