Dei fekk medaljar 8. mai

Fleire av Noregs høgast rangerte medaljar blei utdelte på frigjerings- og veterandagen. Sjå kven som fekk medaljar.

Til saman fekk 20 personar dekorasjonar under medaljeseremonien på Akershus festning fredag 8. mai 2015. Blant mottakarane var både veteranar frå den andre verdskrigen og frå internasjonale operasjonar. Les meir om mottakarane i lista i botnen av saka.​​

– Norske soldatar heime og i operasjonar utanlands har vore villige til å gå inn i krevjande og risikofylte oppdrag for å skape eit betre liv for andre menneske. Mange har òg vald å vie sine liv for Forsvarets sak også utanfor operasjonar, seier forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hanssen og legg til:

– Det er derfor ei ære for meg som forsvarssjef å få vise takksemd og audmjukskap ved å dekorere dei under ein høgtideleg og ærefull seremoni.

Fem statsrådmedaljar

Fredag 10. april vedtok Kongen i statsråd å dele ut St. Olavsmedaljen med eikegrein, Krigsmedaljen med stjerner og tre eksemplar av Krigsmedaljen under frigjerings- og veterandagen 8. mai. 

Hovudseremonien blei halden på Akershus festning, og han var open for alle. I forkant heldt mellom anna soldatar frå Hans Majestets Kongens Garde drilloppvisning.

Dei fem soldatane fekk utmerkinga for innsats i internasjonale operasjonar i Bosnia-Hercegovina og Afghanistan.

Heider for formidling

Fire veteranar frå den andre verdskrigen fekk Forsvarets heiderskross. Wilhelm Mohr, Joachim Rønneberg, Ragnar Ulstein og Wilhelm Molberg Nilssen har alle fått merksemd for sin innsats i kamp under verdskrigen. ​

Dei fekk Forsvarets heiderskross for den framifrå jobben dei har gjort for å formidle krigshistorie til forsvarspersonell og Noregs befolkning. Forsvarets heiderskross blei stifta 30. januar 2012, og første gong delt ut til Gunnar Sønst​eby same år.​

Elleve innsatsmedaljer

Totalt fekk fire soldatar Forsvarets innsatsmedalje med rosett, medan sju soldatar fekk Forsvarets innsatsmedalje. 

Tre av soldatane fekk medalje for hendingar i Afghanistan september 2010. Dei tre var ein del av Task Unit 4.2 i Provincial Reconstruction Team 15, og får sin medalje for mot og dugleik i svært krevjande stridssituasjonar. 

Sju soldatar fekk​ medaljar for hen​​dingar i februar​ 1994 i Bosnia-Hercegovina. Alle soldatane var ein del av transportlaget i det norske sanitetskompaniet til UNPROFOR-styrken. Dei gjorde mange viktige transportoppdrag under svært krevjande høve.​​ 

Her er mottakarane

  1. Som fenrik i april 1994 var Amund Berg nestkommanderande ved ein sanitetstropp i NORMEDCOY. Troppen blei plassert ut i byen Gorazde der sjukehuset nærast var utradert etter massive åtak. 32 pasientar var drepne, og overlevande låg spreidde i sjukehusruinane. ​​

    Sjefen til Amund Berg, Kåre Brændeland, gav ordre om evakuering av dei 287 pasientane, i tillegg til 21 pårørande. Dette medan sjukehuset framleis blei skoten mot. Berg og Brændeland leia sanitetsoperasjonen svært effektivt, og vågemotet deira redda mange sivile. Løytnant Amund Berg viste ei sinnsro og ein leiarskap som skapte tillit hos undergitt personell i ein kaotisk og farleg situasjon.​​​

  2. ​​Kommandørkaptein, dåverande orlogskaptein, Ronny Kristoffersen var offiser i Provincial Reconstruction Team 9 i Afghanistan. På ei nattevakt i juni 2007 skaut tre opprørarar Kristoffersen i armen. Kristoffersen svarte på elden og vann overtaket i situasjonen. Skotvekslinga vekte resten av patruljen som kom kjapt til, og Kristoffersen blei verande i stillinga etter skotvekslinga. Kommandørkaptein Ronny Kristoffersen synte leiarskap og personleg vågemot, og avdelinga hadde ingen tap takka vere snarrådigskapen til Kristoffersen.​

  3. ​Sersjant Halvor Hammerstad var nestlagførar i eit skarpskyttarlag i Provincial Reconstruction Team 15 i Afghanistan. I september 2010 skulle laget støtte ein alliert styrke som var isolert i eit trongt dalføre med opprørarar og miner langs innfartsårane. Sersjant Hammerstad leia ei skarpskyttargruppe som fekk i oppdrag å hjelpe den allierte styrken.​

    Styrken hadde køyrd seg fast i ei myr med to pansra køyretøy. Dei allierte hamna under eld og måtte søkje dekning. Sersjant Hammerstad såg at sikringa ikkje var nok, og tok kommandoen og gav ordrar til dei allierte om å svare på skytinga. Med framifrå leiarskap under krevjande tilhøve, leia sersjant Hammerstad ein kamp som førte til at fienden blei halden nede og til slutt overvunnen av allierte fly. Sersjant Halvor Hammerstad tok ansvar og viste leiarskap i strid. Den allierte styrken underordna seg dessutan kommandoane til Hammerstad.​

  4. Wilhelm Mohr får Forsvarets heiderskross for sitt framifrå virke og sin særleg fortenestfulle innsats for Forsvaret. Etter den andre verdskrigen har Mohr – via leiande stillingar i Luftforsvaret og Lufthavarikommisjonen – vore ein bauta og eit døme til etterfølging for generasjonar av både sivilt og militært personell. Med sin vilje til å formidle sin kunnskap har han sørgt for at uerstatteleg informasjon har blitt teken vare på.​​

  5. Joachim Rønneberg får Forsvarets heiderskross for sitt framifrå virke og sin særleg fortenestfulle innsats for Forsvaret. Rønneberg har gjennom sin innsats under den andre verdskrigen, og særleg Vemork-aksjonen, sørgt for at ei heil verd har fått kunnskap om motstandskampen i Noreg under den andre verdskrigen. Då han mange år seinare fortalde om hendingar «på hans vakt», trollbatt han publikum med si audmjuke og nøkterne framstilling av eigen innsats.

  6. ​​​Ragnar Ulstein får Forsvarets heiderskross for sitt engasjement og si framifrå formidling av kjende og ukjende aktørar under den andre verdskrigen. Ulsteins litteratur og foredrag har gitt samtid og ettertid uerstatteleg kjennskap til heltar som elles kunne ha blitt gløymd. Publikasjonane hans om krigsåra og den norske motstandskampen blir sett på som svært solide.

  7. ​​​Wilhelm Molberg Nilssen har etter sin innsats som distriktssjef i Milorg under den andre verdskrigen vore ei kjelde til inspirasjon og motivasjon – både i det sivile samfunnet og i Forsvaret. Nilssen får Forsvarets heiderskross for sin framifrå innsats for å formidle motstandskampen, og for å formidle kor viktig det er å kjempe for vårt demokrati og vår fridom.​

  8. ​Major Terje Bruøygard, i dag oberstløytnant, var sjef for «Task Unit 4.2» i Provincial Reconstruction Team 15 i Afghanistan. I september 2010 skulle eininga til Bruøygard støtte ein alliert styrke som var isolert i eit trongt dalføre med opprørarar og miner langs innfartsårane. Ein framskoten del av den norske avdelinga hamnar i stridkontakt, og resten av avdelinga får melding om at ein av kollegaene er treft. Bruøygard ber om at vegen skal klarerast før resten av avdelinga kan ta seg vidare og kome sine kollegaer til unnsetning. Under klareringa finn dei ei vegbombe på 18 kilo. Terje Bruøygards evne til å halde roa og tenkje klart reddar i denne situasjonen fleire norske liv.​

  9. Løytnant Torbjørn Ekle var lagførar for eit skarpskyttarlag i Provincial Reconstruction Team 15 i Afghanistan. I september 2010 var Ekle ein del av ein større operasjon som skulle hindre opprørarar i å sabotere valet i Afghanistan. Saman med sin makker, Sofian Fouad, gjorde Ekle ein oppklaringspatrulje til fots etter indikasjonar om eit nært komande angrep. Dei to hamnar under kraftig eld av ein fiendtleg styrke på om lag ti personar. I løpet av kontakten, som varte mindre enn ti minuttar, klarte dei to å få overtaket eldmessig. Ekles profesjonalitet, mot og personleg dugleik gjorde at avdelinga klarte å hindre eit åtak og kome på offensiven i ein situasjon som var svært ugunstig.

  10. ​Grenader Sofian Fouad var patruljemann i Provincial Reconstruction Team 15 i Afghanistan. I september 2010 var Fouad ein del av ein større operasjon som skulle hindre opprørarar i å sabotere valet i Afghanistan. Saman med sin makker, løytnant Torbjørn Ekle, gjennomførte Fouad ein oppklaringspatrulje til fots etter indikasjonar om eit nært komande angrep. Dei to hamnar under kraftig eld av ein fiendtleg styrke på om lag ti personar. I løpet av kontakten, som varte mindre enn ti minuttar, klarte dei to å få overtaket eldmessig. Fouads profesjonalitet, mot og personleg dugleik gjorde at avdelinga klarte å hindre eit åtak og kome på offensiven i ein situasjon som var svært ugunstig.​

  11. ​​​Frode Dieter Ursin får medaljen for sin innsats under hendingar i februar 1994 i Bosnia-Hercegovina. Ursin var kaptein og tenestegjorde som transportoffiser i det norske sanitetskompaniet i UNPROFOR-styrken. I februar 1994 blei transportlaget ved fleire høve skoten på og angripen med handgranatar. I tillegg måtte dei manøvrere sine upansra kjøretøy rundt stridsvognminer under kritiske transportoppdrag. Ursins innsats i denne perioden er langt over kva ein kan forvente, og han leia sine soldatar på ein mønsterverdig måte.​

  12. ​​Øyvind Wesley Hansen får medaljen for sin innsats under hendingar i februar 1994 i Bosnia-Hercegovina. Hansen tenestegjorde som vognførar i det norske sanitetskompaniet i UNPROFOR-styrken. I februar​ 1994 blei transportlaget ved fleire høve skoten på og angripen med handgranatar. I tillegg måtte dei manøvrere sine upansra kjøretøy rundt stridsvognminer under kritiske transportoppdrag. Under desse hendingane synte Hansen klokskap, mot, tolmod og ferdigheiter langt utover det ein forventar ​av ein vognførar ved eit feltsjukehus.​

  13. ​Lars Utheim får medaljen for sin innsats under hendingar i februar 1994 i Bosnia-Hercegovina. Utheim tenestegjorde som vognførar i det norske sanitetskompaniet i UNPROFOR-styrken. I februar​ 1994 blei transportlaget ved fleire høve skoten på og angripen med handgranatar. I tillegg måtte dei manøvrere sine upansra kjøretøy rundt stridsvognminer under kritiske transportoppdrag. Under desse hendingane synte Utheim klokskap, mot, tolmod og ferdigheiter langt utover det ein forventar av ein vognførar ved eit feltsjukehus.​

  14. ​​Asgeir Seljen får medaljen for sin innsats under hendingar i februar 1994 i Bosnia-Hercegovina. Seljen tenestegjorde som vognførar i det norske sanitetskompaniet i UNPROFOR-styrken. I februar​ 1994 blei transportlaget ved fleire høve skoten på og angripen med handgranatar. I tillegg måtte dei manøvrere sine upansra kjøretøy rundt stridsvognminer under kritiske transportoppdrag. Under desse hendingane synte Seljen klokskap, mot, tolmod og ferdigheiter langt utover det ein forventar ​av ein vognførar ved eit feltsjukehus.

  15. ​​Knut Bjørsland får medaljen for sin innsats under hendingar i februar 1994 i Bosnia-Hercegovina. Bjørsland tenestegjorde som vognførar i det norske sanitetskompaniet i UNPROFOR-styrken. I februar​ 1994 blei transportlaget ved fleire høve skoten på og angripen med handgranatar. I tillegg måtte dei manøvrere sine upansra kjøretøy rundt stridsvognminer under kritiske transportoppdrag. Under desse hendingane synte Bjørsland klokskap, mot, tolmod og ferdigheiter langt utover det ein forventar ​av ein vognførar ved eit feltsjukehus.​

  16. ​​Geir Stenshagen får medaljen for sin innsats under hendingar i februar 1994 i Bosnia-Hercegovina. Stenshagen tenestegjorde som vognførar i det norske sanitetskompaniet i UNPROFOR-styrken. I februar​ 1994 blei transportlaget ved fleire høve skoten på og angripen med handgranatar. I tillegg måtte dei manøvrere sine upansra kjøretøy rundt stridsvognminer under kritiske transportoppdrag. Under desse hendingane synte Stenshagen klokskap, mot, tolmod og ferdigheiter langt utover det ein forventar av ein vognførar ved eit feltsjukehus.

  17. ​​Jan Otto Halvorsen får medaljen for sin innsats under hendingar i februar 1994 i Bosnia-Hercegovina. Halvorsen tenestegjorde som vognførar i det norske sanitetskompaniet i UNPROFOR-styrken. I februar​ 1994 blei transportlaget ved fleire høve skoten på og angripen med handgranatar. I tillegg måtte dei manøvrere sine upansra kjøretøy rundt stridsvognminer under kritiske transportoppdrag. Under desse hendingane synte Halvorsen klokskap, mot, tolmod og ferdigheiter langt utover det ein forventar av ein vognførar ved eit feltsjukehus.​

  18. Tore Austheim får medaljen for sin innsats under hendingar i februar 1994 i Bosnia-Hercegovina. Austheim tenestegjorde som vognførar i det norske sanitetskompaniet i UNPROFOR-styrken. I februar​ 1994 blei transportlaget ved fleire høve skoten på og angripen med handgranatar. I tillegg måtte dei manøvrere sine upansra kjøretøy rundt stridsvognminer under kritiske transportoppdrag. Under desse hendingane synte Austheim klokskap, mot, tolmod og ferdigheiter langt utover det ein forventar av ein vognførar ved eit feltsjukehus.​

  19. ​I tillegg til dei 18 ovanfor, får to soldatar medaljar for sine innsatsar i Afghanistan. Identiteten til dei to haldast hemmeleg av tryggingsårsakar. Soldatane får sine medaljar under ei skjerma overrekking. Den eine får Krigsmedaljen med stjerne (motsvarar to Krigsmedaljar). Den andre soldaten får Krigsmedaljen.​