200920_DF_1097

Tok lærlingtida i Forsvaret – angrar ikkje eit sekund

Kim og Jonas stortrivast i teneste på Kystvakta sitt nyaste fartøy.

Kim Jørgensen og Jonas Lunde valde å ta lærlingtida si i Forsvaret. Etter andre året på vidaregåande gikk dei begge inn i førstegongstenesta, og kombinerte verneplikta saman med utdanning. No, etter to år i Forsvaret angrar dei ikkje på valet dei tok som 17-åringar. For dei trivst godt på KV «Bison», eit av dei nyaste fartøya til Kystvakta.

– Å få ta lærlingtida i Forsvaret, og for vår del i Kystvakta, er ein super moglegheit. Ein får oppleve havet, fiskeriinspeksjonar og redningsaksjonar. Samstundes meiner eg du får eit betre utbytte av læretida her, kontra sivilt. Her fokuserer ein mykje meir på lærlingane, og ein får meir tid til dei og opplæringsdelen vår, fortel visekonstabel Jørgensen. 

Arbeidskameraten, Jonas Lunde, trekk fram det gode arbeidsmiljøet i Kystvakta.

– Eg føler ein får betre arbeidsmiljø her. Det er fleire som er jamaldra med deg sjølve. Er du lærling sivilt, er du ofte den yngste av alle saman. At mange er på same alder, er ganske greitt, med tanke på at du er her for å bli utdanna, seier Lunde.

To år som lærlingar

Lærlingtida varar i to år. Første året avtener du førstegongstenesta parallelt med fagutdanning. Andre året ligg fokuset primært på fagopplæring i lærefaget. 

– Første året var litt meir likt vanleg førstegongsteneste. Då var det bysseteneste om bord, gå vakter på bru og så vidare. No når me er andreårslærlingar, er me på ein måte ferdige med førstegongsteneste-biten. Me er meir lærling som i sivilt, og held mest på med maskinrelaterte ting, fortel Lunde. 

Dei to kameratane er motormannslærlingar. Det går ut på å assistera maskinistane med vedlikehald og daglege rutinar. 

Varierte dagar

Som motormann utfører ein grunnleggande mekanisk arbeid om bord. I tillegg lærar du å handtere naudsynt framdriftsmaskineri, hjelpemaskineri, utstyr og verktøy. Arbeidsdagane kan vera varierte.

– Dersom me ligg til kai, jobbar me frå 08 til 16, så har me fri etter det. Er me ute og seglar, derimot, går me 12 timar på. Då er arbeidstida 08–20. Dagen startar gjerne med ein kopp kaffi i maskinrommet, der me snakkar om dagen og kva som skal skje. Så går me motormannrunde der me sjekkar nivå på tankar, at det ikkje er lekkasjar og slikt. Så er det gjerne noko rutinearbeid, seier visekonstabel Lunde.

Jørgensen påpeiker at det ofte kan skje oppdukkande ting som dei må fikse.

– Det er ikkje slik at me berre går rundar, og så er me ferdige for dagen. Er det noko som er øydelagt, eller noko som må fiksast, gjer me sjølvsagt det. Me jobbar ganske lengje. I det siste no har me måla ganske mykje, så er det også ein del vasking og oppskvær (rydding og vasking av fartøy og lugarar).

200920_DF_1067.jpg

Skapar venskap for livet

Dei to motormennene som no har arbeidsdagen sin på eit av Kystvaktas nyaste fartøy, har tidlegare hatt lærlingtida på ulike fartøy. Der har det blitt skapt minne for livet.

– Eg starta på KV «Senja». Det var ei veldig fin oppleving. Det var mange meinige om bord, og fantastiske forhold der ein får venskap for livet. Så var me også på Svalbard og Bjørnøya der me bada nakne. Det er minne som kjem til å sitte i lengje, fortel Jørgensen. 

Visekonstabel Lunde trekk fram opplevinga med å ta eit fartøy ut av opplag som noko heilt spesielt:

– Heile opplevinga med å ta KV «Bison» ut av opplag etter å ha vore i Polen, har vore heilt spesielt. Det var mykje som måtte fiksast, og me jobba ofte 12–14 timar om dagen. Det var ganske slitsamt, men når eg ser tilbake på det no, var det ei ganske fin oppleving. Ein lærte utruleg mykje på kort tid.

Planlegg å fortsetje i Forsvaret

Dei to lærlingane planlegg nå å søkje seg inn på sivil fagskule, og ta to år der. Etter det er målet å komme tilbake til Forsvaret, der dei stortrivst.

– Eg skal fortsetje i Forsvaret. No blir det først sivil fagskule, så vil eg søkje meg tilbake i Kystvakta og fortsette karrieren, seier Jørgensen. 

For Lunde ser planen nokolunde lik ut:

– Eg vil gjerne jobbe i Forsvaret, men då må det vere Kystvakta. Eg trivst utruleg godt her, og det hadde vore veldig artig å komme tilbake her på KV «Bison». Så planen er nok den same som Kim: Gå sivil fagskule og så søkje meg tilbake til Kystvakta.

Anbefaler Forsvaret på det sterkaste

På spørsmål om dei anbefaler andre å ta læretida i Forsvaret, er det ikkje nokon tvil.

– Absolutt! Du får mange gode fordelar med å ta læretida i Forsvaret, meiner Jørgensen.

Lunde er einig, og seier at alle som vurderer det, bør ta læretida si i Sjøforsvaret:

– I Forsvaret får du oppleve sjukt mykje du ikkje hadde fått elles. Samstundes får du førstegongstenesta inn i læretida, så du sparer eitt år dersom du skal på skule etterpå. Du får lære mykje om førstehjelp og sjølvforsvar. Du får også bli med på fiskeriinspeksjonar, bli røykdykkar, arbeide med søk og redning – og så mykje anna.