Vellukka forskingstokt på andre sida av jordkloden
Medan befolkninga i Noreg kjempar mot den andre smittebølgja, kjempar besetninga på KV «Svalbard» mot isen på andre sida av jordkloden.
I oktober sette kystvaktfartøyet «Svalbard» kurs mot Beauforthavet utanfor Alaska. Saman med forskarar frå Noreg, USA og Polen var målet å få opp viktig forskingsmateriell som låg skjult omtrent 4000 meter under isoverflata.
Toktet ville gå føre seg i område der den norske kystvakta aldri har operert før. Likevel var skipssjef på KV «Svalbard», Geir-Martin Leinebø, aldri i tvil om at isbrytaren var den rette for å løyse den krevjande operasjonen.
– For det første er me den einaste isbrytaren i Forsvaret. For det andre har me vore mykje oppe i is. Det var også me som sette ut og tok opp riggane på den norske sida av Polhavet.
Biletet viser KV «Svalbard» i Longyearbyen i midten av oktober. Her førebur dei seg for oppdraget.
Måler temperaturen under pol-isen
Forskingsprosjektet CAATEX (Coordinated Arctic Acoustic Thermometry Experiment) er eit norsk-amerikansk samarbeid leia av Nansensenteret og Scripps Institution of Oceanography.
Føremålet med prosjektet er å måle endringane i varmeinnhaldet i Polhavet, samanlikna med tilsvarande observasjonar frå 1990-åra.
Kystvakta støtta prosjektet med å setje ut og ta opp forskingsinstrumenta på den norske sida av det arktiske bassenget, medan den amerikanske kystvakta sette ut riggane utanfor Alaska.
Dersom riggane i Beauforthavet ikkje hadde blitt tatt opp innan kort tid, kunne viktig data gått tapt.
I 35–40 effektive minusgrader vart operasjonen spesielt krevjande for alle involverte.
– Instrumenta i riggane måler tida det tar for eit lydsignal å gå på tvers av Polhavet. Instrumenta har to klokker. Den eine klokka, som ikkje er heilt nøyaktig, går kontinuerleg, medan den nøyaktige klokka slår seg på ein gong i døgnet. Når ho først slår seg på, brukar ho mykje straum, og batteria går til slutt tomme. Derfor var det viktig at me fekk opp riggane no, slik at me har nok nøyaktige gangtidsdata, fortel leiar ved Nansensenteret, Hanne Sagen.
Operasjonen fann stad på andre sida av jordkloden, i Beauforthavet i Alaska.
Opphavleg skulle den amerikanske kystvakta med isbrytaren USCGC «Healy» ta opp riggane i Beauforthavet utanfor Alaska. Men då det oppstod brann i maskinen deira, måtte dei snu, og det var usikkert om riggane i det heile tatt ville bli tatt opp i år.
Då vart norske Kystvakta spurd om å hjelpe, og etter mykje intens planlegging vart det klart at KV «Svalbard» skulle hente riggane.
– At den norske kystvakta var villige til å hjelpe, kom som ei gåve frå himmelen. Dette var den einaste måten å redde riggane på.
Amerikansk forskar ved Scripps Institution of Oceanography, Matthew Dzieciuzh
Utfordringar på siste forskingsrigg
I alt skulle tre forskingsriggar hentast opp frå djupet i det islagte og mørke Beauforthavet.
Dei to fyrste riggane steig fint opp til havoverflata, medan den siste baud på utfordringar. Etter å ha posisjonert riggens toppunkt, blei det starta med isbryting, slik at riggen kunne kome til syne då ankeret vart frigitt, og toppunktet som ligg 45 meter under isen, stig til overflata.
Eit område på ca 1,2 kvadratkilometer blei brote opp i isen, og det vart sendt lydsignal til utløysarkroken som heldt riggen fast til ankeret på havbotnen 4000 meter ned.
Dette skulle få forskingsriggen til å komme til syne, men grunna tett is klarte ikkje den store oppdriftskula å trenge gjennom det opphakka, men tette isdekket.
– Me visste ikkje kor riggen var, men at han var i nærleiken. KV «Svalbard» blei lagt i ro for ikkje å få noko i propellen. Forskarane og mannskapet gjekk ut på isen for å bruke skredsøkarar og akustisk posisjonering av toppen på riggen. Men forsøka om kvelden og natta førte ikkje fram, og me måtte leggje oss for natta i uvisse om kor riggen var.
Medan personellet var ute på isen, var det heile tida bevæpna isbjørnvakt for å ivareta tryggleiken.
Totalt observerte dei fire isbjørnar under toktet.
Gav ikkje opp
Dagen etter blei det igjen forsøkt med skredsøkar, men dette gav ikkje resultat. Løysinga vart å prøve å posisjonere toppunktet til forskingsriggen meir nøyaktig ved hjelp en akustisk sender rett under oppdriftskula.
Forskarar og mannskap danna eit team for å gjennomføre systematisk posisjonering for å finne toppunktet på riggen.
– Når ein peilar inn ein sendar som ligg fast i en posisjon, måler me gangtid for eit akustisk signal frå ulike posisjonar. Deretter triangulerer me oss fram til ein geografisk posisjon, fortel Hanne Sagen og legg til:
– I vårt tilfelle vil skipet og sendaren på riggen drifte saman med isen, og me vil få ulike geografiske posisjonar etter kvart som systemet flyttar på seg. Vi bestemte posisjonen til sendaren frå skipet ved bruk av AIS-bøyer og skipet sin GPS, som alle gav samtidige posisjonar.
Dei klarte til slutt å finne eit område utanfor skipsida til KV «Svalbard». Dette området måtte dei saumfare grundig for å finne toppen på kula.
Til slutt vart dei sikrare og sikrare på kor forskingsriggen kunne vere, og dei sendte ut ein dykkar for å sjå om ein kunne finne toppunktet under isen.
I vatn på fleire minusgrader hoppa den erfarne skipsdykkaren, skvadronsmester Andreas Soløy, under is-overflata. Det tok ikkje mange minutt før han kunne rapportere om ei stor gul kule, og eit døgn med usikkerheit og stor spenning var omme.
Den siste forskingsriggen vart omsider funnen. Ved hjelp av motorsag fjerna dei store isblokker, og toppunktet braut til slutt havoverflata.
Det gule flytelementet var eit sikkert tegn på at dei hadde funne riggen. Gleda var stor då dei kunne heise riggen om bord.
– Då me endeleg fekk beskjed på samband om at bøya var funnen, vart det full jubel på dekk. Over eit døgn med leiting og spenning var over, og me kunne endelig starte prosessen med å få alle instrumenta om bord på båten, fortel forskingsleiar Sagen.
Nøgd med oppdraget
Skipssjefen er stolt over besetninga og forskarane om bord på KV «Svalbard», og måten dei løyste oppdraget på.
– Mannskapet har jobba iherdig for å få opp forskingsriggane på ein trygg og effektiv måte. Dei menige om bord har saman med forskarar og befal vore avgjerande for at operasjonen skulle bli vellukka. Eg er svært stolt over innsatsen til besetninga på denne lange og krevjande turen i Beauforthavet. Dei leverer nok ein gong, fortel Leinebø.
Forskarane frå fleire nasjonar kan endeleg starte analysearbeidet av forskningsmaterialet.
Hanne Sagen ved Nansensenteret er særs nøgd med korleis Kystvakta takla dei krevjande forholda.
– Nok ein gong er eit særdeles vellykka forskingstokt blitt gjennomført med KV «Svalbard». Dette toktet baud på store utfordringar med tidkrevjande opphentingar av riggar i tett is, uvante straumar og mørke. Dette krev grundig planlegging på bru med omsyn til isdrift, vind og straum med påfølgande rydding av is.
Ufyselege vêrforhold
– Deretter fylgjer fleire timar på dekk, ofte under ufyselege vêrforhold. Eg og dei andre forskarane er imponerte over besetninga si evne til å løyse vanskelege operasjonar og den alltid like positive innstillinga deira, seier Sagen.
I år har elleve forskingsriggar med instrument til ein verdi på omkring 90 millionar kronar vorte henta opp for forskarar frå Noreg, USA, Polen, og Frankrike.
– Dette gjer KV «Svalbard» internasjonalt kjend – både kapasiteten deira, og evna til å løyse oppdrag i isdekka område i Arktis, seier Sagen.
Etter fleire vekers segling til andre sida av jordkloden for å bidra til viktig klimaforsking, gjenstår no berre turen heimover til Noreg. Heimreisa kjem til å gå i mykje is, noko som vil ta tid.
– Isen aukar for kvar dag som går. Når me skal inn i isen, fell farta. Og i og med at det vert mørkt, blir det meir utfordrande å navigere i isen. På veg heimover skal me følgje nøye med på kor sjøisen og landisen møter kvarandre. Det er der isen er svakast, og me kan gå med høgast fart.
Besetninga ser no fram til å igjen sette fot på norsk jord, etter å ha lagt bak seg over 6500 nautiske mil på havet.