
Trener taktikk og samhandling i Noregs mest trafikkerte kystområde
Når Sjøforsvaret øver kan det sjå rart ut på radaren. Orlogskaptein Ole Vatle-Dahl sin jobb er å sørge for at sjøtrafikksentralen har kontroll på dei militære fartøya.
Ute på Fedje ligg ein av Noregs fem sjøtrafikksentralar. Dei passar på området mellom Sture og Mongstad, og overvaker all skipstrafikk til og frå Bergen.
Fedje VTS gir klarering til alle fartøy som skal inn i området, og om det skjer noko tilkallar dei ressursar og informerer andre naudsynte instansar.
– Vi er eit myndigheitsorgan som driv med tre ting, det er informasjonsteneste, trafikkorganisering og navigasjonsassistanse, seier Tormod Vågå, sjef på Fedje VTS.
Dei siste vekene har 14 fartøy frå Noreg, Danmark, Frankrike, Canada, Tyskland og Nederland øvd på avanserte krigssenario både over og under vatn.
Segler i ulike verder
For å gjere jobben enklare har Sjøforsvaret stilt med ein liaisonoffiser under øvinga TG-21-1. Orlogskaptein Ole Vatle-Dahl er eit bindeledd mellom sjøtrafikksentralen og Sjøforsvaret, altså den sivile og den militære skipstrafikken i området.
– Det er ein gong slik at militære styrkar har behov for trening og øving i eigne og allierte nasjonars farvatn, ikkje berre på taktikk og krigføring, men også samhandling og sikkerheit opp mot sivil skipsfart, seier orlogskaptein Vatle-Dahl.
Vestlandskysten er det mest trafikkerte området i Noreg grunna næringslivet i området. Der handelsflåten har eit føreseieleg seglingsmønster fordi dei ofte skal frå A til B, er det noko heilt anna med marinefartøy.
Den kanadiske fregatten HMCS Halifax og den danske HDMS Hvidbjørnen i Bjørnafjorden. Foto: Fredrik Nydahl. HMCS Halifax har deltatt på øvelsen TG-21-1 utanfor Bergen. Foto: Daniel Fatnes. Inne på Fedje VTS følgjer vaktlaga med på både sivile og militære skip.
Mens handelsflåten spring 60 meter, så er marinefartøya ballidrettsutøvarar som driblar og fintar på trening og i kamp. Dei opererer i to forskjellige verder, men på same hav.
Eit bindeledd mellom sivilt og militært
Liaisonoffiseren har difor ei viktig oppgåve, han skal vere brubyggjar mellom den sivile og den militære verda. Han informerer Fedje VTS om den militære aktiviteten og sjøtrafikksentralen kan få svar på det dei måtte lure på. Slik unngår dei tvil og usikkerheit om kva som skjer ute på sjøen.
– Det å ha ein spydspiss inn mot det militære og vite kven ein skal ta kontakt med og kva som skal skje, det er veldig viktig, seier Vågå.
Sjøtrafikksentralsjefen seier dei har god erfaring med liaisonoffiserar frå Sjøforsvaret, sjølv om han ikkje kan sitte inne i bygget deira. Koronapandemien har sette ein stoppar for det, men ikkje for eit godt samarbeid.
– Ein må finne kreative, gode løysingar på sånt, og det har heile Noreg klart, så det klarar vi og, slår Vågå fast.